Forskrift om tilsyn med bustader, Førde kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-02-16-167
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse01.03.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2002-06-14-20-§11, LOV-2002-06-14-20-§13
Kunngjort23.02.2012   kl. 14.30
Rettet20.10.2015, lagt til manglende tekst i § 2 og § 5.
KorttittelForskrift om tilsyn med bustader, Førde

Hjemmel: Fastsett av Førde kommunestyre 16. februar 2012 med heimel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 13 fjerde ledd, jf. § 11 bokstav b.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å gjennomføre tilsyn i bustadhus for å forebyggje brann, samt med tanke på å redde liv og avgrense eventuelle branntilløp i bygningar som ikkje vert omfatta av føresegner om særskilde brannobjekt.

§ 2.Verkeområde

Gjeld for alle bygningar som vert brukt til varige bustader. Tilsynet omfattar:

a)Tilsyn på fyringsanlegg, jf. § 7-2 i forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.
b)Tilsyn med varslingsanlegg, jf. § 2-5 i forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.
c)Tilsyn med sløkkjemiddel, jf. § 2-5 i forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.
d)Tilsyn med rømmingsvegar, jf. § 2-3 i forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.
§ 3.Gjennomføring av tilsyn

Tilsyn med bygningane som nevnt i § 2 skal gjennomførast kvart 4. år.

Ved tilsynet skal det gjennomførast ein konkret vurdering av aktuelle tiltak. Der det vert avdekka tilhøve som bryt med reglane i § 2, skal dette skrivast som avvik i brannsynsrapporten.

§ 4.Pålegg

Det kan gjevast pålegg om retting av avvik i høve til gjeldande lovgjeving eller gjennomføring av ytterligare sikringstiltak i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven § 14.

Den myndighet som er lagt til bystyret vert delegert til rådmannen.

§ 5.Klage

Vedtak etter denne forskrifta kan klagast på etter brann- og eksplosjonsvernloven § 41. Klageinstans er klageutvalet.

§ 6.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft 1. mars 2012.