Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Sandøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2011-08-31-909
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse01.09.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forSandøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort08.09.2011   kl. 15.20
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Sandøy

Heimel: Fastsett av Sandøy kommunestyre 31. august 2011 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å hindre ureining og helseproblem, som følgje av open brenning og brenning av avfall.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

Uttrykk i forskrifta har denne tydinga:

a)Open brenning: - all brenning som skjer utandørs.

b) Småomnar: - forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) eller Fylkesmannen eller er godkjent brukt etter statlege forskrifter etter ureiningslova.

§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna følgjer av § 5 i forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate:

a)Open brenning frå grill, utepeis og kaffibål.
b)Brenning av avfallstrevirke i vedomn for varmeutnytting, med unnatak av impregnert og malt trevirke.
c)Bruk av avispapir og liknande til opptenning av vedomnar. Det er ikkje løyve til å kvitte seg med avfall på denne måten.
d)Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk.
e)Fullskalaøvingar for brannvesenet etter oppsett årsplan. Øvingane skal gjennomførast etter Sandøy brannvesen sin instruks, som er bygd på Klif sin rettleiar «Åpen brenning og brenning av avfall i småovner». Bygningane må vere miljøsanerte.
f)Brenning av Sankthansbål, etter søknad til brannvesenet. Løyve til brenning vert gjeve under følgjande føresetnader:
1)Bålarrangementet skal gjennomførast av ein ansvarleg person som brannvesenet godkjenner. Denne har ansvaret for at det ikkje oppstår brannfare pga. gneistar eller nærliggjande brennbare ting, og har ansvaret for nedanfor nemnte punkt:
2)Sløkkjereiskap, slik som hageslange bøtter med vatn, skal haldast i beredskap.
3)Den ansvarlege skal sjå til at all varme er sløkt før ein drar frå bålstaden.
4)Til bålbrenninga må ein berre nytte trematerialar, og ikkje ting eller stoff som ved brenning gjev lukt eller sot.
5)Det blir ikkje gjeve løyve til avfallsbrenning.
6)Ein må ha samtykke frå grunneigar.
7)Bålarrangementet må ikkje påføre nærliggjande busetnad ulemper.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan etter søknad, i særlege høve, gi dispensasjon frå forbodet i § 4.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert haldne.

§ 8.Klage

Vedtak etter denne forskrifta er å rekne som enkeltvedtak og kan påklagast til kommunen sitt faste klageutval.

§ 9.Straff

Brot på forskrifta kan medføre straffeansvar, jf. ureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. september 2011.