Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-10-04-1320
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse04.10.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9
Kunngjort07.10.2010   kl. 15.00
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyre 4. oktober 2010 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrift meinast med:

a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forureiningstilsyn eller Fylkesmannen eller er lovleg etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

All open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av § 5 i denne forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere lovleg:

a)open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
b)brenning av avfallsvirke, med unntak av impregnert og måla trevirke
c)brenning av avispapir og liknande
d)bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk, eller der det ikkje er til sjenanse for andre
e)jonsokbål/olsokbål.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Rådmannen fører tilsyn med at reglane i denne forskrift vert følgde.

§ 8.Klage

Vedtak gjort av rådmannen i medhald av denne forskrift kan påklagast til formannskapet.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetting

Denne forskrift trer i kraft frå vedtaksdato, 4. oktober 2010.