Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Fitjar kommune, Hordaland

DatoFOR-2010-12-15-1837
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse06.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forFitjar kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort06.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Fitjar

Heimel: Fastsett av Fitjar kommunestyre 15. desember 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje fristen på 16 veker for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er sett i matrikkelforskriften § 18 første ledd løper ikkje i perioden 15. desember til 15. mars i Fitjar kommune.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.