Forskrift om gebyrregulativ for forvaltningsoppgåver etter matrikkelloven, Haram kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-12-16-1907
PublisertII 2011 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§32, LOV-2008-06-27-71-§33-1, LOV-1997-05-23-31-§7
Kunngjort30.06.2011   kl. 15.25
KorttittelForskrift om matrikkelgebyrer, Haram

Heimel: Fastsett av Haram kommunestyre 16. desember 2010 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32, lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 33-1 og lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) § 7. 

Regulativet er delt i to, alminnelege reglar og betalingsregulativ. Betalingsregulativet kan ein finne på kommunen si heimeside www.haram.kommune.no.

1. Alminnelege reglar 
1.1 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr etter satsar og retningslinjer som går fram av regulativet. Gebyrkravet vert retta mot rekvirent om ikkje anna er skriftlig avtalt.

Saksgebyr etter matrikkelloven skal betalast sjølv om saka ikkje blir fullført, men etter ein redusert gebyrsats.

1.2 Kva for regulativ skal brukast

Gebyra for arbeid etter matrikkelloven, plan- og bygningsloven og lov om eigarseksjonar skal verte rekna etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein fullstendig rekvisisjon mv. 

1.3 Fakturerings- og betalingstidspunkt

Gebyr skal betalast etterskottsvis. 

1.4 Urimelig gebyr

Dersom gebyret openbart er urimelig i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadene kommunen har hatt, kan kommunen fastsette eit passande gebyr. 

1.5 Klage

Enkeltvedtak etter dette regulativet kan verte påklaga. Fylkesmannen er klageinstans. Klage på gebyrfastsetting medfører ikkje utsetting av betalingsfrist.

Det er ikkje høve til å klage på kommunestyret sitt vedtak om gebyrregulativ.

Ved klage skal forvaltningsloven sitt regelverk følgjast. Klagefristen er 3 veker, jf. matrikkelloven § 46. 

1.6 Avbrote arbeid

Når ein rekvirent forårsakar at kommunen sitt arbeid må avbrytast eller avsluttast før det er fullført, skal det betalast 50 % av tilhøyrande gebyr tilsvarande det arbeidet kommunen har eller må utføre.

Dersom rekvirenten, etter at behandling av saka er starta opp, gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføring, vert gebyret oppretthalde. 

1.7 Endring av regulativet eller gebyrsatsene

Endringar av gebyrregulativet skal vedtakast av kommunestyret, normalt i samband med kommunestyret sin behandling av økonomiplan og budsjett for kommande år. 

1.8 Gebyr til statlige etatar

Der kommunen skal krevje inn gebyr til statlige etatar som f.eks. tinglysingsgebyr og dokumentavgift for saker etter dette regulativet, skal utskriving og innkrevjing av statlige og kommunale gebyr samordnast.

Kostnader som kommunen blir påført i samband med innhenting av relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretning, viderefakturerast til rekvirenten. 

1.9 Unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning

I saker som krev oppmålingsforretning, har kommunen etter matrikkelforskriften § 18 en frist på 16 veker til å gjennomføre oppmålingsforretning og fullføre matrikkelføringen. Tidsfristen gjeld ikkje i perioden 1. november til 30. april. 

Regulativet er gjeldande frå 1. januar 2011.