Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomner, Hå kommune, Rogaland

DatoFOR-2011-04-05-357
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse01.05.2011
Sist endretFOR-2016-10-20-1236 fra 01.11.2016
Endrer
Gjelder forHå kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort07.04.2011   kl. 15.50
Rettet23.06.2011, § 5.
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Hå

Heimel: Fastsett av Hå kommunestyre 5. april 2011 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706. Endra med forskrift 20 okt 2016 nr. 1236 (i kraft 1 nov 2016). 

Avfall som det er etablert innsamlings- og gjenvinningsordningar for som til dømes papp, kartong, kontorpapir, reklame og plast, skal ikkje brennast, heller ikkje i vedomn. Oppsamla plengras og anna hageavfall skal heller ikkje brennast, men komposterast, leverast i den brune avfallsbehaldaren eller til miljøstasjonen på Nærbø.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindra forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. Det blir og lagt vekt på å sikra at ukontrollerte brannar ikkje oppstår.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta er meininga med:

a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: Omnar for brenning av avfall som ikkje har løyve frå Klima- og forurensningsdirektoratet eller fylkesmannen, eller som er godkjend etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
c)Vedomn: Omn godkjend i samsvar med teknisk forskrift til plan- og bygningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning

Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar. All open brenning og brenning av avfall i små omnar er forbode med mindre anna følgjer av forskrifta sin § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning er likevel tillate:

a)Open brenning på grillinnretning eller utepeis basert på grillkol eller vedkubbar.
b)Bålbrenning som del av natur og friluftsliv i perioden 15. september til 15. april.
c)Brenning i vedomn, av avfallstrevirke som ikkje inneheld miljøfarlege stoff (til dømes impregnert eller malt trevirke).
d)Sankthansbål (det er berre tillate å brenna greiner og anna reint trevirke). Dette skal meldast til brannvernet seinast fire dagar på førehand.
e)Bråtebrenning, lyngbrenning og brenning av kratt i samband med rydding av beite og utmark i perioden 15. september til 15. april.
f)Hageavfall og trevirke som ikkje inneheld miljøskadelege stoff, på bål mindre enn 2 m³ , utanfor tettbygde strøk.
g)Brenning av kondemnable hus samt generelle sløkkjeøvingar som er ledd i brannvernet sine øvingar.

Brenning etter punkt d, e, f, og g skal varslast til brannvernet. Bålbrenning skal i tillegg godkjennast av grunneigar.

Brenning må skje på dagtid (gjeld ikkje sankthansbål). Det er ikkje tillate med brenning på sun- og heilagdagar eller påskeaftan. Dette gjeld ikkje brenning etter punkt a, b, c og d. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt. Sløkking skal seinast vera utført før det blir mørkt. Sløkkeutstyr må vera lett tilgjengeleg.

Unntaka i denne føresegna gjeld innanfor rammene av forskrift av 17. desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging.

0Endra med forskrift 20 okt 2016 nr. 1236 (i kraft 1 nov.2016).
§ 6.Dispensasjon

Hå kommune kan i særlege høve gi dispensasjon frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen skal føra tilsyn med at denne forskrifta blir følgt opp.

§ 8.Klage

Vedtak fatta av rådmannen i medhald av denne forskrifta kan påklagast til Utval for tekniske saker og næring. Vedtak fatta av Utval for tekniske saker og næring kan påklagast til fylkesmannen.

§ 9.Straff

Overtreding av denne forskrifta kan medføra straffeansvar, jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Ikrafttreden

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. mai 2011.