Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Kviteseid kommune, Telemark

DatoFOR-2012-09-13-922
PublisertII 2012 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endretFOR-2014-06-19-828
Endrer
Gjelder forKviteseid kommune, Telemark
HjemmelFOR-2004-06-01-931, LOV-1981-03-13-6
Kunngjort04.10.2012   kl. 16.40
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Kviteseid

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kviteseid kommunestyre 13. september 2012 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 kap. 16 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven). Endra med forskrift 19 juni 2014 nr. 828.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betalar for vass- og avløpstenester levert av Kviteseid kommune. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lovar og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ. Dei viktigaste dokumenta er:

1.Forskrift om begrensning av forurensning, kap 16. Forskrifta er fastsett av Miljøverndepartementet.
2.Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Kviteseid kommune (dette dokumentet).
3.Andre dokument:
-Gebyrregulativ
-Tekniske normer for vass- og avløpsanlegg i Kviteseid kommune, jf. vedtak i Styret for plan og teknikk 25. september 2003.
-Leveringsvilkår for vass- og avløpstenester i Kviteseid kommune (vedlegg).
§ 1.Føremålet med og verkeområdet for forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverar.

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, jf. definisjon i § 2.

§ 2.Definisjonar
-Abonnent:
-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
-Festar av eigedom der festeavtala ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og brukar festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.
-For festeavtaler med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.
-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avløpsleidning.
-Abonnementsgebyr (fast del)

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekkje dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avløpstenester.

-Bruksareal (BRA) etter NS 3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS 3940.

-Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd.

-Eining:

Med eining i denne forskrifta er meint bueining. Bueining er husvære med eit eller fleire opphaldsrom og i tillegg eiga bad/WC og kjøkkendel.

-Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester.

-Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning.

-Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte. Likt som fritidsbustad/hytte reknast heilårsbustad som berre har innlagt vatn via sommarvassleidning.

-Forbruksgebyr (variabel del)

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert).

-Hybel:

er bueining for utleige med eige kjøkken eller felleskjøkken, og mindre enn 40 m² .

-Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

-Kombinasjonsbygg:

Bygg med både bustad og næringsverksemd.

-Kommunal vass- og avløpsleidning:

Leidningar som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen

-Næringsverksemd:

Forretningsverksemd/forsamlingslokale.

-Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune.

-Stikkleidning:

Vass- eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedomar som er abonnenten sin eigedom, og som blir halde vedlike av denne. Dersom ikkje anna er avtalt er stikkleidning rekna til og med anboring for vatn og grein for avløp.

-Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.

-Tenestedeklarasjon:

Eit dokument som gjer greie for rettane og pliktene til abonnentane og kommunen, kva som skjer når desse ikkje blir etterlevd og kva for høve til å klage som finst.

-Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vatn- og/eller avløpstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vatn- og avløpsgebyr

§ 3.Gebyrtyper

Følgjande gebyrtyper gjeld for både vatn- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting.
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 4.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avløpstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester.

Gebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved fyrstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett.

Abonnentar med bustad- og fritidsbustad skal betale normalsats.

For næringseigedomar, off. bygg og kombinasjonsbygg blir tilknytingsgebyret fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning for vatn.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 5.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-Abonnementsgebyr
-Forbruksgebyr

Samla abonnementsgebyr for høvesvis vatn og avløp skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til desse tenestene. Forbruksgebyret skal dekkje dei variable kostnadene.

Årsgebyret skal reknast frå 1. i månaden etter at det ligg føre ferdigattest, likevel slik at dato blir sett til 6 månader etter dato for byggjeløyve. Det kan etter søknad gjerast unnatak frå dette.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori.

Abonnementsgebyr for bustad gjeld for bustad- og fritidshus, og skal betalast pr. eining, jf. definisjon av eining i § 2. For einebustad med inntil ei ekstra bueining, t.d. hybelleiligheit, skal det berre betalast eitt abonnementsgebyr.

Abonnementsgebyr for næring skal betalast for næringseigedomar, off. verksemder, gardsbruk og kombinasjonsbygg. Gebyret blir fastsett på grunnlag av dimensjonen på inntaksleidninga. Dei nærare reglane blir fastsett i gebyrregulativet. 

Forbruksgebyr

Næringseigedomar, offentlege verksemder skal installere vassmålar og betalar forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Kombinasjonen næring/bustad betalar som vanleg næringsabonnent.

Bustad og fritids-/hytteabonnentar betalar enten etter faktisk (målt) vassforbruk eller som ein del av stipulert forbruk basera på berekning av bruksareal i samsvar med NS 3940, samt pris pr. m³ . Stipulert forbruk er definert i gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 7.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 6.Leige av vassmålar

For eigedomar med installera vassmålar gjeld:

Målaren vert leigd av Kviteseid kommune. Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar i konsoll og eventuell flytting av målaren. Godkjent røyrleggar skal installere målar i samsvar med dei reglane som gjeld til ei kvar tid.

Målaren er kommunen sin eigedom og det vert betalt ei årleg leige som inkluderer kjøp, kontroll, vedlikehald, utskifting og administrasjon. Gebyret går fram av gebyrregulativet.

Dersom abonnenten sjølv ønskjer å kjøpe målar, skal kommunen bestemme type, plassering og storleik av målaren. Når melding er mottatt frå rørleggar, vil målaren bli registrert som installert. Eigar er ansvarleg for vedlikehald, kontroll og utskifting av vassmålar.

Avlesing av vassmålar blir gjort ein gong kvart år. Abonnenten les av og melder dette skriftleg innan fastsett frist. Dersom vassmålar ikkje blir lest av til bestemt tid, eller dersom data ikkje blir innmeld til kommunen, blir årsforbruket stipulert.

Kommunen skal ha fri veg til vassmålar for inspeksjon og kontroll. Målaren må vera plassert slik at den er lett tilgjengeleg både for å lese av og for utskifting.

Kommunen kan til einkvar tid kontrollere vassmålar i bruk. Ved feil på teljarverk på meir enn 5 %, blir forbruksgebyret justera for året før og eventuell utskifting av målaren skjer utan kostnad for leigaren.

Kvar abonnent skal normalt ha ei tilknyting, ved fleire tilknytingar skal det vera ein målar for kvar.

Dersom ein målar i bruk blir borte eller skada, skal abonnenten straks melde dette til kommunen som vil ha rett til å krevje erstatning for tap eller skade. Plombert målar kan berre opnast av kommunen eventuelt under oppsyn av kommunen sitt personell. Er ei plombe brote, blir vassforbruket for terminen sett til stipulert forbruk multiplisert med 4.

Dersom vassmålar ikkje kan installerast på ein frostsikker stad utan urimeleg store omkostningar, blir forbruket fastsett av kommunen etter ei konkret vurdering av kva som er venta for eigedomen.

0Endra med forskrift 19 juni 2014 nr. 828.
§ 7.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp bli basert på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslepp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavløp, og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Abonnenten får reduksjon i vassgebyret tilsvarande abonnementsgebyret dersom vasstrykket er mindre enn 2 eller større enn 8 bar.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 8.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om forlenging. Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. I Generelle føresegner.

§ 9.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten pålegg om utbetring av eigne avløpsanlegg innan ein gjeven frist, jf. ureiningslova § 7. Etter ureiningslova § 73 kan ein gje ureiningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. ureiningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein tidfest frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, blir årsforbruket stipulert.

§ 10.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over 2 terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over 2 terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphøyrer abonnementet når melding om at vassinntaket er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av tilknytingsgebyr. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

Eigedomar som står tome minst tre månader kan, etter søknad, få redusert det stipulerte forbruket til minstesats for fritidsbustad.

III. Avsluttande føresegner

§ 11.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 12.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av leiar for eining for samfunnsutvikling og teknisk drift.

§ 13.Klage

Avgjerd etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klaga blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

§ 14.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2013 og erstattar forskrift 1. januar 20051 om vass- og avløpsgebyr, Kviteseid kommune, Telemark.

1Ikke kunngjort i Norsk Lovtidend.

Vedlegg:

Leveringsvilkår for vatn- og avløpstenester i Kviteseid kommune

Abonnenten har krav på:

-Vassforsyning med nok mengde og av god kvalitet i samsvar med gjeldande lovverk.
-Normalt skal vasstrykket vera på minst 2 og maksimalt 8 bar ved uttak frå kommunal leidning.
-Uttak for brannvatn i nærområdet.
-Sikker bortleidning og rensing av avløpsvatn heile døgnet i samsvar med gjeldande lovverk.
-Reduksjon i vass- og avløpsgebyret dersom tenesta ikkje tilfredsstiller lovpålagt kvalitet, mengde eller trykk.

Abonnenten pliktar å:

-Betale vass- og avløpsgebyr i den storleik og til den tid som kommunen bestemmer.
-Fylgje krav i «Tekniske normer for vatn- og avløpsanlegg i Kviteseid kommune» ved planlegging og utføring av private VA-anlegg med tilknytning til kommunale.
-Utbetre evt lekkasjar på dine private anlegg snarast råd.
-Ikkje tøme restar av kjemikaliar, olje, løysingsmedel eller bleier og liknande i toalettet.
-Ikkje tøme kjøkkenavfall ut i avløpsnettet, td ved bruk av kjøkkenavfallskvern.

Kommunen har krav på å:

-Kunne stenge av vatnet for nødvendig reparasjon på nettet.
-Få dekt alle kostnadene knytt til vass- og avløpstenestene.
-Kunne vedta og endre reglement, reglar, løyve og liknande for å kunne vera tenesteleverandør på ein god måte.

Kommunen pliktar å:

-Levere vatn- og avløpstenester i samsvar med gjeldande lovverk og i den utstrekning som er naudsynt for både abonnenten og fellesskapet.
-Informere om innhald og endringar i vatn- og avløpstenestene, som er viktig for abonnentane.