Forskrift om utslepp frå mindre avlaupsanlegg, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2011-11-09-1098
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse10.11.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelFOR-2004-06-01-931-§12-6, LOV-1981-03-13-6-§9
Kunngjort17.11.2011   kl. 15.00
KorttittelForskrift om utslepp av avløpsvann, Stranda

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 9. november 2011 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 12-6 og lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9. 

Denne forskrifta erstattar følgjande paragrafar i forskrifta om ureining: § 12-7 til § 12-13, jf. § 12-6. Elles gjeld regelverket i ureiningsforskrifta.

§ 1.Føremål

Føremålet med ureiningsforskrifta kap. 11–15 B og denne lokale forskrifta er å beskytte miljøet mot uheldige verknader av utslepp av avlaupsvatn.

§ 2.Verkeområde for lokal forskrift

Lokal forskrift gjeld utslepp av sanitært avlaupsvatn frå bustadhus, fritidsbusetnad, bedrifter og andre verksemder med utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). For verksemd som berre slepp ut gråvatn, gjeld denne forskrifta berre dersom det er innlagt vatn. Busetnad der avlaupet er tilkopla offentleg avlaupsanlegg er unnateke verkeområde for denne forskrifta.

§ 3.Definisjonar

Definisjonane i forskrifta om ureining § 11-3 gjeld for denne forskrifta. I tillegg gjeld følgjande: 

Innlagt vatn: Vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom røyr eller slange er ført innandørs. 

Soneinndeling: Delområde med særskilte krav til reinseeffekt. 

Sone 0: Nedbørfelt til kommunale og større private drikkevasskjelder.

Sone 1: Tettbygde bustad- og hyttefelt. Krav om samla vass- og avlaupsplan.

Sone 2: Område med lausmassar med mulegheiter for infiltrasjonsanlegg.

Sone 3: Område der avlaupsvatn primært skal knytast til offentleg avlaupsnett.

Sone 4 A: Område med utslepp til sjø (ikkje avgrensa). Krav om slamavskiljar.

Sone 4 B: Område med utslepp til ferskvatn (ikkje avgrensa). Krav til reinseeffekt skal vurderast i forhold til brukarinteresser og fare for eutrofiering. 

Svartvatn: Avlaupsvatn frå vassklosett, eller andre kjelder der urin og/eller fekaliar normalt vert transportert med vatn. 

Gråvatn: Avlaup frå kjøkken, bad og vaskerom (med unntak av klosettavlaup). 

Tot P: Total fosfor. 

BOF5 : Biokjemisk oksygenforbruk over fem døger. Innhald av organisk stoff. 

SS: Suspendert stoff. Mål på innhald av partiklar i avlaupsvatn. 

TKB: Termostabile koliforme bakteriar (indikator for tarmbakteriar). 

Resipient: Vassførekomst som mottek ureiningar frå avlaupsanlegg. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for alle andre typar anlegg er normalt overflatevatn (bekk, elv, sjø, innsjø, våtmark). 

Veg som kan køyrast: Veg som har tilfredsstillande snuplass og dessutan kurvatur, stigningsforhold, breidde og styrke til å tåle ein tankbil for septiktøming. Om vinteren må vegen vere brøytt og om naudsynt strødd. Kor vidt ein veg kan køyrast eller ikkje etter definisjonen ovanfor, er det kommunen som avgjer. 

Etterpolering: Med etterpolering meiner ein ekstra reinsing etter hovudreinsetrinn (som minireinseanlegg eller reinseanlegg frå gråvatn) for å få stabilisert utsleppskvaliteten og få redusert mengda smittestoff i utsleppsvatnet.

§ 4.Krav til avlaupsnett

Avlaupsnettet skal, utan at det medfører urimeleg store kostnader, dimensjonerast, byggjast, drivast og haldast ved like med utgangspunkt i den beste tilgjengelege teknologien og fagkunnskapen, særleg med omsyn til:

-Mengde og eigenskapar til avlaupsvatnet
-Førebygging av lekkasjar
-Avgrensing av ureiningar av resipienten som følgje av overlaup.
§ 5.Soneinndeling etter resipientforhold, krav til reinseeffekt og utslepp

Kommunen er delt i soner med krav til reinseeffekt, sjå tabell 1 og figur 1: 

Tabell 1: Soneinndeling med krav til avlaupsløysingar og reinseeffekt.

SonerKrav til avlaupsløysingarMinimumskrav
til reinseeffekt
Maks. utslepps-
konsentrasjonar
Sone 0Krav om avlaupsfri toalettløysing. Vassklosett ikkje tillate. Gråvatn vert reinsa i infiltrasjonsanlegg eller filterkum med Leca (med utslepp til spreiegrøft).Tot P: 99 %
BOF5 : 99 %
TKB: 100 %
Tot P: < 0,1 mg/l
BOF5 : < 2 mg/l
TKB: 0/100 ml
Sone 1Krav om overordna vass- og avlaupsplan for tettbygde hytte- og bustadfelt (for kvar reguleringsplan/områdeplan).Tot P: 90 %
BOF5 : 90 %
Tot P: < 1 mg/l
BOF5 : < 25 mg/l
Sone 2Område med potensiale for bruk av infiltrasjonsanlegg, ut frå geologiske kart. Grunnundersøkingar må utførast.Tot P: 90 %
BOF5 : 90 %
Tot P: < 1 mg/l
BOF5 : < 25 mg/l
Sone 3Tilknyting til offentleg avlaupsnett.SS: 20 %SS: 180 mg/l
Sone 4AUtslepp til fjord: Slamavskiljar.SS: 20 %SS: 180 mg/l
Sone 4BUtslepp til ferskvatn. Reinsekrav skal vurderast ut i frå brukarinteresser og resipientforhold.Tot P: 60–90 %
BOF5 : 70–90 %
Tot P: 1–4 mg/l
BOF5 : 25–75 mg/l

Kommunen kan ved behov fastsetje strengare krav enn det som er oppgitt i tabell 1. For meir utfyllande informasjon om soneinndeling, reinse- og utsleppskrav, viser ein til kommentardelen til forskrifta og i tillegg til teknisk rettleiar til den lokale forskrifta. 

Bruk av tette tankar

Tette tankar skal berre nyttast for klosettavlaup (svartvatn). Det skal nyttast lågtspylande toalett, vakuumtoalett eller tilsvarande. Tette tankar skal tømast ved behov og minimum 1 gang årleg.

Tette tankar kan ikkje nyttast innanfor sone 0, i avgrensa nedbørfelt til drikkevasskjelder. Innanfor sone 1 kan det berre nyttast tette tankar dersom dette er i samsvar med overordna vass- og avlaupsplan.

§ 6.Krav til overordna vass- og avlaupsplan

I tettbygde hytte- og bustadområde (sone 1) vert det stilt krav om utarbeiding av ein overordna vass- og avlaupsplan. Løyve til ev. einskildutslepp kan ikkje gjevast før slik plan er godkjent av kommunen.

Ved regulering av areal til hytte- og bustadbygging i område som ikkje kan koplast til kommunalt avlaupsnett, skal det utarbeidast ein overordna vass- og avlaupsplan til første gongs handsaming av reguleringsplan.

Overordna vass- og avlaupsplan skal sikre at eksisterande drikkevasskjelder ikkje vert ureina, og at eigna område for vassforsyning og lokal avlaupsreinsing ikkje vert bygde ned. Vass- og avlaupsplanen skal godkjennast av kommunen.

Overordna vass- og avlaupsplan skal innehalde følgjande:

-Kartfesta oversikt over eksisterande drikkevassbrønnar + brønntype, både innanfor reguleringsplanen og i område nedstraums som kan bli påverka av den planlagde utbygginga.
-Dokumentasjon av eksisterande vasskvalitet, basert på vassprøver.
-Kartfestet oversikt over eksisterande avlaupsanlegg, anleggstype og utsleppspunkt.
-Kart som viser planlagde vass- og avlaupsløysingar, med omtale av løysingar og grunngjeving for val av løysingar.
-Risikovurdering av eksisterande og planlagt vassforsyning som følgje av utbygging og nye avlaupsløysingar.
§ 7.Krav til dokumentasjon

Alle reinseanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta akseptert dimensjonering og utforming. For dei anleggstypar der VA-miljøblad er tilgjengeleg, skal reinseanlegget prosjekterast og byggjast etter siste versjon av desse. 

Tabell 2: Krav til dokumentasjon for ulike reinsemetodar.

ReinsemetodeVA-miljøblad nr.Andre krav
Slamavskiljar48NS-EN 12566-1
Våtmarksfilter49Sjå *
Minireinseanlegg52NS-EN 12566-3
Infiltrasjonsanlegg59Grunnundersøkingar **
Biologiske filter for gråvatn60Sjå *
Sandfilteranlegg---Teknisk rettleiar
*: Ved avvik frå VA-miljøblad skal det leggast fram dokumentasjon på reinseeffekt for fosfor og organisk stoff målt som BOF5 .
**: Dokumentasjonen skal omfatte grunnundersøkingar og m.a. innehalde informasjon om infiltrasjonskapasitet, hydraulisk kapasitet, eigenskapane til lausmassane eigenskapar som reinsemedium og risiko for ureining. Sjå Norvar-rapport 49/1994 eller Bioforsk-rapport vol. 4 nr. 155 2009.
§ 8.Krav til prosjektering og utføring av reinseanlegg

Føretak som prosjekterer eller utfører avlaupsanlegg omfatta av denne forskrifta skal vere godkjent i aktuelle godkjenningsområde og -klassar i samsvar med plan- og bygningsloven. Dette gjeld både for søknad, prosjektering, utføring og kontroll.

Reinseanlegget skal dimensjonerast, byggjast, drivast og haldast ved like slik at det har tilstrekkeleg yteevne under alle klimatiske forhold som er normale for staden det er oppført. Ved dimensjonering og utforming av reinseanlegget skal det takast omsyn til variasjonar i mengde sanitært avlaupsvatn i løpet av året.

Valt reinsemetode må tilfredsstille gjeldande reinsekrav for avlaupssona anlegget står oppført i.

§ 9.Krav til drift og vedlikehald av reinseanlegg

Eigar av anlegg er ansvarleg for at det vert drive og halde like slik at alle krav vert følgde. Ved bruk av reinseløysingar som inkluderar mekaniske komponentar som krev periodisk ettersyn og vedlikehald, skal anleggseigar inngå skriftleg service- og vedlikehaldsavtale med godkjent føretak.

Service og vedlikehald skal som eit minimum utførast med følgjande intervall:

- Minireinseanlegg:2 gongar årleg.
- Våtmarksfilter:2 gongar årleg.
- Infiltrasjonsanlegg/sandfilter:1 gong kvart andre år.
- Filterkum:1 gong årleg.

Service-/vedlikehaldsføretak skal sende årsrapport for anlegg med service- og vedlikehaldsavtale til kommunen, innan 1. februar påfølgjande år. Anleggseigar skal ha kopi av servicerapport ved utført service. På oppmodning frå kommunen pliktar også service-/vedlikehaldsføretak å leggje fram kopi av servicerapport til kommunen.

Felles private avlaupsanlegg skal organiserast som lutlag eigd av brukarane. Også ved utviding av eksisterande fellesanlegg kan kommunen krevje at anlegget vert organisert som lutlag.

En eventuell overtaking av eit felles privat avlaupsanlegg til kommunal drift og vedlikehald må avklarast med kommunen i forkant av handsaminga av utsleppet.

Slamavskiljarar og tette tankar skal tømast i samsvar med kommunal tømeordning, sjå eiga slamforskrift. Minireinseanlegg skal tømast i samsvar med kommunal tømeordning, eller samsvar med retningsliner frå leverandøren.

Ved installering av slamavskiljarar, tette tankar eller andre reinseanlegg som krev tøming, vert det stilt krav om at anlegget er tilgjengeleg for tøming frå veg som kan køyrast. Tette tankar må kunne tømast heile året.

Det er ikkje tillate å sleppe ut avlaupsslam eller ristgods i ein vassførekomst, verken ved dumping frå skip, utslepp frå røyrleidningar eller på annan måte.

§ 10.Utsleppstad

Utsleppsstad for reinsa avlaupsvatn skal etablerast på følgjande måtar:

Utslepp til innsjø skal etablerast minimum 3 m under lågaste vasstand.

Utslepp til elv/bekk skal berre skje til vassdrag med heilårs vassføring, jf. § 3 i vassressursloven, eller til leidning for jordbruksdrenasje dersom den munnar ut i resipient med årsikker vassføring.

Utslepp til sjø skal etablerast minimum 2 m under lågaste vasstand.

Utslepp til stadeigne lausmassar (infiltrasjon) skal utformast i samsvar med gjeldande VA-miljøblad.

Utsleppsstad for avlaupsvatn frå reinseanlegg skal elles lokaliserast og utformast slik at verknadene av utsleppet på resipienten og inngrep i naturen blir minst mogleg, og at ein unngår konflikt med andre interesser. Krav utover minimumskrav kan setjast i einskildsaker etter vurdering av lokale forhold.

§ 11.Tilsyn og kontroll

Kommunen er ureiningsmynde og fører tilsyn med at regelverket og vedtak fatta i samsvar med ureiningsforskrifta kapittel 12 følgjast. Ureiningsmyndet har rett til og pliktar å utføre tilsyn med avlaupsanlegga. Tilsynet kan gjerne vere risikobasert og vil også kunne omfatte kontroll av yting til anlegga og dessutan kontroll av kvalitet på utført service og vedlikehald. Alle reinseanlegg, bortsett frå slamavskiljar og infiltrasjonsanlegg, skal ha godt tilrettelagt moglegheit for prøvetaking på utlaup. Kommunen kan etter ei tids drift, eller ved mistanke om ureining, be anleggseigar sende inn analysar som viser effekten av anlegget. Det skal analyserast på parametrar det er stilt krav til i utsleppsløyvet.

Alle prøver skal analyserast av laboratorium som er akkrediterte for dei aktuelle analysane. Analysemetodar nemnde i ureiningsforskrifta kapittel 11, vedlegg 2, skal nyttast.

All pålagt prøvetaking skal utførast av fagkyndig verksemd og betalast av eigar. Fagkunnig verksemd i denne samanheng er anten kommunen sjølv, eller verksemd som utfører dette på vegner av kommunen.

Kommunen har mulegheit for sanksjonar dersom ytinga på anlegget ikkje er tilfredsstillande, eller dersom service/vedlikehald er mangelfull, jf. ureiningsloven.

§ 12.Lukt

Avlaupsanlegget skal dimensjonerast, byggjast, drivast og haldast vedlike på ein slik måte at omgjevnadene ikkje vert utsette for sjenerande lukt.

§ 13.Dispensasjon

Kommunen har høve til å fråvike krav til avlaupsløysingar og grensekrav i § 5 under spesielle forhold.

§ 14.Iverksetjing

Forskrifta vart sett i kraft 10. november 2011. 

lf-20111109-1098-01-01.jpg

Figur 1: Soneinndeling, med arealavgrensing av sone 0–3. Sone 4A er område langs fjorden, sone 4B er andre areal i kommunen med utslepp til ferskvassresipient. 

Soneinndeling/Lokal forskrift

Sone 0 (rød farge):Nedbørfelt til kommunale og større private vassverk. Stranda, Geiranger, Hellesylt. Påbod om avlaupsfrie toalett. Forbod mot vassklosett. Gråvatnet vert reinsa i infiltrasjonsanlegg eller filterkum med utslepp til spreiegrøft.
Sone 1 (gul farge):Tettbygde hytte- og bustadfelt. Krav om overordna VA-plan. Nysætervatnet, Vassetvatnet, Langøylia, Stavsengfjellet.
Sone 2 (grøn farge):Potensiale for bruk av infiltrasjonsanlegg, i samsvar med geologisk kart. Sandvika, Strandadalen, Synnylvsbygda, Tryggestad, Tronstad. Krav til høggradig reinsing (90 % P og BOF5 ).
Sone 3 (blå farge):Tilknyting til kommunalt avlaupsnett. Stranda, Hellesylt, Geiranger, Liabygda.
Sone 4A (utan farge):Lite sårbare område, utslepp til fjord, krav om slamavskiljar.
Sone 4B (utan farge):Normalområde, utslepp til ferskvatn, reinsekrav vert vurdert i høve til resipient (brukarinteresser og fare for eutrofiering). Fleire reinseløysingar kan nyttast, sjå tabell 1.

Kommentarar 

Til § 2: Verkeområde for lokal forskrift

For fastsetjing av personekvivalentar (pe) til bruk i utsleppsløyve for avlaupsvatn vises det til Norsk Standard NS-9426. Tal pe skal baserast på største tilførselsmengde i løpet av ei veke i løpet av eitt kalenderår (maksveke). For meir utfyllande opplysningar om utrekning av pe viser ein også til kap. 5.2 i SFT rettleiing 95:02 «Miljømål for vannforekomstene». 1 pe tilsvarer utslepp frå ein person (fast busett). 

Til § 4: Krav til avlaupsnett

Hovudmålet er å sikre at avlaupsnettet er funksjonelt til ei kvar tid, slik at avlaupsnettet ikkje fører til ureining. 

Til § 5: Soneinndeling etter resipientforhold, krav til reinseeffekt/utsleppskrav

I sone 0 er det stilt spesielt strenge krav til avlaupsløysingar og reinseeffekt, fordi områda omfattar nedbørsfelta til kommunale vassverk eller større private vassverk. Det bør ikkje tillatast ny busetnad innanfor sone 0. Det vert stilt strenge krav til drift og oppfølging av reinseanlegg for gråvatn.

Krav om overordna vass- og avlaupsplan i sone 1 er heimla i ureiningsloven § 11, som seier at spørsmål om ureining om mogleg skal løysast for større område under eitt.

I sone 1 skal det ikkje handsamast søknader om utsleppsløyve for einskildhytter eller einskildbustadar før det er utarbeidd ein overordna vass- og avlaupsplan for kvart einskild byggeområde/reguleringsplan. Føremålet med ein VA-plan er å sjå vass- og avlaupsløysingar i ein samanheng, slik at lokale drikkevasskjelder ikkje vert ureina.

Avlaupsløysingar for einskildhytter eller einskildbustadar kan berre brukast i sone 1 dersom dette går fram av samla VA-plan. Det må takast spesielle omsyn til lokale drikkevasskjelder.

Sone 2 omfattar dei delar av kommunen der det er størst potensial for å kunne nytte infiltrasjonsanlegg, vurdert på bakgrunn av geologisk kartgrunnlag. Infiltrasjonsanlegg kan likevel berre etablerast der grunnundersøkingar viser at lausmassar på staden har tilstrekkeleg kapasitet til å kunne reinse og transportere bort avlaupsvatn. Metoden set krav til ein viss minimumsavstand frå avlaupsanlegget til grunnvatn, bekk og drikkevasskjelder. Naturlege infiltrasjonsanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta akseptabel dimensjonering og utforming. Der det er mogleg å nytte infiltrasjonsanlegg, bør denne løysinga prioriterast brukt framfor andre reinsemetodar.

I sone 3 skal busetnaden primært knytast til offentleg avlaupsnett. Det kan likevel også opnast for tilknyting til felles private avlaupsanlegg med utslepp til sjø. Dersom det er aktuelt med privat felles avlaupsanlegg eller einskildanlegg med utslepp til ferskvassresipient innanfor sone 3, må krava til reinseeffekt og avlaupsløysing setjast i samsvar med sone 4 B.

Sone 4 omfattar resterande delar av kommunen, og er todelt. Reinsekrav i sone 4 A gjeld avlaup frå busetnad som kan sleppast ut i sjø (fjorden). Reinsekrav i sone 4 B gjeld utslepp til ferskvatn, og vert fastsett på bakgrunn av brukarinteresser og fare for eutrofiering av vassdrag samsvar med tabell 3. 

Tabell 3: Reinsekrav i sone 4 B, fastsett på bakgrunn av brukarinteresser og ved fare for eutrofiering av vassdrag 

Brukarinteresser/parameterMinimumskrav til
reinseeffekt
Maks. utslepps-
konsentrasjonar
A: Ved brukarinteresser
Total fosfor (Tot-P)90 %1 mg/l
Organisk stoff (BOF5 )90 %25 mg/l
B: Fare for eutrofiering:
Total fosfor (Tot-P)90 %1 mg/l
Organisk stoff (BOF5 )70 %75 mg/l
C: Ikkje brukarinteresser eller fare for eutrofiering:
Total fosfor (Tot-P)60 %4 mg/l
Organisk stoff (BOF5 )70 %75 mg/l

Med brukarinteresser meiner ein til dømes interesser knytte til drikkevassforsyning, rekreasjon og næringsverksemd. Rekreasjon omfattar blant anna badeplass, leikeplass og område for vassport. Døme på næringsverksemd er vatning av jordbruksareal.

På bakgrunn av resipienttilstand, og for at det skal være mogleg å følgje opp om reinseanlegga fungerer tilfredsstillande, er det sett krav til maksimum utlaupskonsentrasjonar i lokal forskrift. 

Krav til avlaupsløysingar

Det skal nyttast godkjende avlaupsløysingar som omtala i teknisk rettleiing. Reinseanlegga skal dimensjonerast og utformast etter gjeldande VA-miljøblad, sjå § 7. Kommunen skal vere restriktiv ved søknader om nye, ukjende reinseløysingar. Ved avvik frå gjeldande VA-miljøblad kan utsleppssøknaden avvisast. Alternativt skal det krevjast dokumentasjon på at reinseanlegget tilfredsstiller krava til reinseeffekt og driftssikkerheit i lokal forskrift.

Jamleg vert det introdusert nye anleggstypar på marknaden, der det ikkje finst erfaringsgrunnlag som viser funksjon og yteevne til anlegget over tid. For slike anlegg kan det vere naudsynt med meir oppfølging enn for kjende avlaupsløysingar. Einskilde kommunar set krav om at dersom slike anlegg skal nyttast, skal anlegget ha status som eit forsøksanlegg, med særlege krav til prøvetaking og driftsoppfølging. Det må også vere ein skriftleg avtale mellom leverandør og tiltakshavar, der det m.a. går fram kva for tiltak som skal setjast i verk dersom reinseanlegget ikkje tilfredsstiller fastsette reinsekrav. 

Fastsetjing av strengare reinsekrav enn i tabell 1 og 2

Kommunen har høve til å fastsetje strengare krav til reinseeffekt og til reinsemetodar enn det som går fram av tabell 1 og 2. Det kan t.d. vere krav om etterpolering av reinsa avlaupsvatn frå minireinseanlegg eller reinseanlegg for gråvatn, i område der det er drikkevassinteresser eller badeinteresser.

Løysingar for etterpolering kan vere infiltrasjonsgrøft i lausmassar på staden, sandfiltergrøft basert på tilkøyring av sand, eller kum med sand og/eller Leca. Det bør ikkje vere tillate å nytte kjemikaliar eller UV-anlegg som etterpoleringsløysing. 

Dispensasjon frå § 5

Kommunen har høve til å gjere unntak for reinsekrav i §5 ved spesielle forhold. 

Til § 6: Krav til overordna vass- og avlaupsplan

Krav om utarbeiding av overordna plan for vass- og avlaupsløysingar for områda i sone 1, og ved regulering av areal til bustad- og fritidsbusetnad der avlaupet ikkje kan førast til offentleg leidningsnett gjeld også for framtidige planar for bustad- og hyttebusetnad.

Overordna vass- og avlaupsplan skal utarbeidast av firma med vass- og avlaupskompetanse eller hydrogeologisk kompetanse. Planen skal gi retningsliner for vass- og avlaupsløysingar, utsleppsverdiar og utsleppspunkt. 

Til § 7: Krav til dokumentasjon

Tabell 2 i forskrifta viser til VA-miljøblad og NS-EN standard der dette ligg føre. Dersom det vert søkt om utsleppsløyve for reinseanlegg som ikkje er i samsvar med krava nemnde ovanfor, skal ein krevje å få lagt fram dokumentasjon på reinseeffekt og driftssikkerheit som tilfredsstiller krav fastsett i lokal forskrift.

Det skal ikkje gjevast løyve til å nytte kjemikaliar som kan vere skadelege for miljøet eller vasslevande organismar. Dersom det ikkje kan dokumenterast at risikoen for dette kan neglisjerast, må det setjast krav om bruk av etterpoleringsløysingar for minireinseanlegg. Infiltrasjonsanlegg kan berre etablerast der grunnundersøkingar viser at lausmassar på staden har tilstrekkeleg kapasitet til å kunne reinse og transportere bort avlaupsvatn. Infiltrasjonsanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta akseptert dimensjonering og utforming.

Plassering av slamavskiljarar: Avstand til køyrbar veg og løftehøgde er basert på erfaringstal som er innhenta frå fleire slamtømmefirma. 

Til § 8: Krav til prosjektering og utføring av reinseanlegg

Før anlegget vert bygd, skal utsleppsløyve etter denne forskrifta og byggjeløyve etter plan- og bygningsloven (pbl.) ligge føre. Det vil i dei fleste tilfelle vere naturleg å søkje løyve etter begge lovverk samstundes. Det er likevel ikkje noko i vegen for å søkje utsleppsløyve først, og igangsetjingsløyve på eit seinare tidspunkt. Prosjekterande og utførande føretak skal godkjennast for ansvarsrett i samsvar med pbl. Forskrift om byggjesak etter pbl. set krav til lengde på utdanning og praksis.

Infiltrasjonsanlegg bør nyttast der dette er mogeleg, då det er ei kjend løysing med svært god reinseevne. Anleggstypen krev generelt lite vedlikehald. Den som utfører grunnundersøkingar må ha tilstrekkeleg kunnskap innanfor fagområda geologi, hydrogeologi og vasskjemi, til å kunne vurdere sentrale parametrar som infiltrasjonskapasitet, hydraulisk kapasitet og reinseevne. 

Til § 9: Krav til drift og vedlikehald

Den som utfører service må ha gjennomgått ei naudsynt grunnopplæring og dessutan fått praktisk opplæring i montering og service på det aktuelle anlegget.

Tømefrekvensar for slamavskiljarar, tette tankar og minireinseanlegg går fram av eiga slamforskrift. 

Til § 10: Utsleppsstad

Desse punkta i forskrifta reknar opp dei viktigaste omsyn ein skal ta omsyn til når den ansvarlege skal lokalisere utsleppet, bestemme utsleppsdjup og utsleppsordning. 

Til § 11: Tilsyn og kontroll

Det skal etablerast ein prøvetakingsstad (prøvetakingskum) der prøver kan takast ut. Prøvene skal kunne takast av reinsa avlaupsvatn før eventuell innblanding av drensvatn og tilsvarande. Prøvetakingsstaden skal vere enkelt tilgjengeleg for prøvetaking slik at ein kan ta ut prøver utan å komme bort i røyr og kumveggar.

Prøvetakinga skal vere representativ. I einskilde anlegg kan ein få representative prøver med stikkprøver, medan det ved andre anleggstypar må blandeprøver for eit døger til. Dette vert avgjort i kvar einskilt tilfelle. I tilfelle der reinsa avlaupsvatn kan vere fortynna med drensvatn/grunnvatn bør det takast prøver av både av ureinsa og reinsa avlaupsvatn, og analysane må omfatte både leidningsevne og klorid for å kunne vurdere ev. fortynningseffekt.

Ved feil og manglar på slamavskiljar, tett tank eller anna avlaupsløysing kan kommunen krevje feilen retta innan ein nærmare oppgitt frist. Verkemidlane i ureiningsloven kapittel 7 og 9 vil gjelde. Kommunen kan som ein del av dette til dømes krevje ekstratøming av anlegg på abonnenten si rekning der dette er naudsynt for å førebyggje uønska ureining. 

Til § 12: Lukt

Desse punkta i forskrifta reknar opp dei viktigaste omsyna ein skal ta omsyn til når den ansvarlege skal avgrense eventuelle vesentlege luktulemper.