Forskrift om tvungen renovasjon for hytter og fritidshus, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2011-07-29-1119
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse25.12.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort24.11.2011   kl. 14.20
KorttittelForskrift om renovasjon for hytter, Bremanger

Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 29. juli 2011 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30 og § 34. 

Med verknad frå 1. januar 2012 vert det innført tvungen renovasjon for alle hytter, fritidshus og bustader som vert nytta som fritidshus i Bremanger kommune etter kategoriar og med differensierte satsar avhengig av kategori. 

4.9.1.

1.Kategori 1 (høg sats) 50 % av standardgebyret

Hytter, fritidshus og bustadhus der det ikkje er fastbuande, og som oppfyller alle 3 kriteria:

a.Innlagt straum
b.Vatn og avlaup
c.Veg som er køyrbar heile året eller båtbrygge.
2.Kategori 2 (middels sats) 30  % av standardgebyret

Hytter, fritidshus og bustadhus der det ikkje er fastbuande, og som ikkje fell inn under kategori 1, 3 og 4, og som oppfyller minst 1 av kriteria i kategori 1.

3.Kategori 3 (låg sats) 10 % av standardgebyret

Alle hytter, hus, sel som er større enn 20 m² BRA, og som ikkje oppfyller nokon av kriteria i kategori 1, 2 eller 4.

4.Kategori 4 (fritekne)

Hus, hytter og sel mindre eller lik 20 m² BRA (standardforskrifta pkt. 4.5). Huseigar kan søkje om fritak for hus som står til nedfalls. 

4.9.2

Eigar av hus med renovasjonsabonnement kan søkje om fritak for andre bustadhus på same tunet som ein eig, og som ikkje er utleigd. 

4.9.3

I tvilstilfelle om kven som er omfatta av tvungen renovasjon for hytter og fritidshus, skal NoMil avgjere saka etter å ha innhenta uttale frå kommunen.