Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Vindafjord kommune, Rogaland

DatoFOR-2011-04-30-1530
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse01.07.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forVindafjord kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort09.02.2012   kl. 12.50
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Vindafjord

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vindafjord kommunestyre 30. april 2011 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 16.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avlaupstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Del viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensingar i av forureining
3.Forskrift 30. april 2011 nr. 1530 om vass- og avlaupsgebyr, Vindafjord kommune (dette dokumentet)
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ for vatn og avlaup
-Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder), samt føresegner om vassmålarar.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avlaupstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plasserte på tomta, og brukar festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

Festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.

Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 27-1 og § 27-2 i plan- og bygningslov har kravd tilknytt kommunal vass- og avlaupsleidning.

Ved leige er grunneigar abonnent.

Der bustad og næring er knyta til felles gnr./bnr. skal dei kvar for seg utgjera eit eige abonnement. 

Eining:

Bueining vert definert etter føringsinstruksen til matrikkelen.

Næringseining vert rekna etter tal på næringseiningar knytt til eigedom. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avlaupstenester. Det vert fastsett abonnementsgebyr pr. bustadseining og pr. næringseining. 

Bruksareal (BRA) etter NS 3940 (forenkla,):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

Arealet innanfor del omslutta veggane i bustaden og del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS 3940. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avlaupstenester. 

Kommunal vass- og avlaupsleidning:

Leidning som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen. 

Stikkleidning:

Vass- eller avlaupsleidning for ein eller fleire eigedommar som er abonnenten sin eigedom og som vert halden vedlike av abonnenten. Dersom ikkje anna er avtala er stikkleidningen privat frå der leidningen er knytt til hovudleidning eller 30 meter frå utvendig stoppekran for eigedom for vassleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert).

Det kan vere same vassmålar for fleire einingar på ein eigedom. 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte med innlagt vatn og/eller avlaup. 

Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til næring. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.

§ 4.Rettar og plikter 

Abonnenten har krav på:

-vassforsyning heile døgnet med tilstrekkjeleg mengde av god kvalitet iht. gjeldande lovverk, samt vasstrykk på mellom 2 og 8 bar ved uttak frå kommunal vassleidning.
-sikker bortleining og reining av avlaupsvatn heile døgnet iht. gjeldande lovverk og som ikkje skapar lukt eller hygieniske problem på abonnentens eigedom.
-reduksjon i vass- og avlaupsgebyret dersom tenestene ikkje er tilfredsstillande med omsyn til lovpålagt/avtalt kvalitet, mengde eller trykk over lengre tid. Restriksjonar for vassforbruket i form av vatningsforbod og liknande gir ikkje grunnlag for reduksjon av gebyr. 

Abonnenten pliktar å:

-betale vass- og avlaupsgebyr i den størrelse og til den tid som kommunen bestemmer.
-innrette seg etter kommunen sine Tekniske og Administrative bestemmelser. 

Kommunen har krav på å:

-få dekka alle kostnader knytte til vass- og avlaupstjenestene som kjem frå av gebyrgrunnlaget.
-kunna vedta og endre bestemmelser, reglement, løyver og liknande for å ivareta sin funksjon som tenesteleverandør på ein god måte. 

Kommunen pliktar å:

-levere vass- og avlaupstenester iht. gjeldande lovverk og i den utstrekning som er nødvendig for både abonnenten og fellesskapet.
-informera om innhald i og endringar i vass- og avlaupstjenestene, som er av betyding for abonnentane.

II. Vass- og avlaupsgebyr

§ 5.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avlaupstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 6.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avlaupstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avlaupstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsnett. Ved bruksendring eller påbygg vert det rekna tilleggstilknytingsgebyr slik: Eingongsgebyr rekna ut frå at bygget totalt sett skulle vera nybygg minus eingongsgebyr for eigedommen slik han er før bruksendring eller påbygg etter gjeldande satsar. Det vet ikkje betalt tilbake tilknytingsgebyr ved bruksendring.

Eingongsgebyr for tilknyting skal betalast seinast før gravearbeidet i tomta startar eller for eigedom der det står bygg frå før, før tilkopling. I dei tilfelle der bygg vert pålagt tilkopla til offentleg nett, fell eingongsgebyr for tilknyting til betaling når vedtak om pålegg om tilknyting vert fatta.

Grunnlaget for utrekning er storleiken på bygning BRA. Det kan krevjast auka tilknytingsgebyr ved stor forureining eller nettbelastning.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det blir ekstra høge eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

§ 7.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avlaupstenester betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr (stipulert forbruk eller målt forbruk).

Abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje del forventa faste årsutgiftene knytt til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

§ 8.Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori.

-Abonnementsgebyr for næring
-Betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og burettslag
-Berekningsgrunnlaget basert på areal, nettbelastning og forureining.
-Abonnentgebyr kan krevjast for kvar næringseining slik at det kan verte fleire abonnentsgebyr i næringsbygg/eigedommar med fleire einingar
-Abonnementsgebyr for bustad.
§ 9.Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på målt eller stipulert vassforbruk og pris pr. m³. Bruksareal reknast etter NS 3940.

Fritids/hytteabonnentar betaler anten etter målt vassforbruk og pris pr. m³ eller som ein del av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m³ . Andelen, som vil variera etter forventa brukstid, og omregningsfaktor for stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert i Gebyrregulativet.

Andre abonnentar betaler etter målt vassforbruk og pris pr. m³ , ev etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m³ . Omrekningsfaktor for stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 10.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld vedtektene i kommunen.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av Gebyrregulativet.

§ 11.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslepp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avlaupsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldsavlaup og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avlaupsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaup basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av i kommunens leveringsvilkår.

§ 12.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/brukar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring.

Eingongsgebyr for tilknyting fell til betaling dersom midlertidig tilknyting ikkje vert avslutta når kommunen si godkjenning går ut.

Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. Generelle føresegner.

§ 13.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avlaupsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureinsningslova § 7. Etter forureinsningslova § 73 kan ein gje forureinsningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureinsningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein tidfesta frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, stipuleras årsforbruket.

§ 14.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt ved tilknyting skjer eller 30 dagar etter mottatt faktura.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over tal terminar per år som kommunestyret til ei kvar tid bestemmer.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året.

Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over tal terminar per år som kommunestyret til ei kvar tid bestemmer, basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre å konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring tinn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphøyrer abonnementet når melding om at tilkoplingspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 15.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 16.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av rådmannen etter delegert fullmakt.

§ 17.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV–VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyras storleik er forskrift og vedtas av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova. Dette er ikkje enkeltvedtak og kan ikkje påklagast.

§ 18.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. juli 2011 (dato som kommunestyret bestemmer når tilhøva er lagde til rette for iverksetjing av forskrifta).