Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Skodje kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-09-22-1858
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkodje kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort13.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Skodje

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Skodje kommunestyre 22. september 2010 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) del 4A.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forureiningsforskrifta Del 4A. Kommunale vann- og avløpsgebyrer
3.Forskrift 22. september 2010 nr. 1858 om vass- og avløpsgebyr, Skodje kommune, Møre og Romsdal (dette dokumentet)
4.Andre dokument:
-Føresegner for installasjon og bruk av vassmålar (Vedlegg 1)
-Gebyrregulativ
-Normalreglement for sanitæranlegg.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar
-Abonnent:
-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.

-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avløpsleidning.
-Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avløpstenester.

-Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940.

-Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd.

-Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester.

-Eining:

Verksemd eller leilighet i kombinerte eller reine leilighets-/næringsbygg.

-Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning.

-Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert).

-Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte. Likt som fritidsbustad/hytte reknast heilårsbustad som berre har innlagt vatn via sommarvassleidning.

-Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

-Næringsverksemd:

Forretningsverksemd.

-Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylke eller kommune.

-Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.

-Tenestedeklarasjon:

Eit dokument som gjer greie for rettane og pliktene til abonnentane og kommunen, kva som skjer når desse ikkje blir etterlevd og kva for høve til å klage som finst.

-Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avløpstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avløpstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegangsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett.

Eingongsgebyret skal som utgangspunkt vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong. Kommunen kan likevel fastsette lågare tilknytingsgebyr for eigedomar der det er betalt refusjon eller annan form for opparbeidingskostnader for tekniske anlegg og som er utført etter planer godkjent av kommunen.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det blir ekstra høge eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester betalast av alle abonnentar. Årsgebyret er delt i abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori. Alle abonnentar i ein brukarkategori betaler ein like stor fast sum, som går fram av Gebyrregulativet.

-Abonnementsgebyr for næring

Betalast av næringseigedomar, offentlege verksemder og landbrukseigedomar.

-Abonnementsgebyr for bustad

Betalast av einebustader med høgst ein utleigeleilighet/verksemd.

-Abonnementsgebyr for fritidsbustad

Betalast av bustad regulert/godkjend som fritidsbustad/hytte.

-Abonnementsgebyr for eining

Betalast av kvar verksemd eller leilighet i kombinerte eller reine leilighetsbygg/næringsbygg. 

Forbruksgebyr

Abonnentane betaler etter faktisk (målt) eller stipulert vassforbruk og pris per m³ .

Faktisk forbruk registrerast med vassmålar.

Næringseigedomar og offentlege verksemder skal betale etter faktisk (målt) forbruk.

Stipulert forbruk utreknast som spesifikt forbruk 0,7 m³ /m² multiplisert med bruksareal BRA [ m² ] etter NS-3940 og fastsetjast i følgjande trinn:

Areal BRA [ m² ] Stipulert forbruk [ m³ ]
0 – 10070
101 – 15087,5
151 – 200122,5
201 – 300175
301 – 400245
401 – 500315
osv.

For fritidsbustad/hytte avkortast stipulert forbruk i høve til forventa brukstid som definert i Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå faktisk (målt) forbruk.

§ 7.Vassmålar

For installasjon og bruk av vassmålar gjeld føresegnene i vedlegg 1.

Ansvar og kostnader for innkjøp, installasjon, drift, vedlikehald og avlesing mv. ligg til abonnenten.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp bli basert på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavløp og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av Tenestedeklarasjonen i kommunen.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring. Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. I Generelle føresegner.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avløpsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureiningslova § 7. Etter forureiningslova § 73 kan ein gje forureiningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureiningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein tidfest frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, fastsetjast årsforbruket.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og kan bli fordelt over fleire terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over fleire terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à kontobeløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphører abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

§ 12.Restriksjonar på vassleveranse mv.

Restriksjonar på vassforbruk eller kortare avbrot i vassleveranse eller mottak av avløp gjev ikkje grunnlag for reduksjon i avgiftene.

III. Avsluttande føresegner

§ 13.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 14.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av kommunestyret eller den det gjev mynde.

§ 15.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV–VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyras storleik er forskrift og vedtas av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 16.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2011. Frå same dato vert føresegner for kommunale vass- og kloakkavgifter i Skodje, vedteke av Skodje kommunestyre i sak 94/0056 oppheva. 

Vedlegg 1. Føresegner for installasjon og bruk av vassmålar 

1. Innkjøp og installasjon
1.1 Abonnenten kostar innkjøp av målar. Målaren vert abonnenten sin eigedom. Kommunen avgjer type, plassering og storleik på måleren. Kommunen avgjer om eldre installasjonar, før vedtak av desse føresegnene, kan nyttast vidare.
1.2 Abonnenten kostar installasjon av målar. Installasjon skal utførast av godkjend rørleggjar i samsvar med gjeldande reglement. Etter montasje skal godkjent rørleggjar plombere målar og melde tidspunkt for installasjon til kommunen.
1.3 Kvar eigedom skal normalt ha berre ei tilknytting. I andre høve installerast ein målar på kvar tilknytting. Eventuelle interne målarar vedkjem ikkje kommunen.
1.4 Forbruksmåling skal ikkje nyttast når målar ikkje kan plasserast frostsikkert. I slike høve skal gebyr fastleggjast etter regler for stipulert forbruk. 
2. Avlesning
2.1 Abonnenten har ansvaret for årleg avlesing og innmelding av målarstand innan frist fastsatt av kommunen.
2.2 Dersom avlesing og innmelding av målarstand ikkje er utført innan fastsatt frist, kan kommunen stipulere årsforbruket eller lese av målarstand. I siste høve svarer abonnenten avlesingsgebyr som fastsatt i gebyrregulativet. 
3. Kontroll
3.1 Kommunen skal til ei kvar tid ha rett til inspeksjon og kontroll av målaren. Målaren skal haldast lett tilgjengeleg for avlesing og revisjon/utskifting.
3.2 Kontroll av vassmålar kan krevjast av abonnent eller kommune. Kommunen skal godkjenne utførande for kontrollen. Viser kontrollen eit avvik på over 5 % skal målaren justerast eller utskiftast for abonnentens rekning. I motsett fall og dersom kommunen har kravd kontrollen, skal kommunen dekkje kostnaden.
3.3 Dersom feilmålte mengder ikkje kan utreknast tilstrekkeleg nøyaktig, skal avgifta for den perioden det er tvil om justerast etter gjennomsnittet av næraste avlesningsperiodar før og/eller etter perioden med usikker måling. 
4. Diverse
4.1 Installert målar skal ikkje fjernast utan samtykke frå kommunen.
4.2 Plombert målar skal berre åpnast av kommunalt personell eller under oppsyn av kommunalt personell. Er ei plombe brutt, settjast vassforbruket for aktuelle termin til 4 gonger antatt forbruk.
4.3 For installasjon og bruk av vassmålar gjeld kommunens øvrige tekniske reglement.