Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2011-05-12-1548
PublisertII 2012 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2011
Sist endret
EndrerFOR-1997-06-20-732
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort06.09.2012   kl. 14.00
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Askvoll

Heimel: Fastsett av Askvoll kommunestyre 12. mai 2011 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3, og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 16.

§ 1.Verkeområdet

Denne forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon av abonnent i § 2, og den fastset utrekningsmåte og innbetaling av gebyr for dei kommunale vass- og avløpstenestene.

§ 2.Definisjonar
2.1 Abonnent
-Eigar/festar av eigedom som er tinglyst med eige gards- og bruksnummer, eige festenummer, seksjonsnr. (under felles gards- og bruksnummer), eiga sjølvstendig bueining eller sjølvstendig næringseining som er tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
-Festar av eigedom der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plasserte på tomta, og brukar festeretten slik det går fram av lov om tomtefeste.
-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av plan- og bygningslova har kravd tilknytt vass og avløpsleidning.
2.2 Eining
-Med eining i denne forskrifta er meint bueining eller næringseining. Bueining er husvære med separat inngang, eit eller fleire opphaldsrom og i tillegg eige bad/WC og kjøkkendel.
-Sokkelhusvære og hyblar i einebustad som del av ein større bustad under felles gard og bruksnr blir ikkje rekna som eige bueining. Seksjonerte bustader der kvar bustad har eige seksjonsnr. blir derimot rekna som sjølvstendige bueiningar.
-Næringseining er sjølvstendige lokale nytta til næringsverksemd eller offentleg verksemd.
2.3 Kombinasjonsbygg:
-Bygg med både bueiningar(bustader) og næringseiningar(næringsverksemd).
2.4 Kommunal vass- og avløpsleidning
-Leidningar som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen.
2.5 Stikkleidning

Vass- eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedommar som er abonnenten sin eigedom, og som blir halde ved like av denne. Dersom ikkje anna er avtalt, er stikkleidningen rekna til og med anboring for vatn og grein for avløp.

2.6 Gebyrregulativet (gebyrforskrift)

Dette er den gjeldande prisoversikten for vass og avløpsgebyr i kommunen. Satsane blir kvart år oppdaterte gjennom vedtak i kommunestyret.

§ 3.Nærare om gebyra
3.1 Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avløp:

-Tilknytingsgebyr
-Årsgebyr.
3.2 Fritidsbustad

For fritidsbustader (hytter) gjeld tilsvarande reglar som for bustader.

§ 4.Tilknytingsgebyr
4.1 Gebyrplikta

Tilknytingsgebyret skal betalast for alle nye abonnentar slik dette er definert i § 2. Det omfattar m.a.

-Nye sjølvstendige bueiningar og nye sjølvstendige næringseiningar
-Eksisterande sjølvstendige bueiningar/næringseiningar som blir tilknytt eller som kommunen krev tilknytt
-Eksisterande sjølvstendige bueiningar/næringseiningar med tilknyting som ikkje er godkjent
-Annan permanent tilknyting til kommunalt VA anlegg t.d. idrettsanlegg mv.

Tilknytingsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gongen.

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 5.Årsgebyr
5.1 Gebyrplikt - fast og variabel del av årsgebyret

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester skal betalast av alle som er abonnentar jf. slik dette er definert i § 2. Det skal såleis betalast årsgebyr for kvar einskild sjølvstendig bueining og kvar einskild sjølvstendig næringseining.

Gebyret er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr(fastledd)
-forbruksgebyr(variabelt ledd).

Fordelinga mellom abonnementsgebyr og forbruksgebyr i % av dei samla kostnadene til kommunen, blir kvart år fastsett i gebyrregulativet. Det same gjeld storleiken på abonnementsgebyr, forbruksgebyr og prisen pr. m³ for vatn og avløp.

5.2 Abonnementsgebyr (fastledd)

Abonnementsgebyr for bustad gjeld for bustad- og fritidshus, og skal betalast pr. bueining, jf. definisjonen av bueining i § 2.

Abonnementsgebyr for næring skal betalast for næringseigedomar, offentlege verksemder og næringsdel på kombinasjonsbygg. Gebyret skal betalast pr næringseining jf. definisjonen i § 2.

5.3 Forbruksgebyr

Alle abonnentar skal betale etter faktisk (målt) forbruk og pris pr. m³ . Forbruket skal målast med installert vassmålar. Avløpsmengde blir sett lik målt vassforbruk.

Abonnentar som betaler etter areal må innan 1. januar 2014 installere vassmålar.

Abonnentar som i dag betaler etter areal i samsvar med NS 3940, og pris pr. m³ vil framleis kunne gjere dette etter år 2014 dersom abonnenten ved søknad kan dokumentere at ombyggingskostnadane blir uforholdsmessig dyre. Ved stipulering er omregningsfaktorane sett til 1,4 m³ /m² for areal opptil 75 m² deretter 0,7 m³ /m² for areal utover dette.

Ved stipulering av vassforbruket til bustadhus og fritidshus gjeld følgjande: 

Bruksareal (m² )Stipulert forbruk (m³ )
Bustadhus og fritidshus
< 100100
100 - 300170
>300 *225
*For næringsverksemder gjeld særlege reglar.
§ 6.Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Dersom avløpsmengda ein abonnent har, er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret (den variable delen av årsgebyret) for avløp bli rekna ut på grunnlag av stipulert avløpsmengde, ev. kan avløpsmengda målast særskilt.

Dersom avløpsvatnet skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavløp, kan det reknast tillegg eller frådrag i forbruksgebyret (den variable delen av årsgebyret).

Dersom ein eigedom i lenger tid blir fråkopla det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå forbruksgebyret i denne perioden. Gebyret for fråkopling (+ tilkopling), er sett til 50 % av samla årsgebyr. Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløpsvatn gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 7.Om bruk av vassmålar

Den enkelte abonnenten må sjølv koste innkjøp og installasjon av vassmålaren. Kommunen fastset type og storleik på målar.

Installasjon og bruk av vassmålar skal vere i samsvar med: Reglar for bruk av vassmålar i Askvoll kommune - sjå vedlegg 2.1

1Vedlegg utelatt.
§ 8.Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for bygg/anlegg som har innlagt vatn og/eller utslepp av avløpsvatn til kommunalt nett, men der bygget/anlegget berre skal nyttast i ein avgrensa periode.

Gebyret blir fastsett etter dei reglane som gjeld årsgebyr for næringseiningar (næringsverksemd) fastsett i gebyrregulativet. Det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr, men alle faktiske kostnader med tilknyting og fråkopling skal betalast av eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om lenger tid.

§ 10.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra. Eingongsgebyr for tilknyting må vere innbetalt før tilknyting skjer. 

Årsgebyr skal betalast frå og med første månad etter innflytting skjer, eller frå bruksløyve/mellombels bruksløyve/ferdigattest kan gjevast. 

Årsgebyret skal betalast i to terminar årleg. Årsgebyret blir fordelt på dei to terminane. Vass- og avløpsgebyret skal betalast a-konto. Målaravlesing skjer 31. desember og avrekning vil skje første termin året etter.

§ 11.Innkrevjing av gebyr

Krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedommen etter pantelova sin § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 12.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrifta blir gjort av rådmannen.

§ 13.Sakshandsaming/klage

Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak, følgjer reglane i kap. IV–VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til rådmannen, og fristen til å klage er 3 veker.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 14.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2011.

Frå same tid blir forskrift 20. juni 1997 nr. 732 for vass- og avløpsgebyr, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane oppheva.