Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Bykle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2012-10-25-1167
PublisertII 2012 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§2, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort13.12.2012   kl. 15.40
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Bykle

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Bykle kommunestyre 25. oktober 2012 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 2 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd.

1. Generelle føresegner

Abonnentane til kommunen betaler gebyr for vass- og avløpstenestene kommunen leverer. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av statlege lover og forskrifter og av kommunale forskrifter og abonnementsvilkår. Her er dei sentrale føresegnene når det gjeld vass- og avløpsgebyr:

-lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg
-forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kapittel 16 om kommunale vass- og avløpsgebyr
-forskrift om vass- og avløpsgebyr i Bykle kommune
-gebyrregulativ for det enkelte året.
§ 1-1.Definisjonar

Ordforklaringar i denne forskrifta:

a)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avløpsinstallasjonar: Abonnenteigde rør, installasjonar og utstyr innanfor ytterveggene til huset som er tilknytte vass- og/eller avløpsanlegg.
b)Privat vass- og avløpsanlegg: Abonnenteigde private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor ytterveggen til huset som er tilknytte offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.
c)Abonnement: Avtale mellom abonnenten og kommunen om vassforsynings- og/eller avløpstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg til dei kommunale vass- og avløpsanlegga. Avtalen treng ikkje vere skriftleg. Ein avtale om tilknyting via privat fellesleidning blir rekna som eit abonnement.
d)Abonnent: Den som eig eigedom som er tilknytt dei kommunale vassforsynings- og/eller avløpsanlegga, eller som er godkjend eller kravd tilknytt. Eigedomsfestaren skal stå som abonnent når den attståande festetida då gebyrplikta tok til å gjelde, var 30 år eller meir, eller når festaren har rett til å få festeavtalen forlengd, slik at den samla festetida frå gebyrplikta tok til å gjelde, kan bli 30 år eller meir.
e)Eigedom: Fast eigedom som er registrert som sjølvstendig eining i matrikkelen. Seksjon som er etablert med heimel i lovgivinga om eigarseksjonar, blir rekna som sjølvstendig eigedom.
f)Bygg: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
g)Bueining: Bustad eller fritidsbustad med eitt eller fleire rom, separat inngang og eige kjøkken.
h)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i matrikkelen (bygningstype 161-163).
i)Bruksareal (BRA): Bruksareal for ein bygning eller ei brukseining som er registrert i matrikkelen, berekna med utgangspunkt i NS 3940.
j)Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
§ 1-2.Gebyrtypar

Gebyrtypane:

a)Eingongsgebyr for tilknyting for høvesvis vatn og avløp
b)Årsgebyr for høvesvis vatn og avløp
c)Gebyr for vassmålarleige
d)Oppmøtegebyr for vassmålaravlesing
e)Gebyr for vassmålarkontroll
f)Gebyr for plombering, stenging og reopning av vassforsyning
g)Gebyr for mellombels tilknyting.

Gebyrsatsane blir vedtekne av kommunestyret i eit eige regulativ.

§ 1-3.Klage og omgjering

Det er ikkje høve til å klage på gebyr som er fastsette med heimel i gebyrregulativet til kommunen, jf. føresegnene i forvaltingslova.

Enkeltvedtak som er gjorde med heimel i forskrifta, kan påklagast til kommunestyret.

Kommunen kan heilt eller delvis fråfalle gebyr som er komme på, dersom særlege grunnar tilseier det. Gebyr må betalast innan forfallsdato sjølv om gebyrvedtaket er påklaga. Klager som er prinsippsaker, skal behandlast av kommunestyret.

§ 1-4.Fritidsbustader

For fritidsbustader gjeld tilsvarande reglar som for bustad.

2. Eingongsgebyr for tilknyting

§ 2-1.Gebyrplikt

Eingongsgebyr for tilknyting skal betalast i desse tilfella:

a)Nybygg - ved igangsetjingsløyve
b)Tilleggsgebyr
-for bustadeigedom når arealauken fører til fleire bueiningar, jf. § 1-1 bokstav g
-for alle eigedommar når auken i bygningsarealet krev større dimensjon på stikkleidninga.
c)Eksisterande bygg som blir tilknytt, eller som kommunen krev tilknytt
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjend
e)Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, til dømes vatningsanlegg for landbruk eller idrettsanlegg.

Eingongsgebyret for tilknyting skal ikkje betalast i desse tilfella:

a)Bygg med mellombels tilknyting, til dømes brakkerigg, i inntil tolv månader
b)Særskild tilknyting av sprinklaranlegg.
§ 2-2.Gebyrutforming
1.Brukarkategorien næring/offentleg verksemd:

Det skal betalast eingongsgebyr for utbygd eigedom eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom som blir tilknytt det offentlege vass- og/eller avløpsnettet.

2.Brukarkategoriane bustad og fritidseigedom:

Det skal betalast eingongsgebyr per bueining for utbygd eigedom eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom som blir tilknytt det offentlege vass- og/eller avløpsnettet, og når ein allereie tilknytt eigedom blir seksjonert eller frådelt. Bustadeigedom (einebustad) med inntil to bueiningar (kjellarleilegheit, generasjonsbustad, hybel) blir her rekna som éi bueining.

3.Blanda brukarkategori:

For eigedom som består av, eller som ved bruksendring vil bestå av, både bueining og næring/offentleg verksemd, skal det betalast gebyr for kvar brukarkategori.

Kommunestyret fastset kvart år storleiken på gebyrsatsane, og dei kjem fram av gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting når tilknytinga krev ekstra høge/låge kostnader.

§ 2-3.Gebyrsats

Kommunestyret fastset kvart år storleiken på gebyrsatsane, og dei kjem fram av gebyrregulativet.

Gebyrsatsen skal vere det som var gjeldande gebyrsats då kommunen fekk den komplette byggjesøknaden eller søknad om tilknyting.

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjend, blir det betalt tilknytingsgebyr etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet blir sett fram.

§ 2-4.Ansvar og betalingsfrist

Abonnenten har ansvaret for å betale eingongsgebyret for tilknyting. Gebyret skal vere betalt når tilknytinga skjer.

3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt og iverksetjing

Det skal betalast årsgebyr for alle eigedommar som

a)er tilknytte kommunalt vass- eller avløpsanlegg
b)er pålagde tilknyting med heimel i lov og fristen for tilknyting er ute.

Gebyrplikta gjeld

a)for einingar med stipulert forbruk: ved igangsetjingsløyve
b)for andre einingar: når vassmålar er eller skal vere installert.
§ 3-2.Eigedom utan godkjend tilknyting eller fråkopling

Dersom kommunen ikkje har godkjent tilknytinga, skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunktet tilknytinga er gjord. Dersom kommunen ikkje har anna berekningsgrunnlag, blir gebyret utmålt etter skjønn. Slik berekning inneber ikkje at kommunen har godkjent tilknytinga.

Dersom kommunen ikkje har godkjent fråkoplinga, skal abonnenten betale gebyr til fråkoplinga er godkjend.

§ 3-3.Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for å betale gebyra, uavhengig av om gebyrkravet er retta mot abonnenten eller ein annan rekningsmottakar.

Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlege for gebyra. Dersom slikt samarbeid gjeld eit sameige etter eigarseksjonslova, er kvar abonnent ansvarleg for ein mengdevariabel del av gebyret i forhold til eigardelen sin, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i vedtektene til sameiget eller i bindande vedtak i sameiget.

§ 3-4.Gebyrutforming

Det blir berekna årsgebyr for høvesvis vassforsyning og avløp med ein todelt gebyrmodell:

-ein fast del (fastledd)
-ein mengdevariabel del (forbruksledd).

Kor stor del av årsgebyret som skal vere høvesvis fast og variabel, blir fastsett kvart år i gebyrregulativet. Det same gjeld gebyrsatsane.

Fastleddet blir differensiert etter brukarkategori.

Fastleddet for bustad gjeld for bustad- og fritidshus og skal betalast per eining, jf. definisjonen av eining i § 1. For einebustader med inntil fem hyblar blir hyblane samla vurderte som ei eining.

Fastleddet for næring skal betalast for næringseigedommar, offentlege verksemder og næringsdelen på kombinasjonsbygg. Gebyret blir fastsett på grunnlag av dimensjonen på inntaksleidninga, slik det går fram av tabellen nedanfor:

Dimensjon på leidning i mmGebyrstorleik
N X storleik
fastledd bustad
>= 32 mmN = 1
40 mmN = 1,5
63 mmN = 2
75 mmN = 2,5
<= 110 mmN = 3
>110 mmN = 5
§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnent

Abonnenten skal melde endringar i abonnementsforholdet til kommunen.

Inntil kommunen har fått melding, og inntil kommunen har oppdatert abonnentdata frå matrikkelen, skal abonnenten betale årsgebyr som tidlegare.

§ 3-6.Berekning av gebyr

Same forbruk i m³ skal leggjast til grunn når både vassgebyr og avløpsgebyr skal bereknast.

Vassforbruk til sprinklaranlegg er ikkje gebyrpliktig.

Fråflytting eller fråvær gir ikkje grunnlag for frådrag i gebyr. Er bygningane på eigedommen fjerna eller øydelagde, slik at dei ikkje kan brukast, skal det betalast fastledd inntil stikkleidninga er fråkopla (plugga) ved hovudleidninga.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda avløpsvatn avvik vesentleg frå det målte vassforbruket, kan kommunen basere avløpsgebyret på ei eiga måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett, eller på ein særskild avtale.

For avløpsvatn som avvik frå vanleg hushaldsavløp, og som verkar fordyrande på drifta og vedlikehaldet av det kommunale avløpsanlegget, kan kommunen fastsetje eit tillegg til avløpsgebyret til å dekkje meirkostnadene. I slike tilfelle må kommunen og abonnenten inngå ein separat avtale.

For avløpsvatn frå produksjonsprosess e.l. som det etter eige løyve frå kommunen er lov å føre i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag eller sjøen eller i separat kommunal overvasssleidning, skal det ikkje betalast avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

§ 3-7.Betaling etter stipulert forbruk

Bustader/fritidsbustader skal betale gebyr etter stipulert forbruk dersom abonnenten eller kommunen ikkje krev at det skal betalast etter målt forbruk.

Det stipulerte forbruket blir berekna ut frå storleiken på bygningen (bruksareal), der det i gebyrregulativet blir fastsett eit forholdstal mellom bruksareal og vassvolum.

Dersom eigedommen har utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³, skal det betalast gebyr etter målt forbruk.

§ 3-8.Betaling etter målt forbruk

Gebyr etter målt forbruk skal betalast ved

-bygg for næringsformål, offentlege formål o.l.
-bygg for både bustadformål og andre formål (blandingsbygg)
-anna anlegg med varig eller mellombels tilknyting etter § 2-1.

For mellombelse tilknytingar kan kravet om vanleg vassmålar fråvikast dersom vassforbruket kan fastsetjast på andre måtar.

Bustadabonnentar har rett til å få montert vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Kommunen kan etter § 3-7 påleggje abonnentar med stipulert forbruk å installere vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Eigarar av bueining med utleigeplikt som etter denne paragrafen skal betale gebyr etter målt forbruk, kan etter søknad til kommunen betale gebyr etter stipulert forbruk som for bustad.

Bustadabonnentar som har installert målar frivillig, kan krevje abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk.

§ 3-9.Retting av feil gebyrberekning

Har mangelfulle eller feil opplysningar ført til feilaktig gebyrberekning, skal berekninga rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, blir normalt ikkje dekte.

§ 3-10.Gebyrreduksjon med heimel i reglane om prisavslag i forbrukarkjøpslova

Abonnentar har rett til reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller mangel ved vassforsyninga med heimel i prisavslagsreglane i forbrukarkjøpslova. Abonnentar har rett til redusert gebyr i desse tilfella:

-Ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga i meir enn 24 timar
-Ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga meir enn to gonger i løpet av eitt kalenderår, og der kvart avbrot varer lenger enn 8 timar
-Ved så dårleg hygienisk kvalitet på vatnet at det må kokast før bruk til drikke eller matlaging.

Vilkåret for gebyrreduksjon er at mangelen skriv seg frå forhold på kommunen si side, til dømes forureining i vasskjelde eller feil ved det kommunale anlegget. Kommunen pliktar å bidra til å avklare ansvarsforholdet.

Generell tilråding om koking som tryggleikstiltak etter trykkfall på grunn av reparasjon, spyling, brannsløkking o.a. gir ikkje gebyrreduksjon. Gebyrreduksjonssatsen blir fastsett i gebyrregulativet.

Krav om redusert gebyr må fremjast innan to månader etter at forholdet oppstod, dersom ikkje kommunen har gjort eige vedtak om gebyrreduksjon.

4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen bestemmer

-kor mange vassmålarar den enkelte abonnenten skal ha
-type, storleik og plassering
-når målaren skal installerast.

Når ein eksisterande eigedom med vassmålar blir delt opp i nye eigedommar, skal kvar av dei nye eigedommane ha eigen vassmålar.

Abonnentar kan samarbeide om ein felles vassmålar der det vil vere uforholdsmessig kostbart å installere ein eigen målar for kvar eining. Årsgebyret skal fordelast på abonnentane etter reglane i § 3-3 andre ledd.

Den pålagde vassmålaren for ny eigedom skal vere installert seinast når det blir gitt bruksløyve, eller når eigedommen blir teken i bruk, og for eksisterande eigedom når han blir tilknytt. Dersom det ikkje blir gjort, skal abonnenten for bustadeigedommen betale stipulert årsgebyr etter § 3-7.

For annan eigedom blir gebyr berekna etter skjønn.

§ 4-2.Eigarforhold

Vassmålaren er kommunen sin eigedom dersom ikkje anna ordning er avtalt med abonnenten.

§ 4-3.Kostnader

Kommunen skal betale for vassmålarar som overfor kommunen skal nyttast som grunnlag for å berekne årsgebyr. Vassmålarar ut over dette er det abonnenten som skal betale.

For vassmålarar som kommunen eig, skal det betalast vassmålarleige etter satsane som er fastsette i gebyrregulativet.

§ 4-4.Vassmålaravlesing

Abonnenten skal lese av vassmålaren så nær det fastsette tidspunktet for avrekning som råd er, og sende resultatet til kommunen innan den oppgitte fristen.

Dersom abonnenten ikkje les av målaren, kan kommunen fastsetje årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan òg sjølv lese av målaren utan ytterlegare varsel til abonnenten og kan krevje særskilt gebyr for dette.

§ 4-5.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal føre tilsyn med målaren. Dersom ein målar blir skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Som skade reknar ein òg dersom plombering av målar er broten. Kommunen kan krevje erstatning for tap eller skade.

Kommunen kan føre tilsyn med målaren. Kontrollørar frå kommunen skal legitimere seg uoppfordra.

§ 4-6.Nøyaktigheitskontroll

Eigenkontroll:

-Kommunen skal rettleie abonnentane om eigna metode for eigenkontroll av målaren.

Enkel kontroll:

-Både kommunen og abonnenten kan krevje ytterlegare kontroll av om målaren er nøyaktig nok. Kommunen avgjer om det er kommunen eller ein ekstern kontrollinstans som skal gjennomføre kontrollen.
-Kontrollen skal gjennomførast med måleutstyr og måleprosedyrar som Justervesenet har akseptert. Kontrollen skal gjelde heile det aktuelle måleområdet.

Utvida kontroll:

-Dersom abonnenten krev ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målaren, skal abonnenten bere kostnadene ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 4-7. I motsett fall dekkjer kommunen kostnadene.

Justering eller utskifting av målaren:

-Dersom målaren ikkje er nøyaktig nok, skal han justerast eller skiftast ut. Krav om endra måleområde for ny målar skal vurderast.
§ 4-7.Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll viser meir enn 5 prosent for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga. Dersom plomberinga av målaren er broten, har ikkje abonnenten krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetalinga blir rekna frå det tidspunktet feilen mest truleg har oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om fordringsforelding, blir ikkje dekte.

Dersom målaren viser meir enn 5 prosent for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

§ 4-8.Utskifting og flytting

Dersom målaren ikkje er nøyaktig nok, avgjer kommunen om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når den vanlege levetida for ein målar er nådd, kan kommunen bestemme at han skal skiftast ut heilt eller delvis.

Kommunen kan krevje at ein målar som er plassert i strid med dei kommunale plasseringskrava, blir flytta. Slik flytting er det abonnenten som må betale for.

5. Iverksetjing o.a.

§ 5-1.Iverksetjing og oppheving av tidlegare forskrift

Forskrifta blir sett i verk 1. januar 2013.

Frå same tid blir forskrift datert 15. desember 20051 for vass- og avløpsgebyr i Bykle kommune oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.