Forskrift om unntak for tidsfristar i saker som krev oppmåling etter matrikkellova, gjeldande i vinterhalvåret, Vik kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-12-20-1737
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse23.12.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forVik kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort23.12.2010   kl. 14.00
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Vik

Heimel: Fastsett av Vik kommunestyre 20. desember 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Målet med lokal forskrift er å kunne utsetje fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett til 16 veker i matrikkelforskrifta § 18 fyrste ledd gjeld ikkje for Vik kommune i perioden 15. november til 15. mars under kote 600. Over kote 600 i perioden 30. september til 1. juli.

Denne forskrift trer i kraft same dato som den vert kunngjort i Norsk Lovtidend.