Forskrift om førebyggjande brannvern, feietenesta, Tysvær kommune, Rogaland

DatoFOR-2010-12-14-1865
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse13.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forTysvær kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2002-06-14-20, LOV-2002-06-26-847
Kunngjort13.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om førebyggjande brannvern, Tysvær

Heimel: Fastsett av Tysvær kommunestyre 14. desember 2010 med heimel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) og forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggjande tiltak og tilsyn.

§ 1.Verkeområdet

Denne forskrifta gjeld førebyggjande brannvern – feietenesta i Tysvær kommune, som er nærare definert i denne forskrifta.

§ 2.Definisjonar 

Brannobjekt

Einkvar bygning, konstruksjon, anlegg, opplag, tunnel. verksemd, område mv. der det kan verte brann og true liv, helse, miljø eller materielle verdiar. 

Brukar

Den som i eigenskap av eigar, eller etter avtale med eigar har total eller partiell bruksrett til et brannobjekt, og har godteke bruksretten. 

Eigar

Den som har grunnboksheimel til eit brannobjekt. 

Fritidsbustad/hytte

Bygning registrert som fritidsbustad/hytte i kommunen sitt register, matrikkelen. 

Bruksendring

Endring av bruken av eigedommen mellom ulike kategoriar, t.d. bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. Gjeld også viss berre ein del av eigedommen endrar kategori. 

Feietenesta

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg. 

Feiing

Reingjering av røykkanalar og uttak av sot. 

Førebyggjande brannvern

Arbeid som blir gjort for å forhindre at brann oppstår, t.d. tilsyn, feiing, informasjon osv. 

Fyringsanlegg

Eldstad, sentralvarmeanlegg, eller varmluftsaggregat der varme vert produsert ved forbrenning av fast, flytande eller gassformig brensel, inklusive røykkanal og eventuelt matesystem for brensel. 

Gebyr

Betaling for tenester som er lovpålagt og/eller heimla i lokal forskrift. Jf. forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn § 7-5. 

Røykkanal

Kanal for transport av røykgassar frå røykuttaket i fyringsanlegget til fri luft, medrekna røykrøyr, tilbringar og skorstein. 

Skorstein

Vertikal del av røykkanal. Skorstein kan omfatte fleire vertikale røykkanalar. 

Tilsyn

Tilsyn er å sjå til at vedtekter gitt i eller i medhald av lov om brannvern blir følgde. Tilsynet omfattar også eventuell reaksjon etter tilsynet.

§ 3.Intervall for feiing/tilsyn

Det skal gjennomførast tilsyn med fyringsanlegg i bustadar etter behov og minst ein gong kvart 4. år.

Feiing av røykkanalar i fyringsanlegg for oppvarming av rom i bustadar skal gjennomførast etter behov og minst ein gong kvart 4. år. Det vil seie at brannsjefen bestemmer kor ofte feiing skal gjennomførast på grunnlag av erfaring frå tidlegare gjennomført feiing, type fyringsanlegg, fyringsmønster og -omfang, og minst kvart 4. år.

I fritidsbustader og hytter er det eigar sitt ansvar å sjå til at skorstein blir feia og branntryggleiken tilfredsstiller krav i gjeldande lover og forskrifter.

Ref. § 7-3 i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn.

§ 4.Gebyr

Kommunestyret fastset årleg gebyrsatsane for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Gebyrfastsetjinga er basert på prinsippet om sjølvkost, og vert berekna etter kommunen sin gjennomsnittlege totalutgift for feie- og tilsynstenesta over ein fireårsperiode.

Det skal krevjast gebyr for alle bustader med skorstein(-ar) med eit eller fleire tilknytte eldstader, uavhengig om desse er i regelmessig bruk eller ei.

Gebyrplikta er normalt ikkje knytt til tidspunktet for når feiing og tilsyn blir gjennomført, men gjeld for feieperioden (4 år) uansett når i perioden tenesta blir utført. 

Gebyreining for feiing og tilsyn (A) = XXX

GrunnprisPris pr. årÅrleg gebyr (tilsyn + feiing)
Tilsyn kvart 4. år2A2A/4
Feiing kvart 4. årAA/4(2A/4) + A/4 = 0,75A
Feiing kvart 3. årAA/3(2A/4) + A/3 = 0,83A
Feiing kvart 2. årAA/2(2A/4) + A/2 = 1,00A
Feiing kvart årAA(2A/4) + A = 1,50A

Årleg gebyr dekkjer både feiing og tilsyn.

Årleg gebyr for tilsyn med fyringsanlegg for gassformig brensel blir sett lik 2A/4.

Gebyr kan innkrevjast av kommunekasserar etter reglene for innkrevjing av skatt.

Ref. § 7-5 i forskrift om førebyggjande tiltak og tilsyn.

§ 5.Eingongsgebyr

Feiing og/eller tilsyn utover det som er bestemt av denne forskrifta, eller for feiing og/eller tilsyn med fyringsanlegg i bygning der det ikkje er gitt eigne føresegner om at det skal gjennomførast, for eksempel hytter og fritidsbustadar, kan gjennomførast mot eingongsgebyr. Dette føreset at tilkomst til og på tak er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Dette er ei teneste som ikkje skal gå utover lovpålagde oppgåver og det blir derfor teke atterhald om kapasitet.

Eingongsgebyr = 1,5 A + km godtgjersle etter gjeldande satsar.

§ 6.Gebyrfritak

Ein kan søkje kommunen ved brannsjefen om gebyrfritak for feiing og tilsyn. Kravet til gebyrfritak er at fyringsanlegget er tilfredsstillande sikra mot bruk, eller at eit av punkta under er innfridd:

-Røykrøyrtilkoplinga er fjerna og holet i skorsteinen er mura igjen
-Det er ingen eldstad/peis tilknytt skorsteinen
-Eigedommen er registrert som fritidsbustad i Matrikkelregisteret
-Det har ikkje budd folk på eigedommen på lang tid (meir enn eit år).

Brannsjefen ved feietenesta kan føre tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk.

Eigar og brukar plikter å melde frå til kommunen ved brannsjef dersom det skal installerast, eller koplast til igjen eldstad som tidlegare er kopla frå. Dersom eigar eller brukar unnlèt å melde frå om installasjon eller tilkopling av eldstad, kan kommunen krevje gebyr for feiing og tilsyn etterbetalt for inntil 3 år. Gebyreining for kvart år som blir etterbetalt: 1,50*A.

§ 7.Tilkomst for feiing

Eigar skal, etter varsel om feiing, sjå til at heile fyringsanlegget er tilgjengelig for feiing, samt utstyrt og innretta slik at det kan feiast på tilfredstillande måte.

Feiing av skorsteinar i Tysvær kommune skal normalt skje frå tak. Eigar av bustad skal sjå til at feiaren har tilfredsstillande tilkomst opp til og på taket.

Kravet om at skorsteinen skal feiast frå tak kan ein i særskilte tilfelle bli unngå ved å installere feieluke på loft.

Eigar av bustad skal sjå til at feiaren har tilfredstillande tilkomst til sotluke eller tilsvarande eigna innretning for uttak av sot.

Ref. § 2-6 i forskrift om førebyggjande tiltak og tilsyn.

§ 8.Gjennomføring av feiing og tilsyn

Feiinga skal utførast på ein fagleg tilfredstillande måte med minst mogleg ulempe for bebuar.

Etter avslutta feiing skal feiaren sjå til at all sot blir fjerna og lagt på eigna stad. Dersom eigar eller brukar av fyringsanlegget ikkje er til stades under feiinga, kan det avtalast at eigar eller brukar sjølv fjernar sot.

Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere forhold ved fyringsanlegget som kan påverke branntryggleiken eller tilkomsten. Ved avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gi ein skriftleg tilbakemelding til eigar, eller representant for eigar om avvika med frist for retting eller tilbakemelding om når retting blir gjennomført.

Under tilsyn skal og feiarane sjå til at krav til røykvarsling, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Dersom retting ikkje blir gjennomført, skal tilsynsmyndet gi dei nødvendige pålegg.

Ref. § 7-2 i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn.

§ 9.Klage

Så lenge anna ikkje går fram av særlov er kommunestyret sjølv klageinstans for enkeltvedtak som blir fatta av administrasjonen med heimel i desse forskriftene.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta er gjort gjeldande frå det tidspunkt den er vedteke i Tysvær kommunestyre og tatt inn i Norsk Lovtidend. 

Rettleiing til dei einskilde paragrafane i forskrift om førebyggjande brannvern, feietenesta i Tysvær kommune 

Rettleiing til § 3

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg skal vere behovsprøvd. Det må derfor førast register over alle anlegga når det gjeld tilstand, plan for neste feiing og tilsyn. Feiing og tilsyn skal utførast etter behov og minst kvart 4. år. 

Behovsprøvd feiing

Hovudprinsippet i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn er at det skal feiast så ofte som nødvendig for å hindre at brann eller andre skader oppstår. I utgangspunktet skal det enkelte fyringsanlegget vurderast etter kor ofte det er behov for å feie.

Ved behovsprøving skal det takast omsyn til at det er stor skilnad mellom behovet for feiing i bustader med fyringsanlegg for fast brensel som hovudvarmekjelde, og bustader med elektrisk eller olje/parafin som hovudvarmekjelde.

Feiebehovet kan innanfor dei einskilde oppvarmingsgruppene også variere etter type varmekjelde og mengde sot.

Det bør vere feiaren sitt faglege skjønn som skal vere retningsgivande for vurderinga til brannsjefen om kor ofte det skal feiast ut over minstekravet til feiing. 

Vurderingsgrunnlag for kor ofte ein skal feie

Vurdering av behovet for kor ofte det bør feiast kan setjast på grunnlag av:

-type bustader/anlegg
-type fyringsanlegg/eldstad
-type brensel (fast, flytande, gassformig)
-fyringsvanar
-mengd sot i skorsteinen per eldstad
-trekkforhold
-danning av blanksot. 

Rettleiing til § 4 

Generelt

Brann- og eksplosjonsvernlova § 28, andre ledd gir heimel til å innføre gebyr til dekking av lovbestemt feiing og tilsyn. Forskrifta gjentar denne heimelen. Lovbestemt feiing omfattar dei feie- og tilsynsoppgåvene som feiarvesenet skal gjennomføre etter § 7-3, første ledd, i tillegg til feie- og tilsynsoppgåver som kommunestyret eller brannsjefen kan leggje til feiarvesenet etter til § 7-3, andre til femte ledd. Kommunen kan treffe vedtak om gebyrfastsetjinga etter forvaltningslova § 38 og § 39. Brann- og eksplosjonsvernlova og forskrifta set ingen grense for kommunen til å fastsetje storleiken på gebyret. Kommunen kan t.d. differensiere gebyret både etter type og/eller storleik. 

Sjølvkost

Gebyrfastsetjinga for feiartenesta er basert på prinsippet om at gebyret berre skal dekke kostnaden for denne kommunale ytinga og ikkje nyttast som skattegrunnlag.

Dersom feiarvesenet utfører andre oppgåver som har innverknad på branntryggleiken, og dette berre betyr ubetydeleg auke i tidsforbruk, bør også dette kunne aksepterast dekka av gebyret. Døme på dette er tilsyn med rømmingsvegar, røykvarslarar og sløkkjeutstyr i bustader.

Utgifter som normalt blir dekka av gebyret er driftsutgifter som kjøp av utstyr for tilsyn og feiing, lønnsutgifter, data- og kontorkostnader og utgifter til nødvendig utdanning/kursverksemd. 

Sakshandsaming

Vedtak om fastsetting av gebyr er å rekna som forskrift jf. forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav a og c og forvaltningslovens kapittel VII – Om forskrifter. Kommunestyret skal behandle gebyrvedtak etter lov 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommuneloven) § 6, sjølv om kommunestyret har delegert all mynde til kommunal nemnd eller brannsjefen. 

Gebyr ved ikkje utført feiing

Gebyret er normalt ikkje knytt til tidspunktet for når den enkelte feiing eller tilsyn er gjennomført, men gjeld for feieperioden på 4 år uansett når i perioden tenesta blir gjennomført. Betalingsplikta gjeld sjølv om det i et enkelt år ikkje blir utført feiing på grunn av forskyvingar. Det er fastsett eit prinsipp om at gebyr kan innkrevjast sjølv om feiing og tilsyn ikkje er utført dersom:

-Feiar ved inspeksjon av fyringsanleggets røykkanalar har funnet at feiing ikkje er nødvendig.
-Feiar etter varsel og ved oppmøte til fastsett tid, ikkje har fått tilfredstillende tilgang til fyringsanlegget fordi eiger eller brukar ikkje har vært til stede, og ikkje har lagt forholda til rette for tilgang til fyringsanlegget.
-Kommunen har etablert ei ordning med periodevis innkrevjing av gebyr av omsyn til eit rasjonelt innkrevjingssystem, t.d. årlige eller terminvise betalingar, og at lovbestemt feiing blir utført etter ein rullerande plan. 

Innkrevjingsordningar

Det ligg innanfor kommunens myndigheitsområde å finne ein hensiktsmessig ordning for innkrevjing av gebyr. I Tysvær kommune blir feiegebyret fakturert saman med dei andre kommunale avgiftene. 

Innkrevjing av gebyr

Brann- og eksplosjonsvernlovens § 28 siste ledd gir kommunen rett til å krevje inn gebyr etter reglane for innkrevjing av skatt. 

Rettleiing til § 5 

Eingongsgebyr

Kommunestyret kan fastsette gebyr for frivillig feiing (eingongsgebyr) i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven § 28 tredje ledd. Dette er feiing som blir gjennomført etter ønske frå eigar/brukar av fyringsanlegget i tillegg til lovbestemt feiing, eller for feiing av fyringsanlegg i bygningar kor det ikkje er gitt eigne pålegg om at det skal feiast, for eksempel i hytter og fritidsbustader. 

Rettleiing til § 6 

Gebyrfritak

Jf. lov 18. mai 1979 nr. 18 Foreldelseslova, § 2. 

Rettleiing til § 7 

Tilrettelegging

Ein plikter å la fyringsanlegget være tilgjengelig for feiing og kontroll. Dette byggjer på at: fyringsanlegget er bygd slik at det er mulig å gjennomføre feiing og tilsyn det er ein person til stede som kan låse opp dører og vise feiar til rette der det er nødvendig. 

Tilkomst

Sikker tilkomst for feiar til fyringsanlegget og dermed arbeidsplassen blir regulert i utgangspunktet av lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidarvern og arbeidsmiljø (arbeidsmiljøloven) med forskrifter.

Byggforskrifter og teknisk forskrift viser til kva krav som setjast til byggverk og faste installasjonar.

Er feiar avhengig av laus stige for tilkomst til tak, har eigar av bustad (villa, rekkehus og mindre fleirmannsbustader) ansvar for at det fins eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

Stillasforskrifta set krav som gjelder bruk av laus stige og krav til typegodkjenning av stigar.

Tidlegare ordning feiing vart utført frå sotluke i botn av skorsteinen opphøyrde med verknad frå 1. januar 2005. Årsaka til at det i Tysvær normalt berre blir feia frå tak er at dette er ei betre løysing både for huseigar og feiar. Feiing frå sotluke botn av skorsteinen fører til unødvendig mykje sot og sotpartiklar i huset, og feiaren blir utsett for mykje sot som kan være helseskadeleg. Med feiing frå tak blir det vesentleg lettare å oppdage sprekker og ev. blanksot i skorsteinen.

Tilfredsstillande tilkomst til og på tak inneber følgjande:

-Tak som har helling skal ha fastmontert typegodkjent stige opp til pipe (uavhengig av hellingsgrad og taktekking).
-Takstige skal være slik utforma at overgangen frå stige til takstige gjerast på ein sikker måte.
-Stigetrinn skal monterast frå nedste pannerast og heilt opp til skorstein.
-Det skal være støttebeslag for å hindre stigen i å gli dersom høgda frå terreng til tak (takrenne) er over 5 meter.
-Støttebeslag er ein fordel på alle tak spesielt der ein har plastrenner. Dette for å hindra at desse sprekk. Feiarane ser det som ein fordel at støttebeslaget blir montert til venstre for takstige.
-Stige opp til tak må være så lang at den rekk minst 1 m over tilkomstpunktet på taket.
-Ekstra trinn eller arbeidsplattform over pipa vil lette arbeidet og kunne hindre skade på taktekking.
-Er skorsteinens meir enn 120 cm høg, skal det monterast arbeidsplattform eller stige på pipa, (alt. luke i skorstein over tak).
-Alt stigemateriell skal vere typegodkjent og vere montert i samsvar med leverandøren si rettleiing for montering (gjeld også stige opp til tak). 

Feieluke og sotluke

Sjølv om brannsjefen ønskjer at det blir lagt til rette for feiing frå tak, kan ein unngå dette ved å installere feieluke på loft. Feieluka skal vere tilgjengeleg for feiar og må bli montert etter gjeldande regelverk.

Krav til feieluke og sotluke følgjer av plan- og bygningslova § 106. Bygningstekniske installasjonar, jf. TEK og REN. Krava er nærare omtala i Byggforskserien, Byggedetaljar A 552.135 «Ildsteder og skorsteiner». 

Rettleiing til § 8 

Utøving av feiing og tilsyn

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg inngår som ein del av brannvesenet sitt førebyggjande arbeid.

Tilsynspersonalet/feiar kan vere personell frå brannvesenet si avdeling, eige feiarvesen eller privat feiarmeister. Når ein kjem fram til objekta, skal tilsynspersonalet/feiar kunne legitimere seg.

Eigar/brukar av objektet eller kontaktperson skal kontaktast.

Det skal informerast om hensikta med og omfanget av tilsynet. 

Tilfredstillande feiing

Feiar skal gjennomføre feiing på ein fagmessig måte slik det blir stilt krav til i fagopplæringa.

Dette betyr bla. at feiinga skal vere til minst mogleg ulempe for bebuaren. 

Feiing av røykrøyr og fjerning av sot

Feiing av røykrøyr og fjerning av sot er ein del av den lovbestemte feiinga og kan berre unnlatast etter avtale med eigar eller brukar.

Dersom eigar eller brukar av fyringsanlegget ikkje er til stades under feiinga, kan det avtalast at eigar eller brukar sjølv feiar røykrøyret. Det same gjeld fjerning av sot. Slik avtale kan til dømes gjerast ved avkryssing og kvittering på skjema for varsel om feiing. Det bør vere tilstrekkelig at feiar får tilbakemelding på ein lett synleg stad når han kjem for å feie fyringsanlegget. Det bør merkast på den skriftlege underretninga kva som er avtala.

Sot frå fast brensel vil normalt ikkje vere spesialavfall. Feiar kan då nøye seg med å ta omsyn til brannfaren og eventuelle ulemper, så som fare for tilsmussing, når sot vert teke ut. Sot frå flytande brensel kan innehalde stoff som skal behandlast som spesialavfall. 

Skader og erstatningsansvar

Det kan skje skader i samband med feiing. For feie- og tilsynstenesta gjeld det alminnelege arbeidsgjevaransvaret, som er eit objektivt ansvar for skader som oppstår under «utføring av arbeid eller verv for arbeidsgjevaren gjort i tenesta». Arbeidsgjevaren hefter objektivt, altså utan omsyn til eiga skuld for ei uforsvarleg handling av arbeidstakaren i tenesta.

Grunnvilkåra for skadeserstatningsansvar er at det ligg føre økonomisk tap, ansvarsgrunnlag og årsakssamanheng.

Gode varslingsrutinar er viktig for å kunne redusere omfang og talet på skader. 

Kompetanse hos feiar

Tilsyn med fyringsanlegg krev fagleg kompetanse hos feiaren for å kunne vurdere om fyringsanlegget er tilfredstillande sikra mot brann. Det er satt kompetansekrav til feiaren i dimensjoneringsforskrifta § 7-4, gjeldande frå 31. desember 2003. 

Avvik eller merknader

Avvik vil i hovudsak vere brot på forskrift om at fyringsanlegget skal vere:

-Tilfredstillande bygd eller montert, jf. § 2-1.
-Tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde, jf. § 2-4.
-Melding til kommunen (feiarvesenet) om nytt eldstad eller vesentlege endringar av fyringsanlegget, jf. § 2-4, 3. ledd.
-Tilfredstillende tilkomst til fyringsanlegget, jr. § 2-6.
-Funn av avvik skal om nødvendig følgjast opp med reaksjonar.

Merknader rettar seg mot forhold som på sikt kan vere viktig for branntryggleiken. Slike forhold bør eigar/brukar ha informasjon om, og brann- og feiarvesenet må registrere merknadene for seinare oppfølging. 

Vurdering av fyringsanlegget

For å kunne vurdere fyringsanlegget er feiaren avhengig av å ha kunnskap om plan- og bygningslova, TEK, REN, standardar, byggdetaljblad og monteringsvisningar i tillegg til denne forskrifta. 

Rettleiing til § 9

Klage på vedtak gjort i medhald av denne forskrift skal gjerast skriftleg til Tysvær kommune.

Saksbehandlinga ved klager følgjer brann- og eksplosjonsvernlova, i tillegg til lov om handsaming i forvaltningssaker (forvaltningsloven). 

Rettleiing til § 10

Denne forskrifta er gjort gjeldande frå det tidspunkt den er vedteke i Tysvær kommunestyre og tatt inn i Norsk Lovtidend.