Forskrift om unntak frå tidsfristar i vinterperioden for saker som krev oppmålingsforretning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-11-02-1579
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse16.12.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort16.12.2010   kl. 14.10
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Bremanger

Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 2. november 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18, fyrste ledd, skal ikkje løpe i perioden 1. desember til 1. april.

§ 3.Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.