Forskrift om regulativ for saksbehandlingsgebyr etter plan- og bygningsloven, Haram kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-12-16-1906
PublisertII 2011 hefte 3
Ikrafttredelse16.12.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§33-1
Kunngjort30.06.2011   kl. 15.25
KorttittelForskrift om saksbehandlingsgebyr etter plb, Haram

Heimel: Fastsett av Haram kommunestyre 16. desember 2010 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 33-1.

§ 1.Gebyret dekkjer

Totalt gebyr omfattar: saksbehandling, administrasjonskostnadar, godkjenning av ansvarlege, dokumentkontroll og nødvendige attestar. Krav om gebyr blir sendt til tiltakshavar.

§ 2.Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr.

§ 3.Gebyrberekningstidspunkt/Avrekning

Gebyret vert rekna etter dei satsane som gjeld på det tidspunkt fullstendig søknad ligg føre. Ved fleirtrinns søknad, skal gebyret fastsetjast etter dei opplysningar som ligg føre ved kvart søknadstrinn.

§ 4.Faktureringstidspunkt

Fakturering vert gjort samtidig med saksbehandlinga. Ved trinnvis igangsetting, betalast eit ekstra gebyr pr. igangsettingsløyve frå og med 2. trinn. Gebyr for dispensasjonar vert fakturert når det blir gjort vedtak.

§ 5.Kombinerte bygg/midlertidige bygningar

Dersom bygningen består av fleire funksjonar skal gebyret reknast etter den funksjonen som har størst areal.

§ 6.Midlertidige bygningar og bruksendringar

For midlertidige bygningar skal det betalast fullt gebyr.

Ved bruksendringar der det ikkje foretas ombygging betalast eit gebyr etter tiltaksklasse. Ved bruksendring der det foretas ombygging, betalast det etter regulativ for ombygging.

§ 7.Avslag

Ved vedtak som medfører avslag på ramme/igangsettingsløyve kan gebyret reduserast inntil 50 % i forhold til fullt gebyr (basis- og arealgebyr). Ved avslag på søknad om ansvarsrett eller dispensasjon betalast fullt gebyr.

§ 8.Urimelege gebyr

Dersom ein ser at gebyret blir klart urimeleg i forhold til det arbeid og dei kostnader kommunen har hatt med saka eller klart urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsetje passande gebyr.

§ 9.Klageadgang

Fastsetjing av gebyr i den enkelte sak kan ikkje påklagast. Kommunen si avgjersle av søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.

§ 10.Ulovleg tiltak og pålegg etter plan- og bygningsloven

På grunn av kommunen sine meirutgifter ved saksbehandling av ulovlege igangsatte eller utførte tiltak, skal det betalast eit gebyr etter medgått tid etter satsar i betalingsregulativet. Minstegebyr: 2 gonger basisgebyret. I tillegg kan kommunen krevje dekning av sine kostnader til sakkyndig bistand. Gebyret skal også betalast der søknaden medfører avslag.

Ved pålegg etter plan- og bygningsloven skal det betalast etter medgått tid, minimum et minstegebyr etter betalingsregulativet.

§ 11.Sakkyndig bistand

Kommunen kan om nødvendig engasjere sakkyndig bistand for tiltakshavar si rekning i samsvar med reglane i plan- og bygningsloven § 25-2, § 33-1. For slik sakkyndig bistand vert det krevd eit gebyr i tillegg til konsulentutgifter etter betalingsregulativet.

§ 12.Reguleringsplanar, private planforslag, detaljregulering

Betalingsregulativet gjeld for plansaker etter plan- og bygningsloven når andre enn kommunen fremmer slike, jf. plan- og bygningsloven § 12-11.

§ 13.Gebyr for medgått tid

For arbeid som ikkje går inn under gebyrtabellen, kan gebyr reknast etter medgått tid.

§ 14.Tillegg for mangelfull søknad

Ved manglar i søknaden som fører til at kommunen må be om tilleggsdokumentasjon eller synfaring, vert basisgebyret auka med 20 %.

§ 15.Avgjerd eller uttale frå andre myndigheiter

For innhenting av løyve, samtykke eller uttalelse frå annen myndigheit etter plan- og bygningsloven § 21-5, kreves eit gebyr pr myndigheit.

§ 16.Endring av regulativet eller gebyrsatsane

Endringar av gebyrregulativet skal vedtakast av kommunestyret, normalt i samband med kommunestyret sin behandling av økonomiplan og budsjett for kommande år.

§ 17.Klagerett

Gebyrfastsetjinga i ei enkelt sak kan ikkje påklagast; jf. forvaltningsloven § 40. Kommunen si avgjerd om reduksjon av gebyret kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.

§ 18.Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk straks.