Forskrift om innkreving av gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall, Ål kommune, Buskerud

DatoFOR-2011-12-15-1525
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse15.12.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅl kommune, Buskerud
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2003-12-05-1909
Kunngjort26.01.2012   kl. 14.45
KorttittelForskrift om gebyr for næringsavfall, Ål

Heimel: Fastsett av Ål kommunestyre 15. desember 2011 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 52a og delegeringsvedtak 5. desember 2003 nr. 1909.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld innkreving av gebyr til dekning av kommunen sine kostnader knytt til tilsyn av eigar av næringsavfall, som ikkje i art eller mengde skil seg vesentleg frå hushaldningsavfall, i Ål kommune.

§ 2.Plikt til å betale gebyr

Eigar av næringsavfall, som ikkje i art eller mengde skil seg vesentleg frå hushaldningsavfall, skal betale gebyr for kommunen sitt tilsyn med handtering av dette avfallet.

§ 3.Gebyr for tilsyn utført av kommunen

For tilsyn utført av kommunen skal det betalast gebyr etter medgått tid.

Satsen for medgått tid vert fastsett årleg av kommunestyret gjennom gebyrregulativet for Ål kommune.

§ 4.Generelle prinsipp for utrekning og fastsetting av gebyr

Gebyra skal samla ikkje overstige kommunen sine kostnader ved tilsynsordninga. Kommunen fastset og regulerer dei til ein kvar tid gjeldande gebyrsatsar.

§ 5.Innkreving av gebyr, renter mv.

I etterkant av tilsynet, som skal dokumenterast gjennom ein tilsynsrapport, vil verksemda ta imot underretning frå kommunen om gjeldande gebyrsats for tilsynet.

Gebyret forfell til betaling 30 dagar etter at verksemda har motteke skriftleg varsel om betaling.

§ 6.Unntak

Kommunen kan i einskilde tilfelle, når særskilte høve ligg føre, sette ned eller fråfalle gebyr.

§ 7.Når tek forskrifta til å gjelde

Forskrifta gjeld frå 15. desember 2011.