Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Ulvik kommune, Hordaland

DatoFOR-2010-12-15-1836
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse06.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forUlvik kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort06.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Ulvik

Heimel: Fastsett av Ulvik heradsstyre 15. desember 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å utsetje fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er satt i matrikkelforskrifta § 18 første ledd gjeld ikkje i perioden 1. november til 15. april.

I dei deler av kommunen kor nødvendige tilkomstvegar er vinterstengt før 1. november eller etter 15. april går ikkje tidsfristen før tilkomstvegane er opna igjen.

§ 3.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft same dato som den vert kunngjort i Norsk Lovtidend.