Vedtak om endring av kommunegrense mellom Jondal kommune og Kvinnherad kommune, Hordaland

DatoFOR-2011-11-22-1160
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forJondal og Kvinnherad kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-2001-06-15-70-§6
Kunngjort08.12.2011   kl. 14.35
KorttittelVedtak om endring av kommunegrense, Hordaland

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Hordaland 22. november 2011 med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 6. 

Kommunegrensa mellom Jondal kommune og Kvinnherad kommune vert endra slik at bygdene Gausvik, Årvik, Årsand og Hesvik vert ein del av Jondal kommune. Grensa vert endra for sjøområdet og landområdet i samsvar med framlagte forslag frå høvesvis Statens kartverk og Kvinnherad kommune. Grensene framgår av vedlegg til dette brevet.

Grenseendringa vert iverksett frå 1. januar 2013. 

pdf.gif  

pdf.gif