Forskrift om unntak frå tidsfrist i saker som krev oppmålingsforretning, Bygland kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2011-02-22-220
PublisertII 2011 hefte 1
Ikrafttredelse04.03.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forBygland kommune, Aust-Agder
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort04.03.2011   kl. 15.50
KorttittelForskrift om oppmålingsfrister, Bygland

Heimel: Fastsett av Bygland kommunestyre 22. februar 2011 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrift § 18 fyrste ledd gjeld ikkje i perioden 15. november til 1. mai.

I dei delar av kommunen kor nødvendig tilkomstvegar som skogsbilveg, er vinterstengd, gjeld ikkje tidsfristen før vegane er opna og køyrbare etter vinterstenging.

§ 3.Ikraftsetting

Denne forskrift trer i kraft same dato som den vert kunngjort i Norsk Lovtidend.