Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Kviteseid kommune, Telemark

DatoFOR-2011-02-09-982
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse06.10.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forKviteseid kommune, Telemark
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort06.10.2011   kl. 14.30
KorttittelForskrift om unntak frå oppmålingsfristar, Kviteseid

Heimel: Fastsett av Kviteseid kommunestyre 9. februar 2011 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eigedomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje 16-vekersfristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd vert ikkje rekna i perioden 15. november til 30. april.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.