Kommuneplan for Voss 2011–2022, Hordaland

DatoFOR-2011-06-16-1005
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse16.06.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§11-1
Kunngjort13.10.2011   kl. 14.05
KorttittelKommuneplan for Voss 2011–2022

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Voss kommunestyre 16. juni 2011 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 11-1.

I

I medhald av § 11-1 plan- og bygningslova har Voss kommunestyre vedteke «Kommuneplan for Voss 2011–2022».

Kommunestyret sitt vedtak kan ikkje påklagast, men Miljøverndepartementet kan i spesielle tilfelle gjera endringar i planen, jf. § 11-16.

Kommuneplanen er den overordna planen for Voss kommune og omhandlar vesentlege oppgåver og aktivitetar i kommunen. Den inneheld ein samfunnsdel med målformuleringar og handlingsprogram og ein bindande arealdel med føresegner og kart som viser noverande og framtidig arealbruk i kommunen. Handlingsprogrammet skal vera grunnlaget for kommunen sin økonomiplan.

Planen skal gjelda i 12 år rekna frå 1. januar 2011, men likevel slik at planen skal rullerast etter 4 år.

Kommuneplan for Voss 2011-2022 inneheld ei rekkje føresegner, mellom anna:

-Generelle føresegner (m.a. om plankrav, rekkefølgebestemmelsar, byggegrenser).
-Føresegner til arealformål i arealdelen.
-Føresegner til omsynssoner i arealdelen.
-Føresegner for campingplassar og oppstillingsplassar for campingvogner.
-Føresegner for skilt og reklame.

Kommuneplanen (samfunnsdelen) og kommunestyret sitt vedtak er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss og er tilgjengeleg på kommunen sine internettsider www.voss.kommune.no under planar/kommuneplan.

II

Kommuneplanen gjeld frå 16. juni 2011.