Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Fjell kommune, Hordaland

DatoFOR-2012-12-13-1483
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret
EndrerFOR-2005-06-16-648
Gjelder forFjell kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2012-03-16-12, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort18.08.2016   kl. 11.10
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Fjell

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fjell kommunestyre 13. desember 2012 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 annet ledd.

1. Generelle føresegner

Fjell kommune sine abonnentar betaler gebyr for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Det kommunale selskapet FjellVAR AS er leverandør av vass- og avløpstenestene.

Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av statlege lover og forskrifter samt av kommunale forskrifter, regulativ og abonnementsvilkår.

Sentrale føresegner når det gjeld vass- og avløpsgebyr, er følgjande:

-Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), kapittel 16 om kommunale vass- og avløpsgebyr
-Forskrift 13. desember 2012 nr. 1483 om vass- og avløpsgebyr, Fjell kommune (dette dokumentet)
-Lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven).
§ 1-1.Føremål og omfang

Forskrifta gjeld alle abonnentar i Fjell kommune, og fastset grunnlaget for gebyra abonnentane skal betala for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer. Plikta til å betala gebyr for vass- og avløpstenester gjeld alle eigedomar som er knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning, eller mottar andre vass og/eller avløpstenester frå Fjell kommune. Plikta gjeld og for eigedomar der det er gitt pålegg om tilknyting med heimel i plan- og bygningslova § 27-1 og § 27-2, frå og med utløpet av den frist som er satt i pålegget.

§ 1-2.Definisjonar
a)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avløpsinstallasjonar: Rør, installasjonar og utstyr eigd av abonnenten, innanfor husets yttervegg, knytt til vass- og/eller avløpsanlegg.
b)Privat stikkleidning: Private leidningar (stikkleidningar) og utstyr mellom huset sine yttervegg og offentleg vass- og/eller avløpsleidning inklusiv anboringsklave jf. pkt 2.1 i sanitærreglement for FjellVAR AS.
c)Abonnent:
-Eigar av eigedom som er registrert i Matrikkelen med eige gards- og bruksnummer, festenummer eller seksjonsnummer og knytt til kommunens vassforsynings- og/eller avløpsanlegg.
-Eigar av eigen bueining, til dømes burettslagsleilegheiter mv. og eigen næringseining.
-Når ikkje anna er avtala, skal avgift for bortfesta grunn svarast av festaren og ikkje av eigaren, i fall festaren har arvefeste eller festerett for så lang tid at det er att minst 30 år av festetida rekna frå den tid avgiftsskyldnaden kom opp. Det same gjeld når avtala gjev festaren rett til å krevja festetida lengd så mykje at det vert att ei festetid på minst 30 år som nemnt, om festaren gjer bruk av retten sin. Dersom det ligg føre avtale mellom grunneigar og festar, kan festar vere abonnent for kortare festetilhøve enn 30 år. Ein grunneigar kan vere abonnent for festetilhøve ut over 30 år dersom det ligg føre avtale om dette.
-Eigar/festar av eigedom som er kravd kopla til offentleg vass- og/eller avløpsleidning i medhald av plan- og bygningslova.
d)Abonnement: Avtale mellom abonnent og kommunen om vassforsynings- og/eller avløpstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjonar, private stikkleidningar og private vass- og avløpsanlegg til kommunen sitt vass- og avløpsanlegg. Avtale om tilkopling via privat fellesleidning reknast som abonnement.
e)Bygg: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
f)Brukseining: Rom eller ein samling rom og opne delar som saman vert nytta til eit bestemt føremål av ein brukar, som kan vere eigar, leigar eller annan bruksrettshavar. Ei brukseining kan vere ein bygning eller ein del av ein bygning.
g)Bustad: Brukseining med eitt eller fleire rom, bygd eller ombygd som heilårs privatbustad for ein eller fleire personar, med separat inngang, eige kjøkken og tilgang til toalett. Leilegheiter vert rekna som bustad.
h)Utleigeleilegheit: Bustad med eigen inngang og minst eitt rom og kjøken, i einebustad eller tilhøyrande garasje, stabbur eller anneks, som vert leigd ut.
i)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i Matrikkelen (bygningstype 161-163).
j)Næringseining: Eit sjølvstendig lokale eller eigen eining, som vert nytta til næringsverksemd.
k)Bruksareal (BRA): Bruksareal registrert i Matrikkelen med utgangspunkt i NS-3940.
l)Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
m)Stipulert forbruk: Forventa forbruk hos ein abonnent, fastsett på basis av bruksareal (BRA).
n)Tilknytingsgebyr: Eingangsgebyr som vert betalt ved tilknyting til offentleg vass- og avløpsleidning.
o)Årsgebyr: Gebyr som vert betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til kommunen sine vass- og avløpstenester. Årsgebyret er delt i ein forbruksdel og ein fastdel.
p)Sjølvkost: Den meirkostnad kommunen har ved å produsere ein bestemt vare eller teneste. Meirkostnader er kostnader knytt til den samla produksjonen av den aktuelle vara eller tenesta og er kostnader som ikkje ville ha kome til om tenesta ikkje vart produsert.
§ 1-3.Gebyrtypar

Gebyrtypane er:

a)Eingongsgebyr for tilknyting for vatn og avløp
b)Årsgebyr for vatn og avløp
c)Oppmøtegebyr for avlesing av vassmålar
d)Gebyr for kontroll av vassmålar
e)Gebyr for plombering, stenging og opning av vassforsyning
f)Gebyr for mellombels tilknyting, jf. § 2-1
g)Leige av vassmålar
h)Gebyr for dekking av meirkostnader i samband med ulovleg tilknyting eller manglande oppfylling av pålegg om utbetring av private stikkleidningar.

Kostnadar knytt til vass- og avløpstenestene skal dekkjast inn gjennom gebyra etter sjølvkostprinsippet.

Gebyrsatsane vert vedtekne av kommunestyret i eige regulativ og er gjeldande frå det tidspunkt kommunestyret bestemme.

Kommunestyret kan innføra eigne gebyrsoner for vatn og avløp.

§ 1-4.Arealutrekning

Dersom gebyret heng saman med bygget eller brukseininga sin størrelse, skal arealet målast etter NS-3940 – bruksareal, slik det er registrert i Matrikkelen. Arealutrekninga, slik den er registrert i Matrikkelen, er eit utgangspunkt for utrekning av vass- og avløpsgebyra, med justeringar som eventuelt går fram av § 2 og § 3.

For eksisterande bygg, brukseiningar eller bustader kan andre registrerte arealdata nyttast fram til bruksareal etter NS-3940 føreligg. Dersom eigar av fast eigedom eller Fjell kommune krev at arealet skal oppmålast etter NS-3940 – bruksareal skal kostnadane med ny oppmåling dekkjast av den som krev oppmålinga.

§ 1-5.Klage og omgjering

Det er ikkje høve til å klaga på gebyr som er fastsett etter kommunen sitt gebyrregulativ, jf. forvaltningslova sine føresegner.

Enkeltvedtak gjort i medhald av forskrifta, kan påklagast til Fjell kommune. Rådmannen, eller den rådmannen delegerer mynde til, skal som underinstans handsama klagen.

Dersom klagen ikkje vert teken til følgje vert klagen oversendt til det organ som skal førebu saka for vidare handsaming i kommunestyret, eller i ei særskilt klagenemnd som av kommunestyret har gitt mynde som klageinstans.

Gebyr skal som hovudregel betalast fullt ut, sjølv om utrekninga er påklaga. Dette gjeld vedtak etter 2. ledd. Kommunen kan, etter skriftleg søknad, godkjenne utsett betalingsfrist.

2. Eingangsgebyr for tilknyting

§ 2-1.Gebyrplikt

Nye bygg og bustader innanfor forsyningsområdet til offentleg vassverk skal knytast til offentleg vassforsyning jf. § 27-1, 2. ledd i plan- og bygningslova.

Same reglar gjeld for tilknyting til offentleg avløp (§ 27-2).

Eksisterande bygg og bustader innanfor forsyningsområdet til offentleg vassverk skal knytast til offentleg vassforsyning. Gebyrplikta gjeld frå tidspunkt for tilknyting eller frå tidsfrist gitt i pålegg om tilknyting.

Same reglar gjeld for tilknyting til offentleg avløp.

Vil tilknyting etter kommunen sitt skjøn føre med seg stor kostnad, eller særlege omsyn tilseier det, kan kommunen, etter søknad, godkjenne ei anna ordning.

Eingangsgebyr for til knyting skal betalast i følgjande høve:

a)Nybygg. Ved riving av eksisterande bygg og oppføring av nytt bygg med same formål vert det gjeve frådrag for areal som tidlegare er lovleg tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsanlegg etter gjeldande satsar. Ved endring av bygget sitt formål vert opphavleg formål lagt til grunn for frådrag for areal som tidlegare er lovleg tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.
b)Eksisterande bygg som vert tilkopla eller som kommunen krev tilkopla.
c)Eksisterande bygg med tilkopling som ikkje er godkjent.
d)Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg, f.eks. vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg, gartneri mv.
e)I tillegg til dei tilfella som går fram av bokstav a–d ovanfor, skal det betalast eingangsgebyr for tilknyting dersom talet på gards- og bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer og bu- eller næringseiningar aukar.

Eingangsgebyret for tilknyting skal ikkje betalast i følgjande tilfeller:

a)Bygg med mellombels tilkopling inntil 1 år, f.eks. brakkerigg. Mellombels tilknyting ut over 1 år vert fakturert gebyr for mellombels tilknyting. Dersom den mellombelse tilknytinga strekkjer seg ut over 2 år, skal det betalast vanleg tilknytingsgebyr med frådrag for tidlegare betalt gebyr for mellombels tilknyting.

Alle kostnader for tilknyting og fråkopling skal betalast av abonnenten.

b)Særskilt tilkopling av sprinklaranlegg på eigedom der det er betalt for tilknyting av ordinært vatn og avløp.
§ 2-2.Utforming av gebyret
a)For nybygg som skal nyttast til bustad vert eingangsgebyret for tilknyting for vatn og avløp fastsett pr. m2 bruksareal (BRA) med grunnlag i NS-3940 for heile bygget under eitt. For nybygg med areal < 60 m² er eingangsgebyret for tilknyting for vatn og avløp eit fast grunnbeløp.
b)For nybygg som inneheld både bustad og næring, skal det for bustaddelen betalast eingangsgebyr for tilknyting for vatn og avløp jf. a) etter gjeldande gebyrregulativ. For næringsdelen skal det betalast ein fast sum, jf. gjeldande gebyrregulativ.
c)For nybygg som skal nyttast til næringsformål skal det betalast ein fast sats, jf. gjeldande gebyrregulativ.
d)For eksisterande bygg skal det betalast tilknytingsgebyr pr. brukseining, jf. gjeldande gebyrregulativ.
§ 2-3.Gebyrsats

Gebyret vert fastsett etter gjeldande sum på tilknytingstidspunktet.

Dersom søknad om tilknytingsrett for nybygg ikkje vert levert før tilknytinga finn stad, er tilknytingstidspunktet avgjerande for gebyret sin størrelse.

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, vert tilknytingstidspunktet så langt det let seg gjere forsøkt kartlagt og dokumentert. Tilknytingsgebyret er den til ei kvar tid gjeldande sum for tilknyting.

§ 2-4.Ansvar og betalingsfrist

Abonnenten har ansvar for å søkje om tilknytingsrett til offentleg vass- og avløpsnett. Eingangsgebyret for tilknyting skal være betalt før til knytinga finn stad. Abonnenten har ansvar for at gebyret vert betalt.

3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt og iverksetjing

Alle bygg, brukseiningar, næringseiningar, bustader og fritidsbustader som:

a)er knytt til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg
b)er pålagt tilknyting i medhald av lov og fristen for tilknyting er gått ut skal betala årsgebyr.

Gebyrplikta tar til når tilknytinga har eller skulle ha funne stad.

§ 3-2.Utforming av gebyra

Det vert nytta ein todelt gebyrmodell for utrekning av årsgebyr for vassforsyning og avløp med:

-Ein fast del (fastledd)
-Ein mengdevariabel del (forbruksledd)

Kor stor del av årsgebyret som skal vere fast og variabel, følgjer av det til ei kvar tid gjeldande gebyrregulativ.

Gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyret.

Gebyr for avløp vert fastsett etter prinsippet om at vassforbruket inn er lik avløpsmengda ut. Det skal betalast fastledd pr. brukseining.

Bustader med utleigeleilegheit betalar fastledd pr brukseining. Det skal betalast forbruksledd etter stipulert eller målt forbruk pr brukseining.

§ 3-3.Eigedom utan godkjent tilkopling eller fråkopling

Dersom tilkopling ikkje er godkjent av kommunen, skal abonnenten likevel betale gebyr frå og med det tidspunkt tilkoplinga er utført. Tilknytingstidspunktet skal så langt det let seg gjere vere kartlagt og dokumentert.

Slik berekning inneber ikkje at kommunen har godkjent tilkoplinga. Tilkoplinga vert først godkjent dersom skriftleg søknad vert godkjent.

Er fråkopling ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr inntil fråkoplinga er godkjent.

§ 3-4.Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr. Det er den til ein kvar tid gjeldande eigar av eigedomen som er ansvarleg for avgifta.

Kommunen kan, etter skriftleg søknad, gje løyve til samarbeid om felles vassmålar.

Dersom fleire bygg/brukseiningar samarbeider om felles vassmålar, skal det vere teikna abonnement for kvart bygg/brukseining. Målt forbruk vert fordelt mellom kvar av abonnentane. Det skal betalast fastledd pr. brukseining.

Gjeld slikt samarbeid eit sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdevariabel del av gebyret i høve til sin eigardel, dersom ikkje annan fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

Fastleddet skal betalast pr. bustad/eigarseksjon.

Gjeld slikt samarbeid eit burettslag er abonnenten (burettslaget) ansvarleg for gebyret. Det skal betalast fastledd pr. bustad/andelsleilegheit.

Fordelinga av gebyret mellom abonnentane skal gå fram av søknaden om samarbeid om felles vassmålar etter 2-4. ledd.

§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnent og abonnement

Abonnenten har ansvar for at kommunen har korrekt informasjon om abonnementsforholdet for fastsetjing av korrekt gebyr. Endringar som ikkje har vorte meldt og har verknad for gebyret kan krediterast/etterfakturerast i samsvar med reglane om forelding.

Inntil melding om endring er registrert skal abonnenten betale årsgebyr som tidligare.

§ 3-6.Fastsetting av gebyr

Same forbruk i m³ vert lagt til grunn for utrekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.

Vassforbruk til sprinklaranlegg er ikkje gebyrpliktig.

Fråflytting eller fråvær gjer ikkje grunnlag for frådrag i gebyr.

Dersom ein eigedom vert fråkopla det offentlege vass- og/eller avløpsnettet ved at stikkleidning vert plugga ved hovudleidningen, kan abonnenten søkje om fritak for årsgebyr. Dersom søknaden vert innvilga vil kommunen krevje betaling for fråkopling/tilkopling.

Er bygg på eigedommen fjerna, eller øydelagt slik at det ikkje kan nyttast, skal fastledd verte betalt inntil stikkleidning er fråkopla (plugga) ved hovudleidningen. Størrelsen på gebyret går fram av gebyrregulativet.

Dersom avløpsmengda ein abonnent har, er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan årsgebyret (forbruksgebyret) for avløp bli rekna ut på grunnlag av stipulert avløpsmengde, eventuelt kan avløpsmengda verte målt særskilt.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda avløpsvatn avvik vesentleg frå målt vassbruk, kan kommunen basere avløpsgebyret på eigen måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett, eller etter særskilt avtale.

For avløpsvatn som avvik frå vanleg hushaldsavløp kan kommunen fastsetje eit tillegg til avløpsgebyret til dekning av meirkostnadene. I slike tilfelle vert det inngått ein eigen avtale mellom kommunen og abonnenten.

For avløpsvatn frå produksjonsprosess e.l. som etter eige løyve frå kommunen er tillate ført i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag eller sjøen, eller i separat kommunal overvassleidning, betalast ikkje avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

§ 3-7.Betaling etter målt forbruk

Bygg for næringsformål, offentlege formål, næringsdel eller del sett av til andre formål i blandingsbygg, naust og forsamlingshus skal betala gebyr etter målt forbruk.

Frå 1. januar 2018 skal vassforbruket verte fastsett etter målt forbruk for alle bygg, brukseiningar, bustader og fritidsbustader som er knytt til det kommunale vass anlegget.

Alle abonnentar skal innan 31. desember 2017 ha montert vassmålar i samsvar med kommunale retningslinjer. I perioden fram til 31. desember 2017 skal innføringa av vassmålar skje gradvis etter ei inndeling i soner. Soneinndelinga vert vedteke av kommunestyret eller den kommunestyret delegerer mynde til.

Alle nybygg, der byggjeløyve vert gitt etter 1. januar 2013, skal ha montert vassmålar i samsvar med kommunale retningslinjer.

For mellombelse tilknytingar kan kravet om vassmålar verte fråvikt, dersom vassforbruket kan verte fastsett på annan måte.

§ 3-8.Betaling etter stipulert forbruk

Bustader som ikkje har montert vassmålar skal betale gebyr etter stipulert forbruk.

Stipulert forbruk vert fastsett ut frå bustadene sitt bruksareal (BRA) slik det er registrert i Matrikkelen, der det i gebyrregulativet vert fastsett eit forholdstal mellom bruksareal og vassvolum. Dersom BRA etter NS-3940 ikkje er kjent kan anna registrert arealdata nyttast til BRA føreligg.

Har eigedommen utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³, skal vassmålar vere montert i samsvar med kommunale retningslinjer og gebyr verte betalt etter målt forbruk.

Frå 1. januar 2018 skal alle abonnentar ha montert vassmålar, og forbruksgebyret skal verte fastsett etter målt forbruk.

§ 3-9.Retting av feil gebyrutrekning

Har mangelfulle eller feile opplysningar ført til feil gebyrutrekning, skal utrekninga verte retta og differansen gjort opp. Forureiningsforskrifta § 16-6, § 26 i lov om eigedomsskatt for kommunane og forskrift 18. desember 1987 nr. 977 om rentegodtgjering når eigedomsskatt vert innbetalt for seint eller betalt attende vil gjelde tilsvarande for renteplikt ved for sein betaling eller tilbakebetaling av vass- og avløpsgebyr.

Rentegodtgjering vert fastsett i tråd med den til ei kvart tid gjeldande forseinkingsrenta som følgjer av forsinkelsesrenteloven av 17. desember 1976 nr. 100. Krav som er forelda etter reglene om forelding av fordringar, vert ikkje dekka.

§ 3-10.Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslova sine regler om prisavslag

Kommunen kan gi reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller mangel ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslova sine regler om prisavslag.

4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen bestemme:

-kor mange vassmålarar den enkelte abonnent skal ha
-type, størrelse og plassering
-når målar skal verte installert
-pålegg om skifte av vassmålar

Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det ikkje vil vere nyttig å installere eigen måler for kvar eining. Kommunen kan etter skriftleg søknad godkjenne samarbeid om felles vassmålar. Årsgebyr vert fordelt på abonnentane etter reglane i § 3-4, 2.–5. ledd.

Pålagt vassmålar for ny eigedom skal være installert seinast når det vert gitt bruksløyve eller eigedomen vert teken i bruk, og for eksisterande eigedom når den vert tilknyta. Vert ikkje dette gjort, skal abonnenten betale stipulert årsgebyr etter § 3-8.

§ 4-2.Eigartilhøve

Den som har kosta vassmålaren er eigar av denne.

§ 4-3.Kostnader

Abonnenten kostar installasjon, drift og utskifting av vassmålar.

Vassmålar som overfor kommunen skal nyttast som grunnlag for utrekning av årsgebyr, vert kosta av kommunen. Vassmålarar ut over dette vert kosta av abonnenten. For vassmålarar som kommunen eig, vert vassmålarleige betalt i samsvar med satsar fastsett i gebyrregulativet.

§ 4-4.Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålar så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Dersom abonnenten ikkje føretek avlesing, kan kommunen etter purring, fastsetje årsgebyret skjønsmessig på grunnlag av tidlegare forbruk eller med grunnlag i stipulert forbruk etter bygget sitt areal. Kommunen kan også sjølv gjennomføra avlesing utan nærare varsel til abonnenten og kan krevje særskilt gebyr for dette.

§ 4-5.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målar lett tilgjengeleg for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal føre tilsyn med målar. Blir ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Som skade reknast også at plombering av målar er brote.

Kommunen kan føre tilsyn med måler. Kontrollør frå kommunen skal legitimere seg.

§ 4-6.Presisjonskontroll

Eigen kontroll:

-Kommunen skal rettleie abonnentane om eigna metode for eigenkontroll av målar.

Enkel kontroll:

-Både kommunen og abonnenten kan krevje ytterligare presisjonskontroll av måler. Kommunen avgjer om kontrollen skal gjerast av kommunen eller av ekstern kontrollinstans.
-Kontrollen skal utførast med måleutstyr og prosedyrar for måling som er akseptert av Justervesenet. Kontrollen skal gjelde hele det aktuelle måleområdet.

Utvida kontroll:

-Krev abonnenten ytterligare presisjonskontroll av måler, skal abonnenten bære kostnadene ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 4-7. I motsatt fall dekker kommunen kostnadene.

Justering eller utskifting av målaren:

-Dersom målepresisjonen ikkje er tilfredsstillande, skal målaren justerast eller skiftast ut. Krav om endra måleområde for ny måler skal vurderast.
§ 4-7.Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll viser meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga. Er plomberinga av målaren brote, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetalinga reknast frå det tidspunkt feilen har oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert ikkje dekka.

Viser målaren meir enn 5 % for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande regler.

§ 4-8.Utskifting og flytting

Er presisjonen i målinga for dårlig, bestemmer kommunen om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når vanlig levetid for ein målar er nådd, kan kommunen bestemme at målaren skal skiftast.

Kommunen kan krevje flytting av måler som er plassert i strid med kommunen sine krav til plassering. Abonnenten kostar slik flytting.

5. Iverksetjing og oppheving mv.

§ 5-1.Iverksetjing og oppheving av tidligare forskrift

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2013.

Frå same tid opphevast forskrift 16. juni 2005 nr. 648 om vass- og avløpsgebyr, Fjell kommune, Hordaland.