Forskrift om feiing og tilsyn i bygningar, områder mm., Bømlo kommune, Hordaland

DatoFOR-2011-12-19-1526
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forBømlo kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2002-06-14-20-§13
Kunngjort26.01.2012   kl. 14.45
KorttittelForskrift om feiing og tilsyn, Bømlo

Heimel: Fastsett av Bømlo kommunestyre 19. desember 2011 med heimel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvernets redningsoppgåver (brann- og eksplosjonslova) § 13 fjerde ledd.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å verne om liv, helse, miljø og materielle verdiar gjennom auka fokus på førebyggjande tiltak mot brann i bygningar som ikkje vert omfatta av føresegner om særskilde brannobjekt.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle bygningar, områder mm. innafor kommunen sine grenser.

§ 3.Gjennomføring av feiing og tilsyn

Forskrifta gjev kommunen som tilsynsmynde rett til å føra tilsyn med bygningar og områder nemnde i § 2. Den som utfører tilsynet skal vurdera forhold som har verknad for branntryggleiken, medrekna forhold som kan påverka sannsynet for brann og tiltak for å redusera konsekvensane ved ein eventuell brann. Gjennom tilsynet skal det vurderast om brannobjektet er bygd, utstyrt og vedlikehalde i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter om førebygging mot brann.

Gjennom tilsynet skal det vurderast om det er teneleg å la krava til særskilde brannobjekt i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn gjelda heilt eller delvis.

Feiing og tilsyn i fritidsbygningar skal gjennomførast med den frekvensen som tilsynsmynde finner naudsynt, bygd på erfaringar frå tidlegare gjennomført feiing, fyringa si art og omfang (behovsprøvd feiing). Feiing og tilsyn i fritidsbustader skal gjennomførast minst ein gang kvart 6. år.

§ 4.Pålegg

Myndigheita som er lagt til kommunestyret delegerast til brannsjefen. Brannsjefen kan gje pålegg om retting av avvik frå gjeldande lovgjeving, eller gjennomføring av ytterligare sikringstiltak i medhald av brann- og eksplosjonslova § 14.

§ 5.Klage

Vedtak etter denne forskrifta kan påklagast i samsvar med brann- og eksplosjonslova § 41. Kommunestyret er klageorgan for vedtak som er fatta av brannsjefen.

§ 6.Avgift

Kommunestyret fastset årsavgift for feiing og tilsyn etter denne forskrift. Avgifta er normalt ikkje knytt til tidspunkt for feiing eller tilsyn, men gjeld for feieperioden uavhengig av kor tid i perioden tenesta vert utført.

Fritak for avgift kan gjevast for bygningar som ikkje har eldstad som er i bruk.

Som tilstrekkjeleg sikring mot bruk vert å rekna fysisk skilje mellom eldstad og pipe. Eigar er ansvarleg for å informera feiarvernet om at eldstaden ikkje er i bruk, samt å tilpassa fyringsanlegget slik at det ikkje han brukast til oppvarming.

Kommunestyret kan fastsetja særskild avgift for tilsyn i bygningar som ikkje har fyringsanlegg.

§ 7.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2012.