Forskrift om open brenning og brenning av avfall, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-03-14-314
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse14.03.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort19.04.2012   kl. 14.40
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Stranda

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 14. mars 2012 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning (bålbrenning) og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meinast med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Klima- og forurensningsdirektoratet (KLIF) eller fylkesmannen eller er tillate etter statlege forskrifter etter ureiningslova.
c)Sentrumsområde: Eksisterande sentrumsområde som oppgitt i den til einkvar tid gjeldande kommuneplan (arealdelen) for Stranda kommune og eventuelt nyare område regulerte til og tekne i bruk til slikt formål.

d) Bustadfelt: Eksisterande område for bustad- og hyttefelt som oppgitt i den til einkvar tid gjeldande kommuneplan (arealdelen) for Stranda kommune og eventuelt nyare område regulerte til og tekne i bruk til slikt formål. Spreidd bustad- og fritidsbusetnad i LNF-område er haldne utanfor.

§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av forskrifta § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate:

a)open brenning på grillinnretningar, utepeisar, badestampar og kaffebål,
b)brenning av trevirke i vedomn, med unntak av impregnert og måla trevirke,
c)opptenning med avispapir og liknande i vedomn heime eller på hytta,
d)bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strok,
e)jonsokbål, (avfall som bildekk, trykkimpregnert og måla trevirke, plast, isolasjonsmateriale osv. skal ikkje brennast på jonsokbål)
f)rydningsvirke- og flatebrenning i skogbruket,
g)brannvernet si kontrollerte nedbrenning av bygningar, køyrety, båtar, flatebrenning i øvingsformål.

Slik brenning som kan tillatast utan søknad kan likevel krevjast stansa, dersom det oppstår konflikt med omsyn til helseulemper og/eller tryggleik.

Brenning skal ikkje under nokon omstende vere i strid med lov 14. juni 2002 nr. 20 (brann- og eksplosjonsvernloven) under dette § 8-2 i forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn.

I følgje brannlovgjevinga er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogsmark i tidsrommet 15. april til 15. september utan særskilt løyve.

Planlagt brenning skal meldast brannvernet på førehand.

§ 6.Dispensasjon

Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Stranda kommune fører tilsyn med at forskrifta vert etterlevd.

§ 8.Klage

Vedtak etter denne forskrifta kan påklagast til kommunestyret dersom vedtaket er eit einskildvedtak, jf. forvaltningslova § 2b og ureiningslova § 85. Klagen blir handsama etter regelverket i forvaltningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom klagen ikkje blir teken til følgje, skal den leggjast fram for kommunen si faste klagenemnd.

Dersom vedtak er fatta av kommunestyret kan vedtaket påklagast til fylkesmannen.

§ 9.Straff

Rettsbrot mot denne forskrifta kan medføre straffeansvar, jf. ureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 14. mars 2012.

Kommentarar til forskrifta 

Lovheimel

Lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forureiningslova) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706. 

Tilgrensande lovverk

-Lov om helsetjenester i kommunen - § 4a - miljørettet helsevern.
-Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver § 5 - § 6.
-Forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn § 8-2. 

Til § 1. Formål

Formålet med denne forskrifta er å forhindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. Kommunen ønskjer også at forskrifta skal bidra til betre avfallshandtering og auka utnytting av ressursar gjennom avfallsreduksjon, materialgjenvinning og energiutnytting. 

Til § 2. Verkeområde

Forskrifta omfattar alle former for utandørs brenning innanfor kommunegrensene, inklusive brenning i tønner og småomnar som har til hensikt å destruere avfall, samt brenning av avfall i vedomnar. Forskrifta omfattar alt frå brenning av hageavfall, kvist, halm og bråte til brenning av forbruksavfall.

Kommunen har ikkje myndigheit etter forureiningslova § 32 første ledd, som regulerer disponering av produksjonsavfall. Brenning av produksjonsavfall fell difor utanfor forskrifta sitt verkeområde.

Det er leveringsplikt på alt produksjonsavfall, og brenning er forbode. 

Til § 3. Definisjonar

Definisjonane er til dels henta frå Miljøverndepartementet sitt delegeringsbrev av 19. juli 2001 og skildrar kva kommunen har fått myndigheit til å regulere. Definisjon av sentrumsområde og bustadfelt er knytt til eksisterande bebyggelse i den til einkvar tid gjeldande kommuneplan, samt nyare regulerte område, for å sikre at forskrifta sine verkeområde er oppdatert til einkvar tid. 

Til § 4. Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Forskrifta fastsett eit generelt forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Slik brenning er forbode med mindre det omfattast av unntaka i § 5.

I tillegg til denne forskrift, regulerast brenning av forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn 26. juni 2002 nr. 847. Denne forskrifta fastset at det er forbode å gjere opp eld eller behandle ting utandørs på ein slik måte at det representerer ein brannfare, samt eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogsmark i perioden 15. april til 15. september. 

Til § 5. Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate så lenge dette ikkje er i strid med anna lovgiving:

a)Open brenning på grillinnretningar, badestampar, utepeisar og bål brukt i tradisjonelt friluftsliv. Dette omfattar bruk av open eld til matlaging og som varme. Det skal berre nyttast grillkol eller ved/kvist. Sjå elles paragrafen sitt siste ledd.
b)Brenning av trevirke i vedomn, med unntak av impregnert trevirke.

Brenning av trevirke som er impregnert er ikkje tillate sidan dette gir utslepp av helse- og miljøskadelege stoff og gir giftig oske.

c)Brenning av avispapir og liknande til opptenning i vedomn
d)Brenning av bråte og tørt hageavfall er avgrensa frå måndag til fredag.

Det skal ikkje brennast på offentlege fridagar.

Bråtebrenning i tettbygde strok er forbode.

Brenning av hageavfall bør så langt det er mulig unngåast.

Hageavfall bør primært komposterast på eigen eigedom eller leverast til gjenvinningsstasjon.

Av omsyn til bebuarar ved helseinstitusjonar, brukarar av idrettsanlegg, skular og barnehagar, kan kommunen forby brenning på nærliggande areal.

e)Jonsokbål. Under føresetnad av at det brukast reint trevirke.

Avfall som trykkimpregnert trevirke, bildekk, plast, gamle sofaer, vindaugskarmar, hagemøblar osv. skal ikkje brennast på jonsokbål, då slikt avfall kan gje utslepp av svært giftige stoff og gi giftig oske.

Det er berre lov med Jonsokbål på innmark, ettersom det ikkje er lov å brenne bål i skogsmark eller like ved skogsmark i perioden 15. april – 15.september, og at det er kvar einskild sitt ansvar på lik line med å tenne andre bål til andre tider på året.

Brannsjefen kan gå inn og forby bålbrenning som følgje av stor skogbrannfare.

f)Brenning av rydningsvirke frå skog og beitemark. Det skal ikkje brennast på offentlege fridagar.

Av omsyn til bebuarar ved helseinstitusjonar, brukarar av idrettsanlegg, skular og barnehagar kan kommunen forby brenning på nærliggande areal.

g)Nedbrenning av bygning i forbindelse med øvingar i regi av brannvernet.

Bygning skal vere miljøsanert.

Dersom det er behov for gjennomføring av øvingar som omfattar brenning av andre objekt, må det søkast om dispensasjon.

-Øvinga skal inngå i brannvernet sine øvingsplanar
-Øvingsobjektet skal miljøsanerast før påtenning
-Øvingsobjektet skal miljøsanerast/deponerast etter nedbrenning.

Huseigar må sjølv leggje til rette for nedbrenninga (rivingsløyve frå kommunen, miljøsanering m.m.).

Uavhengig av denne forskrifta, gjeld m.a. brannvernlova § 5 om den einskilde si plikt til å førebygge og avgrense skadeverknadar ved brann, samt forskrift om brannforebygging § 8-2 om bruk av eld utandørs. I sistnemnde heiter det m.a. at «det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle ting som representerer en brannfare utendørs under slike forhold eller på slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort ild må ikke forlates før den er fullstendig slokt.»

Brenning som kan medføre brannfare vil vere i strid med brannvernlovgivinga.

I perioden 15. april - 15. september er det forbod mot open brenning i eller i nærleiken av skogsmark utan løyve frå brannvesenet, jf. forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn § 8-2.

Brenning som fører til alvorlige helseplager vil vere i strid med kommunehelsetenestelova.

Slik brenning vil ikkje vere tillate sjølv om det omfattast av forskrifta sine unntaksbestemmingar. 

Til § 6. Dispensasjon

Kommunen vil i særskilte tilfelle kunne gje dispensasjon frå forskrifta.

Eksempelvis kan dette vere aktuelt i samband med søknad om brenning av eit kondemnabelt hus som ledd i brannvernet sitt øvingsopplegg. Då vil kommunen, etter ei miljøfagleg vurdering av søknaden, kunne gje dispensasjon frå forskrifta for dette, dersom det sjåast på som miljømessig forsvarleg. Ein eventuell dispensasjon vil berre kunne aksepterast dersom bygget er miljøsanert. At bygget skal vere miljøsanert inneber at alt inventar og bygningsdelar mv. som inneheld komponentar som kan vere til skade eller ulempe for miljøet skal vere fjerna. Eksempel på dette er PCB-haldige isolerglasvindauge, elektriske installasjonar, lysstoffrør, golvbelegg i PVC mv.

Det er en føresetnad at det er gitt rivingsløyve etter plan- og bygningslova.

Kommunen har ikkje mynde til å gi dispensasjon for brenning av produksjonsavfall eller brenning av avfall i småomnar berekna for destruksjon av avfall (sjå kommentar til § 2 Virkeområde), i det dette krev utsleppsløyve etter forureiningslova § 11. 

Til § 7. Tilsyn

Stranda kommune fører tilsyn med at bestemmingane i forskrifta vert overhelde.

Følgjande verkemiddel kan nyttast ved overtreding av forskrifta: 

Til § 9. Straff/Sanksjon

Ved overtreding av bestemmingane i den kommunale forskrifta kan kommunen nytte følgjande tilgjengelege virkemiddel:

-Gje pålegg etter forureiningslova § 7 fjerde ledd.
-Ilegge tvangsmulkt etter forureiningslova § 73.
-Sette i verk tiltak dersom pålegget ikkje er etterfølgd (jf. forureiningslova § 74).
-Krevje refusjon av utgifter i samband med gjennomføring av tiltak etter forureiningslova § 74.
-Anmelde forholdet (jf. forureiningslova § 78 og § 79).

Ei eventuell tvangsmulkt fastsettast ut frå overtredinga sin alvorligheitsgrad i størrelsesorden frå kr 1000,- til kr 15 000,-. Elles gjeld følgjande:

-Ved første gongs overtredelse sendast skriftleg åtvaring, med varsel om tvangsmulkt dersom ny overtredelse avdekkast.
-Ved andre gongs overtredelse ileggast tvangsmulkt.
-Ved ytterlegare overtredelse vurderast saka anmeldt.
-Ved grove overtredelsar kan strengare sanksjonar vurderast frå første overtredelse.
-Dersom øvre grense på kr 15 000,- ikkje vert vurdert til å vere tilstrekkeleg i høve til overtredelsens alvorligheitsgrad, fremjast saka for politisk behandling.

Dersom person med forsett eller ved uaktsemd, utfører brenning i strid med forskrifta og dette fører til unødig utrykking frå brannvernet, vil ansvarleg for brenninga kunne bli pålagt å dekke brannvernet sine utrykkingskostnadar. Dersom ansvarleg for brenning ikkje rettar seg etter pålegg om slokking, kan kommunen anmelde forholdet.