Forskrift om vass- og kloakkavgifter, Bømlo kommune, Hordaland

DatoFOR-2012-06-11-551
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse01.08.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forBømlo kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§2, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort21.06.2012   kl. 15.00
KorttittelForskrift om VA-avgifter, Bømlo

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Bømlo kommunestyre 11. juni 2012 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 2 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd.

1. Generelle føresegner

Kommunen sine abonnentar betalar gebyr for vass- og avløpstenester levert av Bømlo Vatn- og Avløpsselskap AS (BVA). Tilhøvet mellom abonnenten og BVA er regulert av statlege lovar og forskrifter samt av kommunale forskrifter og abonnementsvilkår. Sentralt lovverk når det gjeld vass- og avløpsgebyr er føljande:

-Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning kapittel 16 om kommunale vass- og avløpsgebyr
-Forskrift om vass- og kloakkavgifter, Bømlo kommune datert 11. juni 2012 (denne)
-Gebyrregulativ for det enkelte år

Andre dokument:

-Gjeldande abonnementsvilkår for vatn og avløp i Bømlo kommune
-Sanitærforskrifta
-VA-norm i Bømlo kommune datert 23. september 2011
-Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp, administrative og tekniske bestemmelser.
1.1. Definisjonar

I denne forskrift meinast med:

a)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avløpsinstallasjonar: Abonnenteiga røyr, installasjonar og utstyr innanfor husets yttervegg, som er tilknytt vass- og/eller avløpsanlegg.
b)Private vass- og avløpsanlegg: Abonnenten sine private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor husets yttervegg, som er tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.
c)Abonnement: Avtale mellom abonnent og BVA om vassforsynings- og/eller avløpstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg til BVA sitt vass- og avløpsanlegg. Avtalen treng ikkje vera skriftleg. Avtale om tilknyting via privat fellesleidning reknast som abonnement.
d)Abonnent: Eigar av eigedom som er tilknytt BVA sitt vassforsynings- og/eller avløpsanlegg, eller som er godkjent eller kravd tilknytt. Fester av eigedom skal stå som abonnent når attståande festetid var 30 år eller meir då gebyrplikta tok til å gjelda, eller festar har rett til å få festeavtalen forlenga slik at samla festetid frå gebyrplikta tok til å gjelda vil kunne bli 30 år eller meir.
e)Eigedom: Fast eigedom registrert som sjølvstendig eining i Matrikkelen. Seksjon etablert i samsvar med til lov om eigarseksjonar reknast som sjølvstendig eining.
f)Bygning: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
g)Bueining: Bustad eller fritidsbustad med eit eller fleire rom, separat inngang og eige bad/wc og kjøkkendel. Hybel/leilegheit blir også rekna som eigen bueining.
h)Bustad: Bygning som er registrert som bustad i Matrikkelen (Kode 111–113, 121–124, 131–136, 141–146, 151–159, 162–163, 193 og 199).
i)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i Matrikkelen. Hytte, sommarhus, seterhus, rorbu og liknande (Bygningstype: 161, 171, 524 og 529).
j)Naust: Blir rekna som eigen bygning (Bygningstype: 183).
k)Garasje/anneks: Bygning som er registrert som garasje/uthus i Matrikkelen (Bygningstype: 181, 182)
l)Bruksareal (BRA): Bruksareal for ein bygning eller brukseining som er registrert i Matrikkelen og berekna med utgangspunkt i NS 3940.
m)Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn.
1.2. Gebyrtypar

Gebyrtypane er:

a)Eingongsgebyr for tilknyting for vatn og avløp
b)Årsgebyr for vatn og avløp
c)Årsgebyr for målt mengde vatn og avløp
d)Gebyr for leige av vassmålar
e)Gebyr for påslepp til offentleg avløp
f)Gebyr for stenging og opning av vassforsyning
g)Gebyr for ulovleg bruk, eksempelvis frosttapping og hagevatning
h)Gebyr for ulovleg tilknyting
i)Eventuelt andre årlege gebyr vedtekne av kommunestyret i Bømlo

Gebyrsatsar vert vedtekne av kommunestyret i eige regulativ.

1.3. Klage og omgjering

Det er ikkje høve til å klage på gebyr som er fastsett i medhald av kommunen sitt gebyrregulativ, jf. forvaltningslova.

Enkeltvedtak treft i medhald av forskrifta, kan klagast til utval for Areal og Samferdsel i Bømlo kommune.

1.4. Fritidsbustad

For fritidsbustader gjelder tilsvarande reglar som for bustader.

2. Eingongsgebyr for tilknyting

2.1. Gebyrplikt

Eingongsgebyr for tilknyting skal betalast for føljande:

a)Nybygg
b)Tilleggsgebyr skal krevjast for tilbygg eller påbygg som aukar bygningens areal:
a.For bustadeigedom når auke i arealet fører til auke på tal bueiningar, jf. § 1-1 bokstav g, eller når auke i arealet er over 50 m² .
b.For annan eigedom når auke i bygningens areal er over 50 m² .
c)Eksisterande bygg som vert tilknytt eller som kommunen krev tilknytt.
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent.
e)Annan permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, eksempelvis vatningsanlegg for landbruk, gartneri, idrettsanlegg, vasspostar, mv.
f)Sprinkleranlegg: For særleg behov utover normal mengde må utbyggjar ta kostnaden med dette.

Eingongsgebyr for tilknyting vert ikkje betalast i føljande høve::

a)Mellombels tilknyting for kortare periode enn 1 – eitt – år.
2.2. Utforming av gebyret

Eingongsgebyret vert fastsett pr. m² bruksareal (BRA) utrekna med grunnlag i NS 3940 eller eksisterande arealdata.

Eingongsgebyret forfell til betaling ved påkrav etter at rammeløyve er gitt eller seinast ved tilknyting. Krav om betaling skal sendast seinast 2 mnd. etter at godkjent byggjesøknad ligg føre. Ved utviding av eksisterande bygg forfell eingongsgebyret til betaling ved påkrav eller seinast 2 månader etter godkjent byggjesøknad.

2.3. Gebyrsats

Størrelsen på gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Gebyrsatsen skal vera det som var gjeldande gebyrsats då kommunen tok imot komplett byggjesøknad eller søknad om tilknyting.

For eksisterande bygning med tilknyting som ikkje er godkjent, skal det betalast tilknytingsgebyr etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet vart fremja.

2.4. Ansvar og betalingsfrist

Abonnenten har ansvaret for betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Gebyret skal vere betalt når tilknyting vert utført.

Arbeid som krev byggjeløyve – medrekna graving og fylling – må ikkje setjast i gong før gebyret er betalt.

3. Årsgebyr

3.1. Gebyrplikt og iverksetjing

Årsgebyr skal betalast for alle bygningar som:

a)Er tilknytt kommunalt vass- eller avløpsanlegg
b)Er pålagt tilknytt i medhald av lov og frist for tilknyting er utgått.

I tillegg skal det betalast årsgebyr der annan permanent tilknyting er utført, eksempelvis vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg, vasspostar, mv.

Gebyrplikta trer i kraft:

a)For eining med stipulert forbruk: ved ferdigattest eller innflytting.
b)For andre einingar: når vassmålar er eller skal væra installert.
3.2. Eigedom utan godkjent tilknyting eller fråkopling

Er tilknyting ikkje godkjent av BVA, skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunkt tilknytinga er utført. Har BVA ikkje anna berekningsgrunnlag, vert gebyret fastsett etter skjønn. Slik berekning inneber ikkje at BVA har godkjent tilknytinga.

Er fråkopling ikkje godkjent av BVA, skal abonnenten betale gebyr inntil fråkoplinga er godkjent.

3.3. Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr, uansett om gebyrkravet er retta mot abonnenten eller annan rekningsmottakar.

Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarleg for gebyra. Gjeld eit slikt samarbeid eit sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdevariabel del av gebyret i høve til eigardel, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

3.4. Utforming av gebyra

Det vert rekna årsgebyr for vassforsyning og avløp med todelt gebyrmodell:

-Ein fast del (fastledd)
-Ein mengdevariabel del (forbruksledd).

Kor stor del av årsgebyret som skal være fast og variabel del, vert fastsett kvart år i gebyrregulativet. Det same gjelder gebyrsatsane.

For bustad reknast fastleddet som ein fast sats pr. bueining. Kommunen kan vedta ulik sats for bustad, fritidsbygning og annan bygning. For annan bygning vert fastleddet utrekna som ein fast sats pr. vassmålar, eventuelt avløpsmålar, men slik at kvar bygning betaler fastledd sjølv om fleire bygningar samarbeider om felles vassmålar.

Mengdevariabel del vert utrekna etter målt eller stipulert forbruk, som vassforbruk i m³ . Det vert ikkje gjeve nedsett gebyr pr. m³ for storforbrukarar av vatn.

3.5. Ansvar for opplysningar om abonnent

Abonnenten skal melde endring i abonnentstilhøvet til BVA.

Inntil BVA har mottatt melding og inntil BVA har oppdatert abonnentdata frå Matrikkelen, skal abonnenten betale årsgebyr som tidligare.

3.6. Berekning av gebyr

Same forbruk i m³ skal leggjast til grunn for berekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.

Fråflytting eller fråvær gjev ikkje grunnlag for frådrag i gebyr. Er bygningar på eigedomen fjerna eller øydelagt slik at den ikkje kan brukast, må det betalast fastledd inntil stikkleidning er fråkopla (plugga) ved hovudleidning.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengde avløpsvatn avvik vesentleg frå målt vassforbruk, kan kommunen basera avløpsgebyret på eigen måling av tilført avløpsvatn til offentlig nett.

For avløpsvatn som avvik frå vanleg avløp til hushaldning og som kan virka fordyrande på drift og vedlikehald av BVA sitt avløpsanlegg, kan kommunen fastsetja eit tillegg til avløpsgebyret til dekking av meirkostnadane. I slike tilfelle vert det inngått ein separat avtale mellom BVA og abonnenten. Eks. storkjøkken utan fettavskiljar.

For avløpsvatn frå produksjonsprosess e.l. som etter eigen løyve frå kommunen er tillat ført i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag eller sjø, eller i separat kommunal leidning for overvatn, betalast ikkje avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

3.7. Betaling etter stipulert forbruk

Bustader skal betale gebyr etter stipulert forbruk, dersom abonnenten eller BVA ikkje krev at det skal betalast etter målt forbruk.

Stipulert forbruk vert utrekna ut frå bustadens størrelse (bruksareal), der det i gebyrregulativet vert fastsett eit forholdstall mellom bruksareal og vassvolum.

Har eigedomen utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³ , skal den betale gebyr etter målt forbruk.

3.8. Betaling etter målt forbruk

Gebyr etter målt forbruk skal betalast ved:

-Bygg for næringsformål, offentlege formål, o.l.
-Bygg for både bustad- og andre formål (blandingsbygg)
-Andre anlegg med varig eller mellombels tilknyting i medhald av § 2-1

Bustadabonnent har rett til å få montert vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk. BVA kan påleggja abonnent med stipulert forbruk etter § 3-7 å installera vassmålar og betala gebyr etter målt forbruk.

Bustadabonnent som har installert målar friviljug, kan krevje abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk. Ei slik endring har ikkje tilbakeverkande kraft.

3.9. Retting av feil gebyrutrekning

Har mangelfulle eller feil opplysningar ført til feilaktig gebyrutrekning, skal utrekninga rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar vert normalt ikkje dekka.

3.10. Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag

Abonnent har rett til reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller manglar ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag. Abonnent har rett til redusert gebyr i føljande tilfelle:

-Ved ikkje varsla brot på vassforsyninga i meir enn 24 timar
-Ved ikkje varsla brot på vassforsyninga meir enn 2 gonger i løpet av eitt kalenderår, og kvart brot varer lenger enn 8 timar
-Når hygienisk kvalitet på vatnet er så dårleg at det må kokast før bruk til drikke eller matlaging.

Vilkår for gebyrreduksjonen er at mangelen skuldast tilhøve på BVA si side, for eksempel forureining i vasskjelde eller feil ved BVA sitt anlegg. BVA pliktar å bidra til å avklare ansvarsforholdet.

Generell anbefaling om koking av vatn som sikringstiltak etter trykkfall grunna reparasjon, spyling, brannsløkking mv. gjev ikkje gebyrreduksjon. Sats for gebyrreduksjon vert fastsett i gebyrregulativet.

Krav om redusert gebyr må fremjast innan to månader etter at tilhøvet oppsto, dersom ikkje BVA har fatta eige vedtak om gebyrreduksjon.

4. Vassmålar

4.1. Installasjon

BVA bestemmer:

-Kor mange vassmålarar den enkelte abonnent skal ha
-Type, størrelse og plassering
-Når målar skal installerast.

Ved oppdeling av eksisterande eigedom med vassmålar, i nye eigedommar, skal kvar av dei nye eigedomane ha eigen vassmålar.

Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det vil være urimelege høge kostnader å installera eigen målar for kvar eining. Årsgebyr skal fordelast på abonnentane etter reglane i § 3-3, 2. ledd.

Pålagt vassmålar for ny eigedom skal være installert seinast når det vert gjeve bruksløyve eller eigedomen blir tatt i bruk, og for eksisterande eigedom ved tilknyting. Vert dette utelatt, skal abonnenten for bustadeigedom betale stipulert årsgebyr etter § 3-7.

For annan eigedom vert gebyr utrekna etter skjønn.

4.2. Eigarforhold

Vassmålaren er BVA sin eigedom.

4.3. Kostnadar

Vassmålar som overfor BVA skal nyttast som grunnlag for berekning av årsgebyr, kan leigast ut av BVA. Installering skal dekkast av abonnenten. Vassmålarar utover dette skal dekkast av abonnenten.

For vassmålarar som BVA eig, skal det betalast ei årlig leige i samsvar med satsane fastsett i gebyrregulativet.

4.4. Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålar så nær fastsett tidspunkt for avrekning som muleg og sende resultatet til BVA innan fastsett frist.

Unnlet abonnenten å foreta avlesing, kan BVA fastsetje årsgebyret ved skjønn etter purring. BVA kan også sjølv foreta avlesing utan ytterligare varsel til abonnenten og kan krevja særskilt gebyr for dette.

4.5. Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halda målar lett tilgjengelig for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal føre tilsyn med målar. Blir ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melda frå til BVA. Som skade reknast også at plombering av måler er broten. BVA kan krevja erstatning for tap eller skade.

BVA kan føre tilsyn med målar. Kontrollør frå BVA skal legitimera seg uoppfordra.

4.6. Nøyaktighetskontroll

Både BVA og abonnenten kan krevje ytterlegare nøyaktighetskontroll av målar. BVA avgjer om kontrollen skal utførast av BVA eller av ekstern kontrollinstans.

Kontrollen skal føretas med måleutstyr og prosedyrar for måling som er akseptert av Justervesenet. Kontrollen skal gjelde heile det aktuelle måleområdet.

Ved krav frå abonnenten om nøyaktighetskontroll, må abonnenten ta kostnaden med denne kontrollen om målinga er innafor akseptert avvik.

4.7. Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll visar meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga. Er plomberinga av målaren broten, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetalinga reknast frå det tidspunkt feilen må anta å ha oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar vert ikkje dekka.

Viser målaren meir enn 5 % for lågt forbruk, har BVA krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

4.8. Utskifting og flytting

Er målenøyaktigheten for dårleg, bestemmer BVA om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når vanleg levetid for ein målar er nådd, kan BVA bestemma at målaren skal skiftast ut heilt eller delvis.

BVA kan krevje flytting av målar som er plassert i strid med BVA sitt krav til plassering. Abonnenten skal kosta slik flytting.

5. Private leidningar

5.1. Generelt

Abonnenten har ansvar for det private leidningsnettet og skal vedlikehalde og sikra sine private vassforsyningsanlegg frå tilknytingspunktet fram til offentleg hovudleidning i samsvar med dei reglane som er vedtekne for private sanitæranlegg.

Abonnenten har også ansvaret for å sikra at alle tappekranar er lukka for å unngå vasskadar når vassforsyninga ikkje er i bruk. Han skal også sørgje for at stikkleidning og utvendige kranar er frostsikra.

5.2. Ved skade

Abonnenten er ansvarleg for å utbetra skadar på private leidningar/anlegg snarast etter at det blir oppdaga. Er skaden så stor at den skapar problem for andre abonnentar eller BVA si vassforsyning, vil BVA utbetra denne så raskt som mogeleg. Arbeidet vil bli utført på eigar si rekning.

Er skaden på felles privat leidning, vil kostnaden med reparasjon av skaden bli sendt ein av eigarane.

Abonnenten skal også gje melding til BVA om lekkasjar eller andre tilhøve som krev tiltak på BVA sine forsyningsanlegg.

5.3. Ulovlig bruk

Om ulovleg bruk vert registrert skal abonnenten bera BVA sine kostnader grunna dette.

6. Iverksetjing mv.
6.1. Iverksetjing og oppheving av tidlegare forskrift

Forskrifta trer i kraft 1. august 2012.

Frå same tid opphøyra forskrift 10. mai 19931 om vass- og kloakkavgifter i Bømlo kommune, Hordaland.

1Ikke kunngjort i Norsk Lovtidend.