Forskrift om ordensreglar for grunnskulen, Vågå kommune, Oppland

DatoFOR-2012-09-13-923
PublisertII 2012 hefte 4
Ikrafttredelse13.09.2012
Sist endretFOR-2012-10-01-1481
Endrer
Gjelder forVågå kommune, Oppland
HjemmelLOV-1998-07-17-61-§2-9
Kunngjort04.10.2012   kl. 16.40
KorttittelForskrift om ordensreglar for grunnskulen, Vågå

Heimel: Fastsett av Vågå kommunestyre 13. september 2012 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-9. Endra med forskrift 1 okt 2012 nr. 1481.

§ 1.Heimel

Ordensreglane er gjevne med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-9 om individuell vurdering i grunnskulen av 1. august 2009 og rundskriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet 21. april 2005 om ordensreglement i grunnskuler, har Vågå kommune fastsett forskrift om eit felles ordensreglement for grunnskulen i Vågå.

I tillegg til dei kommunale reglane, har den enkelte skule høve til å utarbeide utfyllande reglar tilpassa dei lokale forholda. Dei kommunale reglane er overordna dei lokale reglane som kvar skule vedtek.

Ordensreglane må sjåast i samanheng med arbeidet skulane gjer for å sikre den enkelte eleven eit godt psykososialt læringsmiljø.

§ 2.Formål

Vågåskulane skal arbeide systematisk for å skape eit utviklande skulemiljø for alle elevane og dei vaksne på skulen. Krenkjande åtferd og mobbing blir ikkje akseptert. Forskrifta tek utgangspunkt i at den offentlege grunnskuleopplæringa er ei rettigheit for barn og unge, og at elevane skal kunne bruke sine positive ressursar for å nå målsettinga om eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø for alle. Skulane skal arbeide aktivt førebyggande for å nå denne målsettinga.

Skulane skal undersøkje alle meldingar som kjem til skulen om mobbing eller krenkjande åtferd.

Alle skulane skal følgje opp mobbar(ar) og mobbeoffer systematisk og dokumentere dette.

Skulane skal samarbeide tett med føresette og etablere gode system for utviklande kommunikasjon.

Skulane sine rutinar skal sikre eit forpliktande samarbeid med foreldre i mobbesaker.

Skulane skal fremje læring i ein trygg og triveleg sosial samanheng.

Skulane vil ha aktive og sjølvstendige elevar som utnyttar sine personlege føresetnader på best mogleg måte.

Skulane i Vågå skal vere ein inkluderande skule der alle elevane skal kjenne seg heime.

For skulane i Vågå er alle elevane likeverdige.

§ 3.Verkeområde

Forskrifta gjeld for alle dei kommunale skulane i Vågå. Den kommunale forskrifta skal ikkje fråvikast.

Elevar og føresette skal årleg få tilsendt kommunen sitt felles ordensreglement og eventuelle lokale «ordensreglar», og skrive under på at desse er lese.

Ordensreglane gjeld for elevane i skuletida og på skulen sitt område og i alle former for undervisning andre plassar enn på skulen sitt område. Forskrifta gjeld og ved leirskule, studieturar, ekskursjonar og andre aktivitetar i skulen sin regi.

§ 4.Reglar for orden og åtferd:
1.Vi vil bruke tida på skulen slik at vi kan lære mest mogleg. Samtidig vil vi stelle oss slik at både elevar og vaksne kan trivast i lag.
2.Vi vil ta omsyn til kvarandre:
-ved å vera snille og vise kvarandre respekt og tillit.
-ved ikkje å utøve krenkjande åtferd.
-Vald, plaging, trakassering, mobbing, kjønnsdiskriminering og rasisme er strengt forbode. Ved tilfelle av mobbing skal kommunen sin handlingsplan mot krenkjande åtferd/mobbing følgjast.
-ved å unngå aktivitetar der vi kan kome til å skade kvarandre, til dømes sykling på skuleplassen i friminutta og snøballkasting.
-ved å ha ei roleg framferd når vi er inne.
-ved å drive ballspel på fastsette område.
3.Vi har ansvar for:
-å stille utkvilde og opplagde til skuledagen med det utstyret som trengst.
-å følgje trafikkreglane på skulevegen og oppføre oss fint på skulebussen.
-å ta godt vare på skulebygg, inventar og skulemateriell. Meld frå viss du kjem i skade for å øydeleggje noko.
-å rydde opp etter oss. Når vi forlet eit arbeidsrom, har alle ansvar for rydding.
-å vera ute i friminutta dersom ikkje noko anna er bestemt.
-å ikkje ete søtsaker, drikke brus eller energidrikk i skuletida utanom ved spesielle opplegg der det er avtala.
-å ikkje ha med oss rusmiddel eller tobakk/snus på skulen eller ved turarrangement i skulen sin regi.
-å halde oss innafor skuleområdet. Skal du utrette noko utanom skuleområdet i løpet av dagen, må du vise melding til kontaktlæraren eller nokon i administrasjonen.
-å bruke hjelm ved opplegg der ein skal sykle, gå på skøyter eller kjøre på ski i alpinbakke.
-å levere melding i meldingsboka når vi har vore borte, eller når vi ikkje kan delta i vanleg kroppsøving.
-å søke permisjon i god tid etter retningslinene i det kommunale permisjonsreglementet ved planlagt fråvær.
-å henge ytterklede og luer på gangen når det er time.

Vi har lov til:

-å hevde eigne meiningar.
-å ta kontakt med klassestyrar, elevrådsrepresentantar, rektor eller anna personale når det er noko vi ønskjer å ta opp.
-å bruke IKT som arbeidsreiskap på skulen dersom vi følgjer skulen sine retningsliner for databruk. Brot på desse, skal sjåast på som brot på ordensreglane.
-å ha med mobiltelefon på ungdomsskulen dersom den berre er i bruk i friminutta. På barneskulen er det lov å ha med mobiltelefon viss heimen har gjort avtale med skulen.

Det er ikkje lov med:

-Mobbing, diskriminering, vald eller rasisme (opplæringslova § 9a-3).
-Krenkjande ord eller handlingar (opplæringslova § 9a-3).
-Snus, tobakk og rusmidlar (forskrift om miljøretta helsevern i bhg. og skular § 18).
-Farlege gjenstandar som kan nyttast til å skade andre. Det vil bli gjeve unnatak for tilfelle der det er laga avtale med lærar eller skuleleiinga (forskrift opplæringslova § 12-1).
0Endra med forskrift 1 okt 2012 nr. 1481.
§ 5.Tiltak ved brot på ordensreglane

Alle tiltak skal vere slik at elevane forstår kva slags reglar som er brote og kvifor skulen reagerer. Eleven skal ha moglegheit til å forklare seg før det blir teke avgjersle om refsing (opplæringslova § 2-9).

Elevane kan berre refsast som følgje av opplæringslovaa, forskrift til opplæringslova eller Vågå kommune sitt ordensreglement.

Elevane pliktar å akseptere sanksjonar i samsvar med ordensreglementet.

Skulen kan krevje at føresette hentar beslaglagt og farlege gjenstandar.

Vågå kommune kan nytte følgjande tiltak mot brot på ordensreglane og skal nytte skriftleg og munnleg åtvaring ved regelbrot:

a.frammøte på skulen etter skuletid for samtale med rektor/lærar og/eller utføring av pålagte oppgåver.
b.nedsetting av karakterar i orden og åtferd. (8-10 steg) forskrift til opplæringslova § 3-5).
c.beslag av ulovlege gjenstandar.
d.pålegg om å rette opp skade dei har påført skulen.
e.heil eller delvis erstatning, jf. lov om skadeserstatning.
f.bortvising frå skulen i inntil 3 dagar (8.-10. årssteg) opplæringslova § 2-10.
g.vise bort elevar frå enkelttimar (opplæringslova § 2-10).
h.vise bort elevar for resten av dagen (opplæringslova § 2-10).
i.melde straffbare handlingar til politiet.
j.foreta permanent gruppe- eller skulebyte (opplæringslova § 8-1).

Før tiltaka vert sett i verk, skal den det gjeld ha høve til å forklare seg til den som tek avgjerda. Bortvising skal skje etter retningslinene i opplæringslova § 2-10. Ved brot på regel frå f–j skal det fattast enkeltvedtak.

Følgjande sanksjonar/refsingstiltak kan ikkje nyttast:

-Fysisk refsing.
-Kollektive refsingstiltak. (Det er berre elevar som har gjort seg skuldige i regelbrot som kan refsast).
-Krenkjande behandling (opplæringslova § 2-9).
§ 6.Saksbehandling

Behandling av brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova § 2-9, 4. ledd, § 2-10, 2. ledd, § 8-1, 3. ledd, forskrift til opplæringslova § 3-5, og saksbehandlingsreglar i fvl. om enkeltvedtak.

Enkeltvedtak er ei avgjersle som skal treffast etter utøving av offentleg myndigheit (her: rektor) og er bestemmande for rettigheiter og pliktene ein eller fleire bestemte private personar (her: elevar). Etter forvaltningslova skal vedtak vera skriftlege og skal kunne påklagast.

Ved brot på ordensreglementet som ikkje er enkeltvedtak gjeld følgjande saksbehandlingsreglar:

-Skulane pliktar å sjå til at ei sak er så godt opplyst som mogleg, før ein tek ei avgjersle.
-Eleven skal ha moglegheit til å uttale seg før ein tek avgjersle om sanksjonar. I alvorlege saker skal føresette kontaktast. Varsel kan gjerast skriftleg.
-Alle sanksjonar skal grunngjevast. I alvorlege saker skal grunngjevinga gjevast skriftleg.