Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2011-12-15-1453
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort05.01.2012   kl. 14.55
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Luster

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 15. desember 2011 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 annet ledd.

§ 1.Verkeområdet

Denne forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon av abonnent i § 2, og den fastset utrekningsmåte og innbetaling av gebyr for dei kommunale vass- og avløpstenestene.

§ 2.Definisjonar

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som i Matrikkelen er registrert med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnr. (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
-Festar av eigedom der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og brukar festeretten slik det går fram av lov om tomtefeste.
-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt vass- og avløpsleidning.

Eining:

-Med eining i denne forskrifta er meint bueining. Bueining er bustad med minst eit rom og eigen inngang, med tilgang til vatn og toalett i eigen bueining.

Kombinasjonsbygg:

-Bygg med både bustadar og næringsverksemd.

Kommunale vass- og avløpsleidningar:

-Leidningar som er kommunale eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen.

Stikkleidning:

-Vass- eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedomar som er abonnenten sin eigedom, og som blir halde ved like av denne. Dersom ikkje anna er avtalt, er stikkleidningen rekna til og med anboring for vatn og grein for avløp.
§ 3.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avløp:

-Tilknytingsgebyr
-Årsgebyr
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 4.Tilknytingsgebyr

Tilknytingsgebyret skal betalast for alle nye abonnentar slik dette er definert i § 2. Det omfattar m.a.:

-når eigedom med hus eller anlegg blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett.
-ved førstegongs oppføring av bygg eller anlegg på eigedomen som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett eller gjenoppretta tidlegare tilkopling til vass og/eller avløpsnettet.
-nye sjølvstendige eigedomar (med eige gards- og bruksnummer, festenummer eller seksjonsnummer).
-annan permanent tilknyting til kommunalt VA anlegg t.d. idrettsanlegg mv.

Tilknytingsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting til kommunalt nett eller når allereie tilknytt bygning vert frådelt eller seksjonert.

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvar år blir fastsett av kommunestyret.

§ 5.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester skal betalast av alle som er abonnentar. Gebyret er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr (fast ledd)
-forbruksgebyr (variabelt ledd).

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Fordelinga mellom abonnementsgebyr og forbruksgebyr i % av dei samla kostnadene til kommunen, blir kvart år fastsett i gebyrregulativet. Det same gjeld storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr. 

Abonnementsgebyr

Abonnentsgebyret blir differensiert etter brukarkategori.

Abonnementsgebyr for bustad gjeld for bustad- og fritidshus, og det skal betalast eitt gebyr pr. eining, jf. definisjonen av eining i § 2 og kommentarane til denne. Burettslag eller bustadsameige beståande av kun bueiningar skal betala abonnementsgebyr for kvar bueining. Unnataket er hyblar som vert belasta med 0,5* abonnementsgebyr for kvar hybel.

Abonnementsgebyr for næring skal betalast for næringseigedomar, offentlege verksemder, landbrukseigedommar og kombinasjonsbygg. Gebyret blir fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning slik dette går fram av tabellen under.

Dimensjon på leidning i mmGebyrstorleik N x abonnementsgebyr for bustad
≤ 32N = 1
≤ 50N = 2
  63N = 4
≤ 90N = 6
≤ 110N = 8

Kombinasjonsbygg med kontor, forretning og bueiningar får eit abonnementsgebyr etter dimensjon på inntaksleidning. I tillegg får kvar bueining eit abonnementsgebyr.

For bygningar med sprinkelanlegg skal talet på abonnementsgebyr på avløpssektoren vere basert på inntaksdimensjon på forbruksleidning vassforsyning.

Om det er særskilte grunnar for fastsetjing av dimensjonen på leidninga, t.d. lågt trykk, skal det gjerast ei eiga vurdering av storleiken på abonnementsgebyret i samband med handsaming av søknad om tilknyting. 

Forbruksgebyr

Abonnentar med bustadhus og fritidshus betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ , eller stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk er for bustadhus sett til 1,4 m³ /m² for areal opptil 75 m² deretter 0,7 m³ /m² for areal utover dette. For fritidshus er omrekningsfaktoren sett til 50 % av omrekningsfaktor for bustadhus. 

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn:

Bruksareal (m² )Grunnlag for utrekning (m² )Stipulert forbruk (m³ )
Bustadhus
Stipulert forbruk (m³ )
Fritidshus, eller bustadhus/våningshus registrert brukt som fritidshus i Matrikkelen
< 807010050
  81–25014015075
>250250225110

Næringseigedomar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå § 6.

Både abonnent og kommune kan krevje at forbruksgebyret blir rekna ut frå målt forbruk.

Bruksareal for bygning eller eining er registrert i matrikkelen, og vert berekna med utgangspunkt i NS 3940. Bruksareal er alt areal av bueining og felles deler som ligger innanfor omslutta vegger.

§ 6.Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Dersom avløpsmengda ein abonnent har er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan årsgebyret (her: forbruksgebyret) for avløp bli rekna ut på grunnlag av stipulert avløpsmengde, ev. kan avløpsmengda målast særskilt.

Dersom avløpsvatnet skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavløp, kan det reknast tillegg eller i frådrag i årsgebyret (forbruksgebyret).

Dersom ein eigedom i lenger tid blir fråkopla det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå forbruksgebyret i denne perioden. Gebyret for fråkopling (og tilkopling), er sett til 50 % av samla årsgebyr vassforsyning og avløp. Dersom berre vatn (eller avløp) er kopla til, blir gebyret rekna for vatn eller avløp høvesvis. Dersom huset/bygningen er riven, kan det etter særskilt søknad gjevast fullt fritak for kommunale VA gebyr, men ønskjer ein seinare ny oppkopling til kommunalt nett må eigar betale nytt tilknytingsgebyr.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløpsvatn gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

Dersom leidningsnettet til ein bygning ved inntakspunktet har mindre statisk trykk enn 15mVs, og dette gjer det naudsynt for abonnenten å ha privat trykkaukeanlegg, har abonnenten rett på 25 % reduksjon av årleg forbruksavgift for dette bygget.

Dersom påkopling til kommunalt avløpsnett krev privat pumpeanlegg, har abonnenten rett på 25 % reduksjon av årleg forbruksavgift for dette bygget.

§ 7.Tilleggsgebyr for ikkje å etterkome pålegg

Kommunen kan krevje tilleggsgebyr dersom abonnenten ikkje:

a)monterer pliktig vassmålar:

Abonnenten for næringseigedom og offentleg verksemd skal betale vass- og avløpsgebyr etter stipulert forbruk inntil målar er installert. I tillegg skal abonnenten betale tilleggsgebyr med 100 % av dette. For mykje stipulert forbruk vert ikkje tilbakebetalt.

Der det ev. vert pålagt montering av vassmålar for bustadeigedommar gjeld tilsvarande.

b)les av målaren og rapporterer forbruket til kommunen til rett tid:

Tilleggsgebyret kan utgjere inntil 50 % av gebyret for høvesvis vatn og avløp. Gebyret blir rekna ut frå gjennomsnittleg forbruk for dei tre næraste føregåande åra.

c)etterkjem pålegg om å fjerne eller kortslutte privat septiktank o.l.:

Tilleggsgebyret skal utgjere 50 % av det vanlege gebyret for avløp.

d)gjennomfører pålegg om å utbetre lekkasje på vassleidning eller annan feil ved sanitæranlegg som fører til auka belastning på leidning eller reinseanlegg; tilleggsgebyret kan utgjere inntil 100 % av gebyr for høvesvis vatn og avløp.

Bakgrunnen for tilleggsgebyret er meirarbeidet kommunen har i samband med sakene. Tilleggsgebyret blir rekna frå fristen for gjennomføring er ute og inntil tiltaket er gjennomført. Ev. pålagt tilleggsgebyr vert ikkje refundert/avrekna.

§ 8.Om bruk av vassmålar

Den enkelte abonnent må sjølv koste innkjøp og installasjon av vassmålaren. Kommunen fastset type og storleik på målar.

Installasjon og bruk av vassmålar skal vere i samsvar med Reglar for bruk av vassmålar i Luster kommune.

§ 9.Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for bygg/anlegg som har innlagt vatn og/eller utslepp av avløpsvatn til kommunalt nett, men der bygget/anlegget berre skal nyttast i ein avgrensa periode.

Gebyret blir fastsatt etter dei reglane som gjeld årsgebyr for næringsverksemd.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om lenger tid.

Gebyr for mellombels tilknyting går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 10.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Eingongsgebyr for tilknyting må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Årsgebyr blir kravd inn saman med andre kommunale gebyr. Ved bruk av vassmålar blir forbruksgebyret å betale à konto basert på forbruket året før. Målaravlesing skjer ein gong i året, og avrekning vil skje i 1. termin året etter.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

§ 11.Innkrevjing av gebyr

Krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedommen etter pantelova sin § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 12.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrifta blir gjort av rådmannen

§ 13.Sakshandsaming/Klage

Avgjerd etter denne forskrifta som er eit einskildvedtak, følgjer bestemmelsane i kap. IV–VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til rådmannen, og fristen til å klage er 3 veker.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 14.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2012

Kommentarar til dei einskilde paragrafane i forskrift om vass- og avløpsgebyr 

Til § 2 Definisjonar

Til definisjon av abonnent.

Kommunen kan krevje inn gebyr for ein eigedom, når det ligg føre vedtak om tilknyting i samsvar med § 65, § 66 eller § 92 i plan- og bygningslova, jf. § 1 i lov om kommunale vass- og avløpsavgifter. 

Til definisjon av bueining. (Henta frå Føringsinstruks for Matrikkel pkt 6,1.10)

Med bustad blir det her rekna bueining som består av eitt eller fleire rom, og som er bygd eller ombygd som heilårs privatbustad for ein eller fleire personar. Vidare har bustaden eigen tilkomst til rommet/romma utan at ein må gå gjennom ein anna bustad. Ein leiligheit er ein bustad med minst eit rom og kjøkken. Ein hybel er eit rom med eigen inngang berekna som bustad for ein eller fleire personar, som har tilgang til vatn og toalett utan at det er nødvendig å gå gjennom ein annan bustad. Omgrepet bustad er felles både for leiligheiter og hyblar.

Døme på kva som skal reknast som sjølvstendige bustader:

-Hyblar i hybelbygg. Kvar hybel blir rekna som sjølvstendig bustad, sjølv om dei som bur der deler viktige funksjonar som kjøkken og/eller bad. Kjøkken, bad og gang som blir delte mellom fleire av dei som bur der, blir rekna som felles areal.
-Studentbustader som er bygde som bufellesskap. Kvar studenthybel blir rekna som ein sjølvstendig bustad, sjølv om dei som bur der deler viktige funksjoner som kjøkken og/eller bad. Kjøkken, bad og gang som blir delt av fleire, blir rekna som fellesareal og ikkje ein del av andre sin bustad.
-Ein privat bustad som blir leigd ut til studentar eller andre for å dele bustadutgiftene, blir rekna som ein bustad.
-Bueiningar i bufellesskap for eldre eller funksjonshemma. Oftast er det tenester knytta til slike bustader, men dei er å forstå som sjølvstendige bustader fordi dei som bur der har eigen økonomi.
-Private bustader tilpassa pleiebehov. Her gjeld det same reglane som for einingar i bufellesskap for eldre eller funksjonshemma.
-Heilårsbustader som blir brukte til fritidsbustader.

Døme på einingar som ikkje skal reknast som sjølvstendige bustader:

-Utleigerom i privat bustad. Det som ofte blir kalla å bu på hybel eller utleigerom, blir ikkje rekna som sjølvstendig bustad, då ein må gå gjennom bustaden til andre for å kome til eige rom.
-Utleigerom på pensjonat eller liknande.
-Rom på institusjon. Ein institusjon blir rekna som felleshushaldning når dei som bur der blir tilbode kost og heildøgnspleie og omsorg, og har delvis felles økonomi t.d. ein sjukeheim.
-Rom i arbeidsbrakke som er sett opp som mellombels bustad.
-Rom i militærforlegning, sjukehus eller fengsel.
-Rom i mottak for flyktningar eller asylsøkjarar.
-Apartementbustader og andre fritidsbustader. 

Til § 3 Gebyrtypar

Kommunen har innført 2 gebyrtypar på vass- og avløpssektoren. I følgje lov om kommunale vass- og kloakkavgifter skal det både vere eit eingongsgebyr og eit årleg gebyr. Årsgebyret er her ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr) slik forskrift om begrensing av forurensinger krev. Det er og innført eit gebyr for mellombels tilknyting.

Det vil vere tilhøve som gjev grunnlag for tillegg eller fråtrekk i årsgebyret jf. § 5.

Nærare omtale er gitt under dei enkelte paragrafane. 

Til § 4 Tilknytingsgebyr

Gebyret for tilknyting skal ikkje referere seg til nokon bestemt del av kostnadane som kommunen har på sektoren, men intensjonane med gebyret er at det skal dekkje ein forholdsmessig del av kommunen sine samla kostnader med vassforsyning og avløp.

Denne forskrifta fastsett at abonnentar med bustad/fritidshus og andre typar abonnentar skal betale eitt tilknytingsgebyr uavhengig av storleiken på bygget/huset. Storleiken på tilknytingsgebyret er fastsett i gebyrreglementet.

Når det på ein eigedom som har betalt ei tilknytningsavgift blir frådelt ei eller fleire tomter, med eller utan påståande bygningar, skal det betalast ny tilknytingsavgift for kvar av dei nye eigedomane. Det same gjeld om eit hus med fleire bueiningar blir seksjonerte. 

Til § 5 Årsgebyr

Fordeling mellom abonnementsgebyr og forbruksgebyr i % av dei samla kostnadene til kommunen går fram av gebyrregulativet.

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori. Brukarkategorien bustad og fritidshus betalar like stort gebyr pr eining jf. definisjonen av eining i § 2. For brukarkategorien næring (inkludert gardsbruk) blir gebyret fastsett etter storleiken på inntaksleidning dvs etter den kapasiteten på leidningsanlegget har. Med fleire leidningar skal alle leidningane reknast med.

Forbruksgebyret kan målast eller stipulerast for bustad og fritidshus, og skal målast for næringsbygg, offentlege bygg og kombinasjonsbygg. For burettslag gjeld reglane for bustadhus.

Dersom det ikkje er praktisk mogleg å få montert ein vassmålar på ein frostsikker stad, blir forbruket fastsett av kommunen etter ei konkret vurdering av kva som er venta forbruk for eigedommen.

Både abonnent og kommune kan krevje betaling etter målt forbruk.

Avløpsgebyret skal reknast ut frå at avløpsmengda blir sett lik målt eller stipulert vassforbruk. Eventuelt unntak frå denne regelen går fram av § 6 i forskrifta. 

Døme 1

Kombinasjonsbygg med 110 mm inntaksleidning, 8 butikkar i 1. etasje og 8 bueiningar i 2. etasje. Av bueiningane i 2. etasje er 3 seksjonerte ut med eige seksjonsnr. medan 5 er utleigebustader. I næringsarealet er sprinkleranlegg montert slik at 110 mm inntaksleidning er nødvendig for få fram nok vatn til sprinkleranlegget. Forbruksleidninga for vatn i dette bygget er 63 mm.

Abonnementgebyr vatn skal utgjere følgjande:

-Nødvendig inntaksleidning 110 mm → N=8
-8 bueiningar i kombibygg → N=8

Til saman 16 abonnementsgebyr vatn skal betalast. Dei seksjonerte husværa skal betale kvar sin del medan resten tilfell eigar av bygget.

Abonnementsgebyr kloakk skal utgjere følgjande:

-Forbruksleidninga vatn som er 63 mm → N=4
-8 bueingar → N=8

Til saman 12 abonnementsgebyr kloakk skal betalast.

Vassmålar skal vere montert på inntaksleidning til bygningen. For dei 8 bueiningane er valfritt kor vidt vassmålar skal installerast. Dersom ikkje vassmålar er installert, blir vassforbruket stipulert ut frå storleiken på husværet. Stipulert/målt vassforbruk for dei 8 bueiningane kjem til fråtrekk på det målte forbruket på inntaksleidningen inn til bygget. 

Døme 2

Kombinasjonsbygg med 63 mm inntaksleidning, 4 butikkar i 1. etasje og 4 bueiningar i 2. etasje. Av bueiningane i 2. etasje er alle 3 seksjonerte ut medan 1 er for utleige.

Abonnementsgebyret skal utgjere følgjande:

-Inntaksleidning 63 mm → N=4
-4 bueiningar kvar med N=1

Til saman 8 abonnementsgebyr skal betalast. Dei seksjonerte husværa skal betale kvar sitt medan resten tilfell eigar av bygget. 

Døme 3 a)

Gardsbruk tilkopla kommunal vassforsyning er næringsabonnentar og skal installere vassmålar. Driftsbygningen er næringsbygg og forbruk her skal målast. Bustadhusa på gardsbruk kan reknast som hushaldsabonnent og kan velja stipulering eller måling.

Består av:

Driftsbygning og 2 våningshus. Alternative løysingar:

A: Målar i felles inntak. Betaling: 1 stk. abonnementsgebyr + målt forbruk (under føresetnad av at inntaksleidninga er mindre eller lik 32 mm). Same resultat vil bli dersom det vert montert vassmålar i alle bygningar. I begge desse tilfella vil alt vatnet bli målt.

B: Målar i driftsbygninga, stipulert forbruk våningshus. Betaling: 3 stk. abonnementsgebyr (eit for kvart hus), måling forbruk driftsbygning og 2 stipulerte forbruk for bustadhus. 

Døme 3 b)

Gardsbruk med 2 våningshus på eigedommen. I gardsdrifta inngår driftsbygning, lagerbygning og 5 utleigehytter. Inn på eigedommen går det ein 63 mm inntaksleidning.

Abonnementsgebyr blir følgjande:

A)Viss alt vatn blir målt (sjå 3a):
-Inntaksleidning 63 mm → N=4

Det skal betalast 4 abonnementsgebyr.

B)Viss kun driftsbygninga og lagerbygninga blir målt:
-1 abonnementsgebyr for driftsbygninga og lagerbygninga
-Eitt abonnementsgebyr for kvar av bustadhusa og kvar av hyttene

Til saman vil det her bli 8 abonnementsgebyr.

Forbruksgebyr: Målt for driftsbygninga og lagerbygninga, stipulert etter storleik for bustadhusa og hyttene. 

Døme 4

Einebustad med eige sokkelhusvære på 45 m² til utleige. I dette tilfellet skal det betalast 2 abonnementsgebyr. Forbruksgebyret skal anten reknast etter målt eller stipulert forbruk for kvar av einingane.

Dersom sokkelhusværet står tomt eller det er brukt av husstandsmedlemar kan bustaden etter søknad om endring i Matrikkelen omklassifiserast til berre å innehalde ei bueining. Dette vil medføre at det berre skal betalast eitt abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr. 

Døme 5

Einebustad med 4 hyblar i sokkel. Kvar av hyblane har eit areal på 15 m² inklusiv felles kjøkken og toalett. Hyblane har eigen inngang og vert rekna som 4 bueiningar.

Det skal betalast 1 abonnementsgebyr for bustaden + 0,5 abonnementsgebyr for kvar av hyblane (bueiningane). Tilsaman 3 abonnementsgebyr.

Forbruksgebyret kan enten målast eller stipulerast for kvar av bueiningane. 

Til § 6 Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Avvik mellom vassforbruk og avløpsmengde vil m.a. kunne gjelde næringsverksemder der vatn inngår i produkta t.d. bakeri, eller der vatn blir brukt til kjøling utan at det etterpå går inn på kommunalt avløpsnett. Det vil og m.a. kunne gjelde bustad- og fritidseigedommar som har toalettsystem som ikkje brukar vatn og for landbrukseigedommar.

Avvik med omsyn til innhald i avløpsvatnet vil kunne gjelde verksemder der konsentrasjonen av organisk materiale, næringssalt, feitt og liknande i avløpsvatnet er langt høgare enn i vanleg hushaldsavløp.

For verksemder der avløpsvatnet utgjer ein vesentleg del av den samla avløpsmengda som blir tilført det kommunale anlegget, skal det normalt inngåast særskilt avtale om storleiken på gebyret.

Føresetnaden for tillegg eller reduksjon i gebyret er at kommunen får auka eller reduserte kostnadar med drift av sine avløpsanlegg. Storleiken på tillegg/frådrag blir fastsett etter avtale mellom abonnent og kommune evt. av kommunen dersom slik avtale ikkje kjem i stand.

Alle fråtrekk eller tillegg i årsgebyret her gjeld berre forbruksgebyret.

Dersom ein eigedom ikkje er i bruk over lenger tid, vil det etter søknad kunne gjevast fullt fritak for forbruksgebyret. Ev. fritak gjeld frå første årsskifte etter at søknaden er godkjent, og abonnenten har gitt kommunen melding om at leidningane kan koplast frå.

Det kan også gjevast fritak for abonnementsgebyret dersom ein bygning blir riven, og/eller det er stor sannsynlegheit for at huset/eigedomen ikkje vil bli teken i bruk att i overskueleg framtid. Dersom fritaket er innvilga og ein seinare ønskjer å kople seg på kommunalt nett, må ny tilkoplingsavgift betalast, sjå § 4.

Kommunen kan ta betalt for å stenge av/kople til vass og avløpsleidningar til ein eigedom som ikkje er i bruk. Med avstenging/fråkopling er og meint plombering av stoppekran. Det skal reknast eit gebyr for frå- og tilkopling.

Restriksjonar for bruk av vatn, for eksempel forbod mot eller redusert hagevatning, periodevis utkopling når det er lite vatn eller liknande, gjev ikkje grunnlag for fritak eller redusert gebyr. Det same gjeld ved kortare avbrot i samband med lekkasjar, utbetring av leidningsnett, byggeprosjekt og liknande. Med kortare avbrot i leveranse av vatn eller mottak av avløpsvatn er her meint inntil omlag 1 døgn jf. hovudplan for vassforsyning. 

Til § 9 Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting vil for eksempel gjelde for anleggsbrakke og liknande som blir sett opp i samband med byggje- eller anleggsverksemd. Det er eigar/festar av eigedommen som er ansvarleg for å betale gebyret, sjølv om brakkeriggen er sett opp og eigd av andre.

Kostnadar med den fysiske tilknytinga og fråkoplinga må eigar/festar av eigedommen betale, men det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr i samband med mellombels tilknyting. 

Til § 11 Innkrevjing av gebyr

Ved manglande innbetaling av årsgebyr, kan kommunen ta pant i eigedommen. Kravet på årsgebyr har, på linje med skatt, førerett framfor andre krav (heftelsar) på eigedommen. 

Til § 14 Iverksetjing

Denne reviderte forskrifta er gjort gjeldande frå 1. januar 2012. 

Vedlegg

Reglar for bruk av vassmålar 

Innkjøp og installasjon av vassmålar

Målaren blir kjøp inn og betalt av abonnenten, og han er abonnenten sin eigedom. Kommunen bestemmer type, plassering og storleik på målaren, tilpassa forbruket.

Abonnenten må og koste installasjonen og ev. flytting av målaren. Installasjon av målar skal utførast av ein røyrleggjar som er godkjent av kommunen. Vassmålaren må plasserast slik at han er lett tilgjengeleg både for avlesing og kontroll/utskifting. Etter montasje skal vassmålaren plomberast av kommunen eller av godkjent røyrleggjar. 

Avlesing

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong i året. Abonnenten skal lese av målaren og melde inn data til kommunen innan fastsett tid. 

Kontroll

Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla tid.

Kommunen kan til ei kvar tid, ev. etter skriftleg søknad frå abonnenten, kontrollere målaren. Dersom kontrollen viser feilavlesing på meir enn 5 %, skal årsgebyret justerast for det føregåande året. Eventuell utskifting av målaren skal abonnenten sjølv koste. 

Fleire tilknytingar

Kvar eigedom skal normalt berre ha ei tilknyting. I dei tilfella ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein målar for kvar. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkommande. 

Andre tilhøve

Når vassmålar er montert, kan han ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.

Dersom vassmålar ikkje kan plasserast frostsikkert, skal gebyret baserast på stipulert forbruk etter vedtekne berekningsreglar.

Dersom ein målar blir skada, skal abonnenten straks melde dette til kommunen. Plomberte målarar kan berre opnast av kommunen sitt personell eller under oppsyn av kommunen sitt personell. Er ei plombe broten, blir vassforbruket for vedkommande termin fastsett til pårekna multiplisert med 2.