Forskrift om unnatak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Etne kommune, Hordaland

DatoFOR-2010-12-14-1799
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse30.12.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forEtne kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort30.12.2010   kl. 14.50
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Etne

Heimel: Fastsett av Etne kommunestyre 14. desember 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje fristen på 16 veker for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning

I perioden 15. desember til 15. mars vil fristen for å rekne tid for fullføring av oppmålingsforretning stoppe opp, jf. matrikkelforskrifta § 18 første ledd.

I tillegg til denne perioden vil også fristen for å rekne tid, stopp opp i dei delane av kommunen som ligg på kotehøgde over 200 meter frå det kjem snø/tele i bakken til snøen er smelta.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta trer ikraft samme dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.