Forskrift om vass- og avløpsavgifter, Hå kommune, Rogaland

DatoFOR-2010-10-28-1489
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forHå kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort02.12.2010   kl. 15.25
KorttittelForskrift om VA-avgifter, Hå

Heimel: Fastsett av Hå kommunestyre 28. oktober 2010 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 16. 

1.0 Generelle føresegner

For eigedomar som er eller kan verta knytt til kommunen sitt vass- og avløpsnett, skal det betalast avgift. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lovverk og forskrifter samt av lokale reglement. Dei viktigaste regelverk/føresegner er lista opp nedanfor:

-Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
-Lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).
-Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann (vannressursloven).
-Forskrift 4. desember 2001 nr. 1372 om vannforsyning og drikkevann (Drikkevannsforskriften).
-Forskrift av 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).
-Forskrift 28. oktober 2010 nr. 1489 om vass- og avløpsavgifter, Hå kommune (dette dokumentet).
-Gebyrregulativ.
-Gjeldande sanitærreglement for Hå. 
2.0 Formålet med forskrifta

Forskrifta gjev føresegner om berekning og innbetaling av dei avgifter abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer. 

3.0 Avgiftsplikt

Forskrifta og plikt til å betale vass- og avløpsavgift gjeld for:

1.Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eige festenummer eller eige seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer) og for kvar eining i burettslag, som er knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning, beinveges eller gjennom privat samleleidning.
2.Eigar/festar av eigedom, som kommunen med heimel i lov om planlegging og byggesaksbehandling § 27-1 eller § 27-2 har kravd knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning. 
4.0 Definisjon av avløp

Avløp omfattar alt avløpsvatn, spillvatn, tak-, drens- og overvatn frå bygning og terreng. 

5.0 Avgiftstypar

Følgjande avgiftstypar gjeld for både vass- og avløpstenester:

-Tilknytingsavgift for vatn.
-Tilknytingsavgift for avløp.
-Årsavgift for vatn.
-Årsavgift for avløp. 
6.0 Avgiftssatsar

Kommunestyret fastset årleg storleiken på avgiftene. Avgiftene skal ikkje overstige kommunens selvkost for høvesvis vass- og avløpssektoren. 

7.0 Tilknytingsavgift

Det skal betalast tilknytingsavgift for vatn og/eller avløp:

-Ved nybygg, utviding, frådeling, seksjonering eller ombygging av eksisterande bygg, dersom dette resulterer i fleire bueininger, større vassmålar eller at det vert endra på kor mange vassmålarar som skal vera tilknyta.
-Når bebygd eigedom vert knyta til kommunalt leidningsnett eller når kommunen krev tilknyting av slik eigedom.

Tilknytingsavgifta skal betalast med grunnlag i kor mange bueiningar som skal tilknytas, eller med grunnlag i kor mange 19 mm (¾″) vassmålar-ekvivalentar som skal tilknytast. ¾″ målar eller mindre vert rekna som lik ein ekvivalent avgiftsmessig. Det høgaste beløp som kjem fram ved desse to utregningsmåtane skal vera tilknytingsavgifta.

Tilknytingsavgifta består av to delar; grunnbeløp og anleggsbidrag.

-For eigedomar/bueiningar som skal tilknytast eksisterande nett utan at heile eller delar av dette er dekka gjennom tomtekostnadane skal det betalast full tilknytingsavgift.
-For eigedomar/bueiningar som er gjort byggeklare og der det er betalt for delar av opparbeiding av leidningsnett i tomtekostnadane, skal det betalast grunnbeløp og 50 % av anleggsbidraget. Det må føreliggje avtale for å få redusert anleggsbidraget.
-For eigedomar/bueiningar som er gjort byggeklare og der det er betalt for opparbeiding av leidningsnett i tomtekostnadane, skal bare grunnbeløp betalast.

Abonnent som får særleg store utgifter for tilkopling kan søke kommunen om tilskot til dekning av desse utgiftene.

Der det er lagt kommunale hovudvassleidningar etter regler for utbygging og vannforsyning til private i Hå, betalar abonnenten grunnbeløpet i tilknytingsavgift. Ved tilknyting 10 år og seinare, etter at leidningen vart lagt, må abonnenten betale full tilknytingsavgift.

Der det er lagt kommunale hovudvassleidningar etter regler for kommunal støtte til legging av kloakkledningar utenfor tettbygd strøk, betaler abonnenten grunnbeløpet i tilknytingsavgift. Ved tilknyting 15 år og seinare, etter leidningen vart lagt, må abonnenten betale full tilknytingsavgift.

Tilknytingsavgifta forfell til betaling seinast ved tilknyting. Arbeid som krev byggeløyve, herunder graving og fylling, må ikkje setjast i gang før avgifta er betalt.

Tilknytingstidspunktet vert rekna frå tidspunktet for igangsettingsløyve. 

8.0 Årsavgift

Årsavgifta skal bereknast etter ein fast og ein variabel del (todelt avgiftsordning) som høvesvis refererer seg til kommunens faste og variable kostnader på vass- og avløpssektoren. Alle eigedommar som er knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning skal betale årsavgift som består av:

-Abonnementsavgift, som skal dekke kommunen sine faste kostnader for vass- og/eller avløpstenester. Abonnementsavgifta skal fordelast likt på abonnentane.
-Forbruksavgift, den variable delen skal betalast etter forbruk. For eigedommar med vassmålar vert forbruksavgifta berekna etter målt forbruk, der vatn inn = avløp ut.
-Leige av vassmålar. 
9.0 Avvik i årsavgifta

Avløpsmengda vert som hovudregel sett lik vassmengda (vatn inn = avløp ut).

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksavgifta for avløp baserast på målt avløpsmengde. Abonnenten må levere inn skriftleg søknad med nødvendig dokumentasjon på vesentlig (meir enn 20 %) avvik i avløpsmengda, om fråvik frå prinsippet vatn inn = avløp ut skal vurderast. Det er avløp som ikkje belastar spillvatn (overvatn) abonnenten kan få fråtrekk for.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i vassleveranse eller mottak av avløpsvatn, gjev ikkje grunnlag for reduksjon av avgiftene.

Der samansetjing av avløpsvatnet avvik frå vanleg hushaldsavløp og samstundes verkar fordyrande på drift og vedlikehald av kommunen sitt avløpsanlegg, kan det krevjast tillegg til forbruksavgifta for avløp basert på ekstrautgiftene.

For gardsbruk kan kommunen fastsetja eigne satsar. 

10.0 Mellombels tilknyting

For mellombels tilknyting skal det betalast full tilknytingsavgift. Arbeidsbrakker i samband med byggeprosjekt betaler ikkje tilknyting, men skal ha installert vassmålar og betaler etter målt forbruk. 

11.0 Stikkleidningar

Stikkleidningar skal eigast og vedlikehaldast av abonnenten. Stikkleidningen går frå bygningen heilt fram til og med anboringsklammar/avgreining på offentleg hovudleidning. 

12.0 Vassmålar

Alle eigedommar som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eige festenummer eller eige seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer) og kvar eining i burettslag som er tilknyta kommunal vass- og avløpsleidning skal ha vassmålar.

Vassmålaren skal utleverast, eigast og vedlikehaldast av kommunen, for dette skal det betalast ei årleg leige. Abonnenten må dekke installering eller eventuell flytting av målaren. Arbeidet må utførast av godkjent røyrleggjar og vera i samsvar med kommunens tekniske føresegner.

Avlesing av målt vassforbruk foretas ein gong i året og skal meldast til kommunen av abonnenten. I tilfelle dette ikkje vert gjort, kan kommunen lesa av og krevje eit gebyr for dette arbeidet. 

13.0 Utjamningstiltak for overvatn

Det kan setjast krav om utjamnningstiltak for overvatn. 

14.0 Innbetaling av avgift

Eigar/festar står ansvarleg for betaling av avgiftene overfor kommunen, sjå punkt 3.0 andre ledd. Det vert sendt ut ei rekning per kvart gards- og bruksnummer, eige festenummer eller eige seksjonsnummer.

Årsavgifta forfell til betaling to gonger per år.

Forfalle krav på avgiftene er sikra med pant i eigedommen etter pantelova § 6-1 bokstav c, jf. vass- og kloakkloven av 31. mai 1974 § 4. Avgiftene kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt, jf. lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven).

Abonnement vert avslutta når bygningane på eigedommen er rivne og/eller at det føreligg dokumentasjon frå røyrleggjar om at stikkleidning for vatn- og/eller avløp er plugga ved tilknytinga på kommunen sin hovudleidning. Eventuelt innbetalt tilknytingsavgift vert ikkje refundert. 

15.0 Tvangsmulkt

Tvangsmulkt kan ileggjast med heimel i § 35-5 i plan- og bygningslova dersom abonnenten etter pålegg, jf. plan- og bygningslova § 35-2, ikkje etterkjem kommunen sitt krav om utbetring av eigne vass- og/eller avløpsanlegg innan gitt tidsfrist. Tvangsmulkta kan fastsetjast som eit eingongsbeløp, eller den gjeld så lenge det ulovlege forholdet varer. 

16.0 Klage

Enkeltvedtak som er gjort etter denne forskrifta, kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Utskriving av avgifter med heimel i avgiftsregulativ er ikkje enkeltvedtak og kan derfor ikkje påklagast. 

17.0 Iverksetjing

Forskriften trer i kraft frå 1. januar 2011. Frå same tid vert forskrift for vann og kloakk frå 19761 for Hå kommune oppheva.

1Ikke kunngjort i Norsk Lovtidend.