Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-09-27-1471
PublisertII 2014 hefte 2
Ikrafttredelse27.09.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort10.04.2014   kl. 14.15
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Bremanger

Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 27. september 2012 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som fylgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. Kommunen ynskjer gjennom forskrifta å leggje til rette for betre avfallshandtering og auka utnytting av ressursar gjennom avfallsreduksjon, materialgjenvinning og energiutnytting.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta er det meint med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Klima- og forurensningsdirektoratet eller fylkesmannen eller er tillatne etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
c)Kaffibål: mindre bål (inntil 30 x 30 cm) av reint trevirke med evt. papir til opptenning til føremål kaffikoking og matlaging utandørs.
d)Bråtebrenning: brenning av gammalt gras over mindre flater om våren og seinhausten.
e)Tørt hageavfall: gammalt gras, tørt lauv, tørre kvistar/mindre greiner på eigen tomt.
f)Ranke- og flatebrenning i skogbruket gjeld kun brenning av skogsavfall på staden. Oppsamla skogsavfall vert sett på som produksjonsavfall og skal handsamast i samsvar med forureiningslova § 32.
g)Lyngsviing/-brenning for kulturlandskapspleie og beitepleie: sviing/brenning av lyng og kratt som skjøtseltiltak for kulturlandskap og beite.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna fylgjer av § 5 i forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Fylgjande brenning skal likevel vere tillate under føresetnad av at materialane som blir brent ikkje inneheld helse- eller miljøfarlege stoff:

a)open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert og mala trevirke
c)brenning av avispapir og liknande i vedomn heime eller på hytta
d)bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk eller når det ikkje er til sjenanse for andre
e)ranke- og flatebrenning i skogbruket
f)Jonsokbål og Olsokbål (avfall som bildekk, trykkimpregnert og mala trevirke, plast, isolasjonsmateriale osv. skal ikkje brennast)
g)brenning av rekved/reint trevirke som ligg i fjæra i mindre volum
h)lyngsviing/-brenning i samband med kulturlandskapspleie og beitepleie.
§ 6.Dispensasjon

Rådmann kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad. (T.d. i samband med søknad om brenning av eit kondemnabelt hus som eit ledd i brannvesenet sitt øvingsopplegg, etter miljøfagleg vurdering og under føresetnad av at bygningen er miljøsanert).

Kommunen har ikkje mynde til å gje dispensasjon for brenning av produksjonsavfall, eller brenning av avfall i småomnar meint for brenning av avfall.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrift vert fylgde.

§ 8.Klage

Vedtak gjort av rådmannen i medhald av denne forskrift kan påklagast til den kommunale klagenemnda.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.