Forskrift om dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-12-15-1838
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-1983-06-03-54-§5-1
Kunngjort06.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om tannlegeskyssutgifter, Sogn og Fjordane

Heimel: Fastsett av Fylkestinget i Sogn og Fjordane 15. desember 2010 med heimel i lov 3. juni 1983 nr. 54 om tannhelsetjenesten § 5-1 tredje ledd.

§ 1.Forskrifta er gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er heimla i lov om tannhelsetenester § 5-1 tredje ledd.
§ 2.Forskrift for dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta gjeld berre dersom pasienten ikkje får dekka reisa på annan måte.
§ 3.Pasientar i prioriterte grupper A, B og C2 får refundert skyssutgifter etter dei til ei kvar tid gjeldande reglane til pasientreiser.
§ 4.Pasienten får dekka billigaste reisemåte med rutegåande transportmiddel tur/retur til næraste behandlingsstad.
§ 5.Rutegåande transport er buss, båt og tog. Pasienten eller føresette skal sjølve betale reisekostnadene og få refundert kostnadene i etterkant.
§ 6.Reiseavstand til tannklinikken må vere meir enn 5 km.
§ 7.Når den totale kostnaden ikkje overstig eigenandelen, skal pasienten sjølv betale det reisa kostar.
§ 8.Krav under kr 100 når eigenandel blir trekt frå blir ikkje refundert.
§ 9.Barn under 16 år skal ikkje betala eigendel.
§ 10.Pasientar kan få dekka utgifter til transport som ikkje er rutegåande dersom det ikkje eksisterer offentleg transport eller helsetilstanden tilseier dette. Dette avgjer behandlar.
§ 11.Overnatting vert ikkje dekka.
§ 12.Stortinget fastsetter kvart år satsane for eigendel på pasientreiser. Når satsane og reglane for pasientreiser endrar seg vert dette også gjeldande for den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane.
§ 13.Det er høve til å klage på vedtaket om dekking av skyssutgifter. Klageinstans er fylkesutvalet som klagenemnd.
§ 14.Forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2011.