Forskrift om åpen brenning og brenning av avfall i småovner, Forsand kommune, Rogaland

DatoFOR-2010-11-30-1830
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse06.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forForsand kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort06.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Forsand

Heimel: Fastsett av Forsand kommunestyre 30. november 2010 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindra ureining og helseproblem i kommunen som fylgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Forskrifta skal ikkje vera til hinder for nødvendig brenning for å vedlikehalda kulturlandskapet.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor Forsand kommune sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meines med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Klima og forurensningsdirektoratet eller Fylkesmannen eller er tillate brukt etter statlige forskrift etter ureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna fylgjer av § 5 i denne forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Fylgjande brenning skal likevel vere tillate:

a)open brenning på grillinnretning, utepeis og kaffibål.
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert trevirke.
c)brenning av avispapir og liknande i vedomn, heime eller på fritidsbustad.
d)bråtebrenning utanfor tettbygde strøk, etter melding til Brannsjefen.
e)brenning av hageavfall og trevirke frå eiga eigedom.
f)Sankthansbål, etter melding til Brannsjefen.
g)halm-, ranke- og flatebrenning i jord og skogbruk, etter melding til Brannsjefen.
h)brannøvingar i samarbeid med Strand og Forsand brannvesen og andre øvingar med bruk av pulver og skumapparat.

Dersom det er usikkert om brenning som er skreve i punkt a til h kan føra til at det blir varsla om brann, skal brannvesenet kontaktast på førehand.

§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlige tilfeller, etter søknad gi dispensasjon frå forbodet i § 4. Kommunen kan ikkje gje dispensasjon for brenning av produksjonsavfall eller brenning av avfall i småomnar.

§ 7.Tilsyn

Kommunen er tilsynsmynde etter denne forskrifta.

§ 8.Klage

Vedtak treft av Rådmannen i medhald av denne forskrifta er å rekna som enkeltvedtak og kan påklagast til Formannskapet.

§ 9.Straff

Brot på forskrifta kan medføra straffeansvar jf. lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjering i Norsk Lovtidend.