Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Ulstein kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-06-17-1002
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse17.06.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forUlstein kommune, Møre og Romsdal
HjemmelFOR-2004-06-01-931-§12-6, LOV-1981-03-13-6-§9
Kunngjort01.07.2010   kl. 16.40
KorttittelForskrift om utslepp av avløpsvatn, Ulstein

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Ulstein kommunestyre 17. juni 2010 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 12-6, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9.

§ 1.Verkeområde

Forskrifta gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn for bustader, fritidsbustader, turistverksemder og liknande, mindre enn 50 personekvivalentar (pe) i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. For utslepp av gråvatn, gjeld denne forskrifta berre dersom det er innlagt vatn, jf. forureiningsforskrifta § 12-1.

Krav i denne forskrifta erstattar krava § 12-7 – § 12-13 i forureiningsforskrifta.

Avløp frå bustader, turistverksemder og liknande i område med utbygd offentleg leidningsnett skal som hovudregel koplast til offentleg nett og vert dermed ikkje omfatta av denne forskrifta, jf. plan- og bygningslova § 66 nr. 2 samt forureiningslova § 23.

Det vert elles vist til vedlagt oversiktskart for dei sårbare sjøresipientane, datert 22. mars 2010, målestokk 1:30 000.

§ 2.Definisjonar
-Med sanitært avløpsvatn er meint avløpsvatn som i hovudsak kjem frå stoffskifte til menneske og frå hushaldningsaktivitet, mellom anna avløpsvatn frå vassklosett, kjøken, bad, vaskerom eller liknande.
-Med gråvatn er meint avløpsvatn frå vask og dusj.
-Med svartvatn er meint avløpsvatn frå vassklosett/vakuumtoalett.
-Med resipient er meint vassførekomst som mottek forureining frå avløpsanlegg. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for alle andre typar anlegg er overflatevatn (sjø, brakkvatn, innsjø, elv eller bekk).
-Med områdeplan er meint plan for vassforsyning og avløp for eit avgrensa område.
-Med verksemder er meint bustadhus, fritidsbustader, turistverksemder og liknande.
-Med innlagt vatn er meint vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande, og som med røyr eller leidning er ført innandørs.
-Med ein personekvivalent (pe) er meint den mengde organisk stoff som vert broten ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn (BOF5 ) på 60 gram oksygen per døgn, jf. NS-9426. 1 pe svarar til utslepp frå 1 person. Tal pe vert rekna som største mengde per veke til reinseanlegg eller utsleppspunkt i løpet av året, og vert rekna etter NS-9426 «Bestemmelse av personekvivalenter, pe, til bruk i
-Med tot-P er meint total fosfor. Analysemetoden skal følgje NS-EN-ISO-6878.
-Med suspendert stoff (SS) er meint stoff som er finfordelt, og som uoppløyseleg fast stoff i ei væske.
-Med BOF5 er meint eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn. Dette er eit mål på innhald av organisk stoff i vatn. Analysemetoden skal følgje NS-EN-1899-1 eller NS-EN-1899-2.
-E-Coli (Escherichia) er eit mål på om det er ferske tarmbakteriar i vatnet, frå dyr eller menneske.
-Med hydrogeologisk kompetanse er meint kompetanse om grunnvatn og reinsing av avløpsvatn i infiltrasjonsanlegg. Ein må ha tilstrekkeleg kunnskap innanfor fagområda geologi, hydrogeologi og vasskjemi, til å kunne vurdere sentrale parametrar som: infiltrasjonskapasitet, hydraulisk kapasitet og reinsemedium.
-Med sårbar sjøresipient er meint sjøområde med dårleg utskifting av vatn og/eller dårleg miljøtilstand.
-Med god sjøresipient er meint sjøområde med djup straumførande sjø.
-Med ferskvassresipient er meint alle innsjøar, elvar, bekker og veitar.
-Med utsleppspunkt er meint endepunkt for tett utløpsleidning frå reinsearrangement, dvs. der avløpet blir tilført resipienten. I denne forskrifta er det utsleppspunktet til avløpsanlegget som fastset kva for eit geografisk område anlegget tilhøyrer og som dermed fastset kva for reinsekrav som gjeld.
-Med den ansvarlege er meint den som er ansvarleg for verksemda, jf. forureiningslova § 7.
§ 3.Gebyr for sakshandsaming og kontroll

Gebyr for sakshandsaming og kontroll skal gjennom eige gebyrregulativ for søknad om utslepp av mindre avløpsanlegg fastsettast og godkjennast av Ulstein kommunestyre.

§ 4.Krav til planlegging og søknad

Verksemder som prosjekterer skal kunne godkjennast i aktuelle godkjenningsområde etter plan- og bygningslova. Den som utfører grunnundersøking eller prosjektering av infiltrasjonsanlegg skal ha hydrogeologisk kompetanse.

I tettbygde område skal ein sjå avløpsløysingane i samanheng. Kommunen avgjer i kva område dette gjeld og kva krav til områdeplanlegging som gjeld.

Søkjar skal henta inn opplysningar om tilstanden for drikkevasskjelder, rekreasjon og næringsverksemd som kan tenkast å bli omfatta av utsleppet.

Ved anlegg på annanmanns grunn skal eigar av anlegget innhente skriftleg fråsegn frå grunneigar om løyve til dette. Dette gjeld både for leidningsanlegg og reinseanlegg. Kopi av fråsegn skal liggje ved søknaden. Kommunen kan i enkelte saker krevje at fråsegna skal tinglysast.

Ved privat fellesanlegg skal dei som er tilknytt avløpsanlegget inngå avtale om solidarisk drifts- og vedlikehaldsplikt. Avtalen skal sendast til kommunen seinast ved førespurnad om mellombels bruksløyve/ferdigattest.

Søkjar må leggje fram tilkomst- og tømeløysing som kommunen skal godkjenne etter gjeldande reglar og avtalar.

§ 5.Utslepp til sårbare sjøresipientar

Gjeld for følgjande resipientar:

A.Garsholhølen
B.Botnavika/Vedøydjupet
C.Garnesvika
D.Haddalvika
E.Småsunda (Selvågholmen–Havågneset).

Det vert vist til eige oversiktskart, datert 22. mars 2010, der desse sjøområda er avmerka.

Utslepp til Lyngnesvika må i kvar sak vurderast enkeltvis då denne resipienten kan verte aktuelt å sjå på som sårbar.

Anlegga skal oppfylle følgjande utsleppskonsentrasjonar og reinsegrad rekna som årleg middelverdi av det som er tilført reinseanlegget:

ParameterUtsleppskonsentrasjonReinsegrad
Tot-P< 2,0 mg/l> 60 %
BOF5< 25 mg/l> 70 %

Det er ikkje sett opp måleverdiar for E-coli. Desse måleresultata vert berre nytta som indikator.

§ 6.Utslepp til god sjøresipient

Gode sjøresipientar er vurdert til å vere all sjøresipient med unntak av resipientane nemnd i § 5.

Anlegga skal oppfylle følgjande utsleppskonsentrasjonar og reinsegrad rekna som årleg middelverdi av det som er tilført reinseanlegget:

ParameterUtsleppskonsentrasjonReinsegrad
SS< 180 mg/l> 20 %

Dersom det berre vert slept ut gråvatn til god sjøresipient, kan gråvatnet sleppast ut ureinsa til resipienten.

§ 7.Utslepp til ferskvatn

Gjeld følgjande område:

A.Haddalelva med tilhøyrande nedbørfelt
B.Ulsteinelva med tilhøyrande nedbørfelt
C.Naturlege innsjøar og vatn.

Desse resipientane vert vurdert til å ha ein årleg sikker vassføring.

Anlegga skal oppfylle følgjande utsleppskonsentrasjonar og reinsegrad rekna som årleg middelverdi av det som er tilført reinseanlegget: 

ParameterUtsleppskonsentrasjonReinsegrad
Tot-P< 1,0 mg/l> 90 %
BOF5< 20 mg/l> 90 %

Det er ikkje sett opp måleverdiar for E-coli. Desse måleresultata vert berre nytta som indikator.

§ 8.Forbod

Det er eit generelt forbod mot nye utslepp av avløpsvatn til følgjande område:

A.I nedbørfelt til drikkevatn
B.Aursnesvatnet
C.Garnesvatnet (ved Garnes)
D.Alle elvar og vassdrag som ikkje er nemnd i § 7. 
§ 9.Oppmalt matavfall (avfallskvern)

Det er forbod mot å montere avfallskvern til røyropplegg som er tilknytt avløpsanlegg.

§ 10.Godkjende reinseløysingar
§ 10-1.Fritidsbustader

Godkjende reinseløysingar for utslepp av grå- og svartvatn:

Som for heilårsbustader jf. § 10-3.

For fritidsbustader utan vassklosett skal ein nytta biologisk klosett. Biologiske klosett skal tilfredsstilla kriteria for Nordisk miljømerking for avløpsfrie klosett og vere merka med Svanemerket.

§ 10-2.Driftsbygningar

Det er forbod mot å føre avløp frå vassklosett i driftsbygning til lager for husdyrgjødsel. Avløp frå driftsbygningar skal etablerast i samsvar med § 10-3.

§ 10-3.Heilårsbustader, bustader i sporadisk bruk, og andre bygningar

Der tilhøva ligg til rette for det, skal ein nytte følgjande reinseløysingar: 

Sårbar sjøresipient

Utslepp til sårbar sjøresipient i § 5 skal ein reinse i prefabrikkert reinseanlegg før utslepp via tett leidning til godkjend djupne i sjø. 

God sjøresipient

Utslepp til gode sjøresipientar i § 6 skal reinsast med prefabrikkert slamavskiljar og skal ha dokumentasjon som tilfredsstille NS-EN-12566-1 «Små avløpsanlegg for inntil 50 PE – del 1: Prefabrikkerte slamavskillere». Slamavskiljarar for enkeltbustader skal minimum ha følgjande minstekrav til våtvolum og tal kamre:

TypeTotalt våtvolum (m³ )1. kammer2. kammer3. kammer
Bustadeining med klosettavløp4,03,00,50,5
Bustadeining utan klosettavløp2,01,50,5
Fritidsbustad med klosettavløp2,01,50,5
Fritidsbustad utan klosettavløp1,00,70,3

For ytterlegare detaljar, samt våtvolum for slamavskiljarar for fleire einingar, vert det vist til VA/Miljøblad nr. 48/2001.

Slamavskiljar skal plasserast og utformast slik at tømming av alle kammer er mogleg. Tømeløysing og tilkomst skal godkjennast av kommunen.

Slamavskiljarar skal tømmast heilt for slam etter behov, men ikkje sjeldnare enn kvart andre år. Ved ei dobling av volumet på slamavskiljar tilknytt fritidsbustad kan tømefrekvensen endrast til å gjelde kvart 4. år. 

Ferskvatn

Utslepp til ferskvatn i § 7 skal ein reinse i prefabrikkert reinseanlegg før utslepp via tett leidning til vassdrag eller godkjent etterpoleringsanlegg.

Med godkjend etterpoleringsanlegg er meint:

-grunn infiltrasjon med overløp til resipient.
-kum med lecakuler, eller
-landbruksdrenering.

Dersom det er mogleg bør grunn infiltrasjon med overløp til vassdrag bli nytta.

For å hindre ukontrollert slamflukt frå reinseanlegg, skal ein nytta ein 2-kamra 2 m³ slamavskiljar før utslepp via inspeksjonskum til etterpoleringsanlegg. Dette gjeld ikkje for kum med lecakuler. Ved bruk av landbruksdrenering skal anlegget vere intakt og lukka fram til vassdrag, og ha kapasitet til å ta imot tilført avløpsvatn. 

Krav til prefabrikkerte reinseanlegg

Prefabrikkert reinseanlegg skal ha dokumentasjon på at krav til reinseeffekt i denne forskrifta vert tilfredsstilt, og skal tilfredsstille NS-EN-12566-3: «Små avløpsanlegg for inntil 50 personekvivalenter (PT) – del 3: Prefabrikkert og/eller montert på stedet». 

Svart vatn

I område med reinsekrav etter § 5 og § 7 kan tett tank for svart vatn godkjennast i kombinasjon med godkjend reinseløysing for gråvatn. Det skal vere alarm for høg vasstand. Det skal vere køyrbar tilkomst til tanken for tømebil heile året. Tankvolum skal vere minimum 6 m³ for heilårsbustader og 3 m³ for fritidsbustader. 

Gråvatn

I område med reinsekrav etter § 5 og § 7 kan i tillegg følgjande reinseløysingar tillatast dersom tilhøva ligg til rette for det:

-Biologisk filter. Godkjenninga gjeld berre for gråvatn. Dette vert å utføre i tråd med VA/Miljøblad nr. 60.
-For gråvatn kan ein nytte prefabrikkert filterposekum i staden for slamavskiljar. Type filterposekum skal godkjennast av kommunen.
§ 10-4.Nye avløpsløysingar

Ved lansering av nye produkt på marknaden, kan kommunen vurdere å gje løyve til løysingar som ikkje er omtalt i § 10-1 til § 10-3. I slike tilfelle må søkjer leggje fram dokumentasjon på anleggets reinseløysing og funksjon. Eigar må også utarbeide eit oppfølgingsprogram, som blant anna omfattar prøvetaking, med påfølgjande rapportering til kommunen.

§ 11.Utsleppsstad

Ved val av utsleppsstad skal ein leggje vekt på resipientens kapasitet, økologi og brukarinteresser.

Elvar og bekker som tek i mot reinsa avløpsvatn, skal ha årssikker vassføring. Med dette meiner ein vassføring som ved middeltemperatur over frysepunktet ikkje tørker ut av naturlige årsaker oftare enn kvart tiande år i gjennomsnitt. (Jf. lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvatn (vassressurslova) § 3.)

Ved utslepp til innsjø, tjern eller dam, skal utløpet vere neddykka til ei kvar tid.

Ved utslepp til sjø skal utsleppet skje via eksisterande eller ny tett leidning til 2 meters djupne, rekna etter lågaste vasstand (fjøre sjø). Leidningen skal vere neddykka og forankra i heile si lengd på ein slik måte at den ikkje flyt opp eller endrar leie.

Lodd skal vere av betong og ha avrunda form og innfelte boltar, slik at dei ikkje skader eller fester fiskereiskap.

Eigar må søkje om løyve til utlegging av leidning etter hamne- og farvasslova.

§ 12.Krav til utføring

Verksemder som byggjer avløpsanlegg skal vere godkjent i det aktuelle godkjenningsområdet etter plan- og bygningslova. For utslepp etter § 5 eller § 6 skal dei som utfører arbeid på staden ha minimum tilsvarande tidlegare ADK1-kurs, eventuelt ADKS-kurs og 2-dagars kurs om bygging av mindre avløpsreinseanlegg arrangert av Teknologisk institutt, eller liknande.

For alle anlegg etter § 5 eller § 7 skal det vere mogleg med prøvetaking på innløp. Alle anlegg etter § 5 eller § 7, bortsett frå infiltrasjonsanlegg, skal ha kum for prøvetaking av utløpet.

Plassering av reinseanlegg, samt leidningsanlegg med kummar, knekkpunkt og utsleppspunkt skal vere dokumentert med koordinatfesta kart, og skal sendast kommunen seinast ved førespurnad om mellombels bruksløyve/ferdigattest. Krav til målenøyaktigheit er +/- 0,5 meter. Krav til format for innmålingsdata vert fastsett av kommunen.

§ 13.Krav til drift og vedlikehald

Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget vert drive og vedlikehalde slik at dei oppfyller krava i denne forskrifta, samt at anlegget ikkje vert påført skade.

§ 14.Lukt

Avløpsanlegget skal dimensjonerast, byggjast, drivast og vedlikehaldast på ein slik måte at omgivnaden ikkje vert utsett for sjenerande lukt.

§ 15.Kontroll

Kommunen eller den som kommunen gjev mynde, har rett til å foreta tilsynsbesøk til anlegga og kan ta utløpsprøver for kontroll av at reinsekrava vert overhaldne.

For dei einskilde anleggstypane gjeld:

-Prefabrikkerte reinseanlegg og biologisk filter. Skal ha serviceavtale med reinseanleggleverandør eller annen fagkyndig verksemd. Som ein del av serviceavtalen skal anlegget ha årleg tilsyn av leverandør eller annan fagkyndig verksemd. På tilsynet skal det takast representativ utløpsprøve. Denne skal analyserast for tot-P og BOF5 . Der det er sett krav til reinsing av bakteriar, skal det også takast prøve som skal analyserast for E-coli. Filtermassen tilhøyrande biologisk filter skal skiftast ut når prøveresultata ikkje stettar fosforkrava.
-Slamavskiljar og tette tankar. Slam frå slamavskiljar og tette tankar skal tømmast av den renovatøren som Ulstein kommune til ein kvar tid har avtale med. Alle slamavskiljarar og tette tankar skal sjekkast av slamtømmar ved kvar tømming.

Prøver skal analyserast av laboratorium som er akkreditert for dei aktuelle analysane. Analysemetodar nemnd i denne forskrift § 2 skal nyttast. Eigar(ar) skal koste analyser.

Dei som utfører tilsyn med prefabrikkert reinseanlegg skal innan 1. mars påfølgjande år sende inn årsrapport til kommunen. Årsrapporten skal minimum innehalde følgjande:

-Kort forklaring om anlegget.
-Omtale av driftstilhøva førre år, med spesiell vekt på eventuelle driftsproblem.
-Resultat frå vassanalysar.
§ 16.Eldre utslepp

Løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn gjeve i medhald av forureiningslova og tilhøyrande forskrifter før 1. januar 2007 er framleis gjeldande.

Utslepp etablert før 1. januar 2007 og som det på tidspunktet for etablering ikkje var naudsynt med løyve for etter den tids gjeldande regelverk (i praksis: anlegg etablert før 1972), er ulovlege frå 1. januar 2010, jf. § 12-16 i forureiningsforskrifta. Utsleppa kan likevel halda fram inntil enkeltvedtak om opprydding er fastsett.

§ 17.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft straks.

Vedlegg: Oversiktskart, Sårbare sjøresipientar, datert 22. mars 2010, målestokk 1:30 000 

lf-20100617-1002-01-01.gif