Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Sveio kommune, Hordaland

DatoFOR-2011-02-21-219
PublisertII 2011 hefte 1
Ikrafttredelse04.03.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forSveio kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort04.03.2011   kl. 15.50
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Sveio

Heimel: Fastsett av Sveio kommunestyre 21. februar 2011 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje fristen på 16 veker for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskriften § 18, første ledd, blir ikkje gjort gjeldande i perioden 1. desember–15. mars.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.