Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Vinje kommune, Telemark

DatoFOR-2012-12-13-1310
PublisertII 2012 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§5, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort20.12.2012   kl. 15.50
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Vinje

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vinje kommunestyre 13. desember 2012 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensing av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd.

1. Generelle reglar

Kommunens abonnentar betalar gebyr for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av statlege lovar og føresegner samt av kommunale føresegner og abonnementsvilkår.

Sentrale reglar når det gjeld vass- og avløpsgebyr er følgjande:

-Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg
-Forskrift av 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kapittel 16 om kommunale vann- og avløpsgebyr
-Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Vinje kommune (dette dokumentet)
-Gebyrregulativ for det enkelte år.

Øvrige dokument:

-Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (tekniske og administrative bestemmelsar) med vedlegg vedteke av kommunestyret 13. desember 2012.
§ 1-1.Definisjonar

I denne føresegna er meint med:

a)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avløpsinstallasjonar: Abonnenteigde rør, installasjonar og utstyr innanfor husets yttervegg, som er tilknytt vass- og/eller avløpsanlegg.
b)Privat vass- og avløpsanlegg: Abonnenteigde private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor husets yttervegg, som er tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.
c)Abonnement: Avtale mellom abonnent og kommunen om vassforsynings- og/eller avløpstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg til kommunens vass- og avløpsanlegg. Det er ikkje eit vilkår at avtala er skriftleg. Avtale om tilknyting via privat fellesleidning blir rekna som abonnement.
d)Abonnent: Eigar av eigedom som er tilknytt kommunens vassforsynings- og/eller avløpsanlegg, eller som er godkjent eller kravt tilknytt. Festar av eigedom skal stå som abonnent når festetid som stod att då gebyrplikta tredde i kraft var 30 år eller meir, eller festar har rett til å få festeavtala forlenga slik at samla festetid frå gebyrplikta tredde i kraft vil kunne bli 30 år eller meir.
e)Eigedom: Fast eigedom registrert som sjølvstendig eining i Matrikkelen. Seksjon etablert i høve til lovgivinga om eigarseksjonar blir rekna som sjølvstendig eigedom.
f)Bygg: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
g)Bueining: Bustad eller fritidsbustad med eitt eller fleire rom, separat inngang og eige kjøkken.
h)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i Matrikkelen (bygningstype 161-163).
i)Bruksareal (BRA): Bruksareal for ein bygning eller brukseining som er registrert i Matrikkelen og berekna med utgangspunkt i NS 3940.
j)Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
§ 1-2.Gebyrtyper:

Gebyrtyper er:

a)Eingongsgebyr for tilknyting for høvesvis vatn og avløp
b)Årsgebyr for høvesvis vatn og avløp
c)Gebyr for leige av vassmålar
d)Gebyr for avlesing av vassmålar, jf. § 4-4.

Gebyrsatsar blir vedtekne av kommunestyret i eige regulativ.

§ 1-3.Klage og omgjering

Det er ikkje høve til å klage på gebyr som er fastsett i høve til kommunens gebyrregulativ, jf. forvaltningslovas bestemmingar.

Vedtak fatta i medhald av føresegna skal følgje sakshandsamingsreglane i forvaltningslova for enkeltvedtak og klage.

2. Eingongsgebyr for tilknyting

§ 2-1.Gebyrplikt

Eingongsgebyr for tilknyting skal betalast i følgjande tilfelle:

a)Nybygg
b)Tilleggsgebyr blir kravt for tilbygg eller påbygg som aukar bygningens areal:
-for bustadeigedom når auken i arealet fører til auke i tal bueiningar, jf. § 1-1 bokstav g
-for annan eigedom når auke i bygningens areal er over 50 %
c)Eksisterande bygg som blir tilknytt eller som kommunen krev tilknytt
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent
e)Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, f.eks. vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg mv.

Eingongsgebyret for tilknyting skal ikkje betalast i følgjande tilfelle:

a)Bygg med midlertidig tilknyting, f.eks. brakkerigg. Kommunen kan fastsetje kor lenge tilknytinga skal vare
b)Særskilt tilknyting av sprinkelanlegg.
§ 2-2.Utforming av gebyret

Eingongsgebyret for bustader og fritidsbustader vert fastsett pr. m² bruksareal (BRA) berekna med grunnlag i NS 3940 eller eksisterande arealdata.

Eingongsgebyret for andre eigedomar blir fastsett etter storleiken på vassmålaren.

Eingongsgebyret forfell til betaling ved påkrav etter at rammeløyve er gjeve eller seinast ved tilknyting. Krav om betaling skal sendast seinast 2 månadar etter at godkjent byggesøknad ligg føre. Ved utviding av eksisterande bygg forfell eingongsgebyret til betaling ved påkrav eller seinast 2 månadar etter godkjent byggesøknad.

§ 2-3.Gebyrsats

Storleiken på gebyrsatsane blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Gebyrsatsen skal vera det som var gjeldande gebyrsats då kommunen mottok komplett byggesøknad eller søknad om tilknyting.

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, blir eingongsgebyret for tilknytinga betalt etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet blir fremma.

§ 2-4.Ansvar og betalingsfrist

Abonnenten har ansvaret for betaling av eingongsgebyret for tilknyting. Gebyret skal vera betalt når tilknyting blir utført.

3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt og iverksetting

Årsgebyr skal betalast for alle eigedomar som:

a)er tilknytt kommunalt vass- eller avløpsanlegg
b)er pålagt tilknyting i medhald av lov og fristen for tilknyting er gått ut.

Gebyrplikta tek til å gjelde:

a)for eining med stipulert forbruk: ved tilknyting
b)for øvrige einingar: når vassmåler er, eller skal vera installert.
§ 3-2.Eigedom utan godkjent tilknyting eller fråkopling

Er tilknyting ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunkt tilknytinga er føreteken. Har ikkje kommunen anna berekningsgrunnlag, blir gebyret utmålt etter skjønn. Slik berekning inneber ikkje at kommunen har godkjent tilknytinga.

Er fråkopling ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr inntil fråkoplinga er godkjent.

§ 3-3.Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr, uansett om gebyrkravet er retta mot abonnenten eller annan rekningsmottakar.

Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlege for gebyra. Gjeld slikt samarbeid eit sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdevariabel del av gebyret i forhold til sin eigarpart, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameigets vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

§ 3-4.Utforming av gebyra

Det blir rekna årsgebyr for høvesvis vassforsyning og avløp med:

Todelt gebyrmodell:

-Ein fast del (fastledd)
-Ein mengdeavhengig del (forbruksledd).

For bustad og fritidsbustad blir fastleddet berekna som ein fast sats pr. bueining. For alle abonnentar der det nyttast felles vassmålar betalar kvar abonnent (§ 1-1 d) fastledd.

Den faste delen av årsgebyret skal samla sett utgjere om lag 50 % av gebyrinntektene og skal sikre kommunen inndekning for faste kostnader med infrastrukturen som er uavhengige av vassforbruket.

Fastleddet er eit fast kronebeløp pr. år, N:

-Bustadabonnentar: N= 1
-Næringsabonnentar: N= 1
-Fritidsbustader: N= 2.

Auka fastledd for fritidsbustader skal sikre kommunen inndekning for dei faste kostnadene med infrastrukturen i dei aktuelle områda. Desse abonnentane har lågt årsforbruk, men det er behov for stor kapasitet på infrastrukturen i høgsesongar. Lite forbruk i periodar fører til utfordringar med drift av avløpsnett og reinseanlegg, som krev auka driftsressursar.

Den mengeavhengige delen av årsgebyret reknast etter målt forbruk eller stipulert forbruk etter areal. Storleiken på gebyrsatsen i kr/m³ blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnent

Abonnenten skal melde endringar i abonnementsforholdet til kommunen.

Inntil kommunen har motteke melding og inntil kommunen har oppdatert abonnentdata frå Matrikkelen, skal abonnenten betale årsgebyr som tidlegare.

§ 3-6.Berekning av gebyr

Same forbruk i m³ blir lagt til grunn for berekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.

Vassforbruk til sprinkelanlegg er ikkje gebyrpliktig.

Fråflytting eller fråvær gir ikkje grunnlag for frådrag i gebyr. Er bygning på eigedomen fjerna, eller øydelagt slik at han ikkje kan brukast, skal det betalast fastledd inntil stikkleidning er fråkopla (plugga) ved hovudleidningen.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda av avløpsvatn avvik vesentleg frå målt vassforbruk, kan kommunen basere avløpsgebyret på eiga måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett, eller på særskilt avtale.

For avløpsvatn som avvik frå vanleg hushaldsavløp og som verkar fordyrande på drift og vedlikehald av kommunens avløpsanlegg, kan kommunen fastsette eit tillegg til avløpsgebyret til dekking av meirkostnadane. I slike tilfelle blir det inngått ei separat avtale mellom kommunen og abonnenten.

For avløpsvatn frå produksjonsprosess e.l. som etter eige løyve frå kommunen er tillate ført i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag eller sjøen, eller i separat kommunal overvassleidning, skal det ikkje betalast avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

§ 3-7.Betaling etter stipulert forbruk

Bustader og fritidsbustader skal betale gebyr etter stipulert forbruk, dersom abonnenten eller kommunen ikkje krev at det skal betalast etter målt forbruk.

Stipulert forbruk blir rekna ut frå bustadens og fritidsbustadens storleik, bruksareal BRA - NS 3940 eller eksisterande arealdata. Gebyrregulativet fastsett eit forholdstal mellom bruksareal og vassvolum (m³ / m² ). 

KategoriBerekningsgrunnlag
Bustadsabonnentarr< 50 m²50 m²
Bustadabonnentar50-100 m²80 m²
Bustadabonnentar101-150 m²125 m²
Bustadabonnentar> 150 m²160 m²
Fritidsbustader< 50 m²50 m²
Fritidsbustader50-150 m²125 m²
Fritidsbustader> 150 m²160 m²

Har eigedomen utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³, skal det betalast gebyr etter målt forbruk.

§ 3-8.Betaling etter målt forbruk

Gebyr etter målt forbruk skal betalast ved:

-Bygg for næringsformål, offentlege formål o.l.
-Bygg for både bustad og andre formål (blandingsbygg)
-Anna anlegg med varig eller midlertidig tilknyting i samsvar med § 2-1.

For midlertidige tilknytingar kan kravet om vanleg vassmålar fråvikast dersom vassforbruket kan fastsettast på andre måtar.

Bustadabonnent har rett til å få montert vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Kommunen kan pålegge abonnent med stipulert forbruk etter § 3-7 å installere vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Bustadabonnent som har installert målar frivillig, kan krevje abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk.

§ 3-9.Retting av feil gebyrberekning

Har mangelfulle eller feil opplysingar ført til feilaktig gebyrberekning, skal berekninga rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, blir normalt ikkje dekt.

§ 3-10.Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslovas reglar om prisavslag

Abonnent har rett til reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller mangel ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslovas reglar om prisavslag. Abonnent har rett til redusert gebyr i desse tilfelle:

-Ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga i meir enn 24 timar
-Ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga meir enn 2 gonger i løpet av eitt kalenderår, og kvart avbrot varer lenger enn 8 timar
-Når hygienisk kvalitet på vatnet er så dårleg at det må kokast før bruk til drikke eller matlaging.

Vilkår for gebyrreduksjon er at mangelen skuldast forhold på kommunens side, til dømes ved forureining i vasskjelde eller feil ved kommunalt anlegg. Kommunen pliktar å avklare ansvaret.

Generell tilråding om koking som tryggleikstiltak etter trykkfall på grunn av reparasjon, spyling, brannslokking m.m., gjev ikkje gebyrreduksjon. Sats for gebyrreduksjon blir fastsett i gebyrregulativet.

Krav om redusert gebyr må fremjast innan to månadar etter at forholdet oppstod, dersom ikkje kommunen har fatta eige vedtak om gebyrreduksjon.

4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen avgjer:

-kor mange vassmålarar den enkelte abonnent skal ha
-type, storleik og plassering
-når målar skal installerast.

Ved oppdeling av eksisterande eigedom med vassmålar, i nye eigedomar, skal kvar av dei nye eigedomane ha eigen vassmålar.

Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det vil vera urimeleg kostbart å installere eigen målar for kvar eining. Årsgebyr blir fordelt på abonnentane etter reglane i § 3-3, 2. ledd.

Pålagt vassmålar for ny eigedom skal vera installert seinast når det blir gitt bruksløyve eller eigedomen blir teken i bruk, og for eksisterande eigedom når han blir tilknytt. Dersom dette ikkje er gjort, skal abonnenten for bustadeigedom betale stipulert årsgebyr etter § 3-7.

For annan eigedom blir gebyr berekna etter skjønn.

§ 4-2.Eigarforhold

Vassmålaren er kommunens eigedom dersom ikkje anna ordning er avtalt med abonnenten.

§ 4-3.Kostnadar

Vassmålar som overfor kommunen skal nyttast som grunnlag for berekning av årsgebyr, blir kosta av kommunen. Vassmålarar ut over dette blir kosta av abonnenten.

For vassmålarar som kommunen eig, blir vassmålarleige betalt i samsvar med satsar fastsett i gebyrregulativet.

§ 4-4.Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålar så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Unnlet abonnenten å utføre avlesing, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring.

§ 4-5.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målar lett tilgjengeleg for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal føre tilsyn med målar. Blir ein måler skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Som skade blir også rekna at plombering av målar er broten. Kommunen kan krevje erstatning for tap eller skade.

Kommunen kan føre tilsyn med målar. Kontrollør frå kommunen skal legitimere seg uoppfordra.

§ 4-6.Nøyaktigheitskontroll

Eigenkontroll:

-Kommunen skal rettleie abonnentane om egna metode for eigen kontroll av målar

Enkel kontroll:

-Både kommunen og abonnenten kan krevje ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar. Kommunen avgjer om kontrollen skal utførast av kommunen eller av ekstern kontrollinstans.
-Kontrollen skal utførast med måleutstyr og prosedyrar for måling som er akseptert av Justervesenet. Kontrollen skal gjelde heile det aktuelle måleområdet.

Utvida kontroll:

-Krev abonnenten ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar, skal abonnenten dekke kostnadane ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 4-7. I motsett fall dekker kommunen kostnadane.

Justering eller utskifting av målaren:

-Dersom målenøyaktigheiten ikkje er tilfredsstillande, skal målaren justerast eller skiftast ut. Krav om endra måleområde for ny målar skal vurderast.
§ 4-7.Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll viser meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga. Er plomberinga av målaren broten, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetalinga blir rekna frå det tidspunkt feilen synest å ha oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, blir ikkje dekt.

Viser målaren meir enn 5 % for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

§ 4-8.Utskifting og flytting

Er målenøyaktigheiten for dårleg, avgjer kommunen om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når vanleg levetid for ein målar er nådd, kan kommunen avgjere om målaren skal skiftast ut heilt eller delvis.

Kommunen kan krevje flytting av målar som er plassert i strid med kommunens krav til plassering. Abonnenten ber kostnadane med slik flytting.

5. Iverksetting mv.

§ 5-1.Iverksetting og oppheving av tidlegare forskrift

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2013.

Frå same tid blir forskrift 20. januar 20031 om vass- og avløpsgebyr i Vinje kommune oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.