Forskrift for handsaming mv. av avfall og slamtøming, Ørsta og Volda kommunar, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-06-20-826
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2013
Sist endretFOR-2014-11-13-1560
EndrerFOR-2004-06-22-1073
Gjelder forØrsta og Volda kommunar, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83
Kunngjort04.07.2013   kl. 14.40
KorttittelForskrift om avfall og slam, VØR, Ørsta og Volda

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Ørsta kommunestyre 30. mai 2013 og Volda kommunestyre 20. juni 2013 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og avfall (Forurensningsloven) § 30, § 31, § 34, § 79 og § 83. Endra med forskrift 13 nov 2014 nr. 1560.

Kapittel 1

§ 1.Mål for avfallssektoren

Forskrifta har som mål å sikre miljømessig og økonomisk forsvarleg oppsamling, innsamling, transport, attvinning og slutthandsaming av avfall og slam i kommunane Ørsta og Volda.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld kjeldesortering, oppsamling, innsamling og transport av alle typar avfall og slam som kommunane sjølvpålagt, etter forureiningslova eller ved delegering frå overordna forureiningsmynde, er tillagt mynde over. Dette inkluderer farleg avfall frå hushaldningar og bedrifter dersom mengda ikkje overstig den grensa som til ei kvar tid gjeld i avfallsforskrifta.

Denne forskrifta omfattar alle registrerte grunneigedomar i Volda og Ørsta, inklusiv kvar enkelt seksjonerte del av bygning og kvar enkelt sjølvstendige brukseining i bygning. Også fritidseigedommar.

VØR avgjer i tvilstilfelle kva som reknast som sjølvstendig brukseining i bygning. VØR kan gi nærare retningsliner for gjennomføring av avgjerdene i forskrifta.

§ 3.Definisjonar
a)Abonnement

Standard er abonnement med 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 2. veke og henting av 1 stk. 140 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 3. veke.

Standard pluss er abonnement med 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 2. veke og henting av 1 stk. 240 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 3. veke.

Kompostering er abonnement der det ligg føre særskild kontrakt med VØR om kompostering av alt våtorganisk og hageavfall som oppstår hos abonnenten. Slike abonnement har 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 140 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 3. veke.

Kompostering pluss er abonnement der det ligg føre særskild kontrakt med VØR om kompostering av alt våtorganisk og hageavfall som oppstår hos abonnenten. Slike abonnement har 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 240 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 3. veke.

Storhushald er abonnement med 1 stk. 240 l dunk til restavfall, med henting kvar 2. veke og henting av 1 stk. 240 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 3. veke.

Storhushald pluss er abonnement med 1 stk. 240 l dunk til restavfall, med henting kvar 2. veke og henting av 1 stk. 340 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 3. veke.

Samarbeid er abonnement med felles behaldar for restavfall og papiravfall. Abonnentane kan velje mellom ulike storleikar av behaldarar. Kravet for å inngå delingsavtale er at eigedomane er naboar eller ligg i nærleik til kvarandre og at abonnentane seg imellom har avtale om reinhald og framsetting av dunkane. Ved tvil vert dette avgjort av VØR.

Nedgrave fellesrenovasjon er abonnement med oppsamling av avfall i nedgravne containerar. Slik løysing føreset avtale med VØR, jf. § 2.

Fritidshus er abonnement for dei med fritidshus/hytter enten dei har eigen avfallsbehaldar eller må levere avfallet i samleavfallsbehaldar for fritidshus/hytter.

Henteavtale er avtale mellom abonnent og VØR om henting, tøming og tilbakesetting av avfallsdunk på avstandar utover vegkanthenting.

b)Abonnementeining

Fritidsbustad er hus eller hytte utan fast busetnad, som ikkje vert brukt over 4 månader i året, med innlagt straum, som ligg i regulert hytteområde eller i ein avstand til offentleg vei ikkje lenger enn 1000 m. Ein kan ikkje ha fast bustadadresse ved eigedomen. Fritidsbustad er ikkje omfatta av § 10 c og d i denne forskrift.

Gebyreining/brukseining er husvære som er bygd eller ombygd til bruk for ein eller fleire personar og som har eigen inngang. Husværet kan anten vere leilegheit eller hybel. Ei gebyreining er ei leilegheit med fleire bruksrom dvs minst eit rom og kjøkken (eventuelt tekjøkken) og eigen inngang.

Hybel er ½-gebyreining/brukseining og er husvære utan kjøkken og er eit rom med eigen inngang, der det er tilgang til vatn og toalett.

c)Abonnent

Abonnent er eigar eller festar av eigedom som er tilslutta den kommunale renovasjonsordninga jf. forureiningslova § 34, fjerde ledd. Leigetakar/brukar av eigedom kan unntaksvis stå som abonnent/rekningsmottakar dersom dette vert avtalt mellom VØR og eigar. Eigaren er likevel økonomisk ansvarleg for uteståande gebyr leigetakaren/brukaren måtte ha overfor kommunen. Dersom eigedomen er festa vekk for minst 30 år, eller i dei høva festet kan forlengjast utover 30 år, skal festaren reknast som abonnent.

Leigetakar/brukar: Dersom leigetakar/brukar og abonnent ikkje er same juridiske person, er leigetakar/brukar sine plikter dei same som abonnenten sine plikter, med unnatak av det økonomiske forholdet til VØR.

d)Avfall

Avfall er lausøyregjenstandar og stoff som skal regnast som avfall i høve forureiningslova sin § 27.

Farleg avfall er avfall som det ikkje er føremålstenleg å handtere saman med hushaldningsavfall eller næringsavfall fordi det kan medføre alvorleg forureining eller fare for menneske eller dyr. Døme på helse- og miljøfarleg avfall kan vere maling, spillolje, løysemiddel, plantevernmiddel og bilbatteri. Jf. forureiningslova § 27 fjerde ledd.

Grovavfall, sjå restavfall.

Hushaldningsavfall er vanleg avfall frå private hushaldningar, medrekna større gjenstandar som inventar og liknande frå hushaldningar og fritidsbustader. Jf. forureiningslova § 27 andre ledd.

Kompostering er biologisk nedbryting og stabilisering av organisk avfall med lufttilgang der restproduktet vert jord.

Næringsavfall er avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar. Jf. forureiningslova § 27 tredje ledd.

Våtorganisk avfall er matavfall, hageavfall og anna biologisk nedbrytbart avfall som eignar seg til kompostering.

Returplast er plastemballasje som kan gå til attvinning i eigen returplastsekk som VØR leverar ut kvart år til alle abonnentar.

Risikoavfall er sprøytespissar, bandasjar og anna smittefarleg avfall frå helseinstitusjonar/kontor mv.

Restavfall er avfall som det ikkje er oppretta eigne sorteringsordingar for. Dette er avfall som vert igjen etter kjeldesortering eller sentralsortering av hushaldnings- eller næringsavfall.

e)Oppsamlingseining

Avfallsbehaldar/avfallsdunk er ei oppsamlingseining for avfall som VØR stiller til rådvelde for abonnentane. VØR kjøper, leverer ut og eig avfallsbehaldarane. VØR skiftar ut avfallsbehaldarane når det er naudsynt. Det må berre nyttast avfallsbehaldarar tildelt/godkjent av VØR. Kvar enkelt behaldar er registrert på den enkelte eigedom og skal ikkje flyttast ved endringar i eigar eller festeforhold.

Abonnenten er ansvarleg for reinhald av behaldarane. Behaldarane skal berre nyttast til avfallshandtering i samsvar med denne forskrifta. Ved annan bruk av behaldarane enn avfall i samsvar med denne forskrifta, er VØR utan ansvar for skade eller tap av innhaldet. Ved misbruk/aktløyse som skadar behaldaren skal abonnenten betale kostnaden med ny behaldar. Ved kjeldesortering av avfall til materialgjenvinning kan VØR dele ut fleire avfallsbehaldarar til same abonnent. For rekkjehus, blokker, seksjonerte eigedomar, burettslag og liknande kan desse bruke felles behaldar eller nedgraven container. Reinhald, framsetting m.m. er desse brukarane sitt ansvar.

Avfallssekk er 100 liters svarte sekkar merka med VØR-logo. Slike godkjende avfallssekkar vert utlevert der bruk av sekk vert kravd, og dei kan kjøpast hjå VØR og nyttast som ekstrasekk ved avfallstoppar.

Returplastsekk er gjennomsynlege sekkar som abonnentane skal bruke til å ha rein og tørr emballasjeplast i for attvinning. VØR leverar slike sekkar ut for eit år om gongen. Returplastsekken skal på hentedag knytast att og plasserast opp i dunken for papir og pappavfall. Eventuell prising av ekstrasekkar vert fastsett av kommunestyret i samband med sak om gebyrregulativ.

f)Sortering

Bringeordning er eit kjeldesorteringssystem der abonnenten sjølv bringer sitt kjeldesorterte avfall til ein mottaksplass t.d. returpunkt eller miljøstasjon.

Henteordning er eit kjeldesorteringssystem der kjeldesortert avfall vert henta av godkjent innsamlar så nær kjelda som praktisk råd.

Kjeldesortering er når abonnenten eller annan avfallsprodusent held visse avfallstypar fråskilt og legg desse i særskilde oppsamlingseiningar eller bringer dei til tilviste mottaksstader.

Returpunkt er lokalt ubemanna oppsamlingsstad der publikum kan levere/sortere ein eller fleire avfallsfraksjonar t.d. glas osb.

Miljøstasjon/gjenbruksstasjon er eit spesielt tilrettelagt område med organisert oppsamling av separert avfall. Alle gjenvinnbare fraksjonar kan leverast på miljøstasjonen i tillegg til grovavfall og farleg avfall.

g)Slam

Tvungen slamtøming er ei ordning for tøming av slamavskiljarar og tette tankar og gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank.

h)VØR

VØR er Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS som Volda kommune og Ørsta kommune har gitt delegert ansvar i eigen selskapsavtale til å drive med innsamling, sortering og transport av avfall og slam i medhald av forureiningslova.

VØR-området er kommunane Volda og Ørsta.

§ 4.Kommunal innsamling av avfall

Kommunane har med grunnlag i forureiningslova § 30 1. ledd innført tvungen renovasjon for hushaldningsavfall.

Alle eigedomar i VØR-kommunane der det går føre seg aktivitet som fører til at det oppstår hushaldningsavfall, vert omfatta av tvungen renovasjonsordning. Tvungen kommunal renovasjon gjeld også for hytter og fritidseigedomar.

Ingen må samle inn hushaldningsavfall, irekna papp, papir, drikkekartong, plast og andre avfallstypar til gjenvinning, utan samtykke frå kommunane.

Det er ikkje tillate å brenne hushaldningsavfall utandørs. Det er heller ikkje tillate å grave ned eller kaste hushaldningsavfall. Hageavfall og anna våtorganisk avfall kan etter avtale komposterast på eigen eigedom.

For å sikre best mogleg økonomisk, ressurs- og miljømessig handtering av avfallet, kan VØR i einskilde tilfelle med generelle vedtak stille krav til abonnent/avfallsprodusent om kjeldesortering og leveringsmåte for dei ulike delane av hushaldningsavfallet.

Det er ikkje tillate å levere risikoavfall frå helseinstitusjonar innblanda i anna hushaldnings- eller næringsavfall.

Dette avfallet skal kjeldesorterast og leverast separat til godkjent mottakar t.d. godkjende handsamingsanlegg for slikt avfall ved større helseinstitusjonar eller destruksjon ved godkjende mottakarar for slikt avfall. VØR si innsamlingsordning vil ikkje gjelde patologisk avfall.

Med grunnlag i § 11-10 i avfallsforskrifta, tilbyr VØR mottak av farleg avfall frå hushaldningar. Denne fraksjonen skal leverast til dei utplasserte mottaka for slikt avfall eller miljøstasjon. Verksemder med mindre mengder spesialavfall kan og nytte seg av den kommunale ordninga ved å levere avfallet ferdig deklarert på miljøstasjonen.

§ 5.Avfall som ikkje er omfatta av kommunal innsamling
a)Farleg avfall frå verksemd med meir enn 1000 kg spesialavfall/år. Næringsavfall, jf. § 3 d.
b)Den som har farleg avfall og næringsavfall er eigar av avfallet, og må sjølv syte for å bringe dette avfallet til godkjent avfallsanlegg eller til anna godkjend handsaming. VØR eller kommunen vil gi opplysningar om kvar slikt avfall kan/skal leverast.

Brenning av næringsavfall og farleg avfall er ikkje tillate anna enn i godkjende anlegg. For avfallstypar som ikkje er omfatta av tvungen avfallsordning, tilbyr VØR mottak på miljøstasjon for materialgjenvinning eller sortering.

§ 6.Heimekompostering

Hageavfall bør så langt det er råd komposterast i eigen hage, alternativt leverast til miljøstasjonen.

Våtorganisk avfall og hageavfall

Abonnentar med nok hageareal, får høve til å heimekompostere våtorganisk avfall og hageavfall. VØR kan i slike høve gje redusert gebyr etter nærare avtale. I avtalen vert det fastsett krav til drift av heimekomposteringa, m.a. at det vert nytta isolert kompostbinge og at komposteringa skjer på ein hygienisk tilfredstillande måte, som ikkje tiltrekkjer seg skadedyr, gjev sigevatn, vond lukt eller verkar sjenerande for omgjevnadene. VØR vil gi rettleiing om drift av kompostbingen, og føre kontroll med at godkjende bingar og avtale med VØR vert fylgd. Abonnenten må skaffe seg kompostbinge for eiga rekning.

Ved brot på vilkåra i avtalen, kan VØR seie han opp og påleggje abonnenten å levere avfallet i samsvar med § 4 og § 12 i denne forskrift.

§ 7.Oppsamlingseining og plasseringa av denne
a)Oppsamlingseininga

Oppsamlingseining er den til ei kvar tid godkjende avfallsbehaldar/sekk for innsamling av hushaldningsavfall utlevert av VØR. Avfallsbehaldarane har eit nummer som samsvarar med avtalen til eigedomen. Abonnenten/brukar er pålagt å notere nummeret og opplyse om dette når han tek kontakt med VØR i høve avfallsordningane.

Abonnenten/brukar pliktar å setje rett avfallsbehaldar fram til hentestad innan kl. 06.00 på tømedagen for å ha krav på innsamling. VØR driv innsamling mellom kl. 06.00 og 22.00. Abonnenten/brukaren er ansvarleg for at avfallsbehaldaren ikkje valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad.

Abonnenten/brukaren skal bringe avfallsbehaldaren tilbake frå hentestad til oppstillingsplass same dag som den er tømt.

Abonnenten/brukaren er ansvarleg for at behaldaren vert handsama med varsemd og halden rein i samsvar med krav frå helseansvarlege myndigheiter. Hushaldningsavfallet skal vere emballert t.d. i plastnett før det blir plassert i avfallsdunken.

Alt avfall som vert sett fram for tøming skal liggje i godkjent oppsamlingseining som ikkje er fylt meir enn at loket kan latast heilt tett til. Dette for at hygieniske ulemper ikkje skal oppstå. Avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldaren lett kan tømast. På vinterstid er brukaren ansvarleg for at avfallet ikkje er frose fast og dermed ikkje let seg tøme.

Ved avfallstoppar må abonnentane sjølv skaffe seg tilstrekkjeleg kapasitet til avfallet sitt t.d. ved ekstrasekkar. Ved gjentatt overfylling av dunken, kan VØR påleggje den enkelte abonnent større avfallsdunk og dermed høgare gebyr, jf. § 12.

Når ein nyttar avfallssekk skal denne sikrast mot fuglar og dyr ved naudsynte tiltak som nett o.l. Sekkar som vert framborne eller leverte til sentrale oppsamlingseiningar skal vere knyta att. Vekta på sekken skal ikkje vere over 20 kg. Vekta på avfallsdunken ikkje over 30 kg/140 l behaldarvolum. Tap av dunk/oppsamlingseining pliktar abonnenten å melde snarast til VØR. VØR kan påleggje abonnenten å nytte alternative oppsamlingseiningar for å få til ei forsvarleg innsamling og handsaming av avfallet.

b)Behaldarar for hytter og fritidshus

VØR skal syte for naudsynt reinhald av behaldarar, hentestad og oppstillingsplass for felles avfallsbehaldarar til bruk for hytter og fritidshus. Hytter og fritidshus med eigne avfallsbehaldarar vert å regulere etter § 7 a. Det er VØR si plikt å plassere ut felles avfallsbehaldarar for hytter og fritidshus. Avfallsbehaldarar som er utplasserte og merka med hytter, skal berre nyttast av brukarar av hytter. Unntaket er brukarar av utleigehytter som skal ha eigne avfallsbehaldarar/avfallssekkar.

c)Veg/hentestad

Hentestaden skal vere ved køyreveg, og vert fastsett av VØR. På hentestad skal avfallsbehaldarane stå lett tilgjengeleg på eit flatt og fast underlag i bakkenivå fritt frå portstolpar og liknande inklusiv med fri høgde for innhenting med mekanisk arm. Avfallsbehaldarane skal på hentedag stå i ein avstand 1–3 m frå vegkant (vegkanthenting). Tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjere tøminga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar osb. Der fleire dunkar står i lag skal avstanden mellom dunkane vere minst 30 cm.

Køyreveg kan vere både privat og offentleg veg. VØR har rett til å stille krav til vegstandard, vedlikehald, tilkomst og utforming av vegane som vert køyrde. Køyreveg som skal brukast i samband med renovasjonsordninga skal anten ha snuplass for stor bil, eller vere gjennomgåande, og renovasjonsbilane skal kunne køyre henterutene på ein lovleg og forsvarleg måte. Godkjend bilveg skal minst ha ei breidde på 3,0 m køyrebane, ei fri høgde på minst 4,0 m, styrke til å tole eit akseltrykk på minst 8,0 tonn og tilfredsstillande kurvatur og stigningsforhold. For å kome fram til avfallsdunken/avfallssekken skal vegen vere fri for hindringar for den som skal hente avfallet. Vinterstid skal tilkomsten vere rydda for snø, og om naudsynt vere sandstrødd.

Når vegen ikkje er tilfredsstillande brøytt eller den har slik teknisk standard at den i det heile tatt ikkje er køyrbar, skal abonnenten bringe avfallet fram til renovasjonsbilen, eller ta vare på avfallet på ein forsvarleg måte til neste hentedag. VØR kan i enkelttilfelle samtykkje anna plassering enn det som er nemnt ovanfor, mot eit ekstragebyr som vert fastsett i samband med årleg gebyrfastsetjing (henteavtale). Eigarar av fritidshus/hytter pliktar å levere avfallet sitt i tilviste avfallsbehaldarar som nemnt i denne paragraf punkt b.

§ 8.Sortering av avfallet
a)Hushaldningsavfall

VØR krev at hushaldningsavfall vert kjeldesortert for dei avfallsfraksjonar det er etablert innsamlings- og mottaksordningar for. Dette vert gjort for å legge til rette for best mogleg slutthandsaming av avfallet. Avfall levert til VØR kan verte manuelt kontrollert. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør ved bruk av klistrelapp eller liknande varsle om mangelen og ikkje ta avfallet med på vanleg rute.

Fuktig avfall, skarpe eller knuselege gjenstandar mv. skal vere forsvarleg innepakka før plassering i avfallsbehaldaren. Varm oske må avkjølast heilt før den vert emballert og lagt i behaldaren. Oske, avfall frå støvsugar o.l. må vere skikkeleg emballert for å unngå støvplage under innhenting.

Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren. I behaldaren må det vidare ikkje leggjast større metallgjenstandar, elektrisk eller elektronisk avfall, stein og jord, hageavfall og sand/grus eller bygningsavfall. I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall. Farleg avfall eller problemavfall skal ikkje leggjast i behaldaren.

Brukaren kan gjerast økonomisk ansvarleg for skader på behaldar, renovasjonsbil eller på tømmeplass for renovasjonsbilen som følgje av aktlaus bruk av behaldaren.

Skjerande avfall må pakkast forsvarleg inn for å hindre skade på renovatørane. Når ein brukar avfallssekk skal den ikkje fyllast meir enn at den kan knytast att.

Avfall som er for stort eller for tungt til den vanlege innsamlingsordninga skal leverast til miljøstasjonen eller anna tilsvarande mottak. Tilsvarande skal også andre typar avfall som kan gjenvinnast eller gå til ombruk og det ikkje er oppretta henteordning for, leverast til miljøstasjonen.

b)Henteordning

Alle abonnentar som inngår i tvungen kommunal avfallsordning skal kjeldesortere avfallet i følgjande fraksjonar.

-Papir (aviser, tidsskrift, vekeblad, reklamepapir, papp, kartong, drikkekartong) skal leverast i grøn behaldar med blått lok.
-Emballasjeplast skal leverast i samanknytte returplastposar i grøn behaldar med blått lok.
-Restavfall skal leverast i grøn behaldar med grønt lok.

Fraksjonane skal haldast skilt og leggjast i dei utleverte avfallsbehaldarane som står heime hos kvar enkelt abonnent. Det er ikkje tillete å leggje andre typar avfall i oppsamlingseininga enn det som er nemnt ovanfor. Det er ulike tømefrekvensar for desse fraksjonane. For nærare opplysningar vert det vist til eigen informasjon.

c)Bringeordning

Andre kjeldesorterte fraksjonar med godkjent innsamlingsordning skal bringast til returpunkt (glas og metallemballasje) eller miljøstasjonen (større delar av papp, e.e-avfall). VØR kan gjere endringar i utval og talet på fraksjonar. Farleg avfall må leverast til farleg avfall mottak eller miljøstasjonen.

Hytter og fritidsbustader kan få seg tilvist bruk av felles avfallsdunkar/avfallsoppsamlingseiningar. Disse skal ikkje nyttast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller private anlegg for turisme. Brot på dette vert definert som om den aktuelle abonnent/brukar har for lite behaldarvolum/for lav hentefrekvens ( jf. § 7 og § 12).

§ 9.Hygieniske krav til renovasjon

Forskriftene byggjer på dei krav til hygienisk avfallshandtering som vert fastsett av sentrale styresmakter og helse- og sosialstyret i kommunane.

Gjeldande lover og forskrifter:

a)Lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) og lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven) med kommunale helseforskrifter.
b)Lov 13. mars 1981 nr. 81 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).

Helsestyresmaktene i kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at helseforskriftene om handtering av avfall vert fylgd.

§ 10.Avfallsgebyr
a)Abonnentar som vert omfatta av avgjerdene i denne forskrifta skal betale avfallsgebyr som vert innkravd av VØR. Ved registrering av ny abonnent eller ved endring av eksisterande abonnement, vert nytt gebyr rekna frå den første i månaden etter at endringa er meldt til VØR. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til den siste dagen i månaden der gebyrplikta vert avslutta. Abonnentar som kjem inn under denne forskrifta pliktar straks å melde endringar i abonnementtilhøve til VØR. Likeeins pliktar ein å melde frå dersom personen ikkje står i gebyrregisteret for avfall. Blokker, rekkehus og liknande som er organisert som burettslag, kan få avgifta berekna og betalt samla. Det same gjeld for tilsvarande bustader når eigarane organiserar seg som felles rettssubjekt (eks huseigarforeining).
b)Gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyra. Gebyret med renter og kostnader er sikra etter pantelova § 6-1. Om renteplikt og inndriving gjeld tilsvarande reglar i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27.

Gebyret skal dekke alle kostnader med avfallshandteringa. For dei tenestene som er pålagde og fastsette etter denne forskrifta skal abonnenten betale eit renovasjonsgebyr til VØR pr. gebyreining. Gebyr skal og betalast for tilleggstenester som henteavtale.

c)Gebyreiningar som står tome heile eller delar av året kan etter årleg søknad, få nedsett gebyr for:
-samanhengande heile året 100 %
-samanhengande minst 6 md. 50 %
d)Gebyrdifferensiering:

For å fremje avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning vedtek kommunen differensierte gebyrsatsar i samband med dei årlege gebyrvedtak. Gebyret vert fastsett på grunnlag av storleik på avfallsdunk, hentefrekvens, om abonnenten komposterar eller om abonnentar samarbeidar om oppsamlingseining.

§ 11.Unntak/klager - praktisering

Søknader om unntak og klager på praktiseringa av denne forskrift, kan påklagast og skal sendast til Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS, dersom vedtaket er eit enkeltvedtak (jf. forvaltningslova § 2b og forureiningslova § 85).

Det at ordninga ikkje vert brukt, at bruken er tungvint eller vert sett på som unødvendig eller liknande, gjev ikkje grunnlag for fritak frå ordninga eller betalingsplikta.

Søknader/klager skal vere grunngjevne og innehalde opplysningar om eigar, adresse, gards- og bruksnummer.

Kommunane delegerer mynde for avgjerd av søknader/klager til styret for VØR. Styret i VØR kan delegere mynde til å ta daglege og praktiske avgjerder etter desse forskriftene til dagleg leiar.

Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje av styret for VØR, vert den oversendt klageutvalet for VØR saker som skal gjere endeleg vedtak. Jf. Selskapsavtale for Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS.

0endra med forskrift 13 nov 2014 nr. 1560.
§ 12.Sanksjoner - straff

Dersom det viser seg at ein abonnent har for lite behaldarvolum, slik at det er fare for at avfallet vert disponert i strid med forskrifta, kan VØR påleggje abonnenten det behaldarvolumet som ein finn føremålstenleg. Byte av behaldar vil skje seinast ein månad etter at skriftleg varsel er sendt frå VØR.

Dersom det viser seg at ein abonnent ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige abonnementeiningar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan VØR påleggje ekstragebyr frå den datoen som abonnementeininga(ne) vart gebyrpliktig(e). Dersom dette tidspunktet ikkje kan dokumenterast, vert abonnenten automatisk pålagt gebyr frå to år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

VØR kan påleggje abonnenten tilleggsgebyr om det syner seg at abonnenten ikkje sorterer avfallet sitt i samsvar med gjeldande sorteringsreglement, jf. § 8 i denne forskrift.

Utover dette kan brot på føresegnene verte straffa med bøter, jf. forureiningslova § 79 andre ledd.

Kapittel 2. Tøming av slam frå spreidde avlaupsanlegg

§ 13.Generelt

Volda og Ørsta kommune har vedteke å innføre mobil avvatning som behandlingsmetode for kloakkslam frå slamavskiljarar med godkjent avløp. Volda kommunestyre i møte 3. mai 1990 og Ørsta kommunestyre i møte 28. mai 1990.

§ 14.Tøming av slamavskiljarar m.m.
a)Melding

Melding om når tøming vil finne stad vil verte gjeve gjennom pressa eller på annan måte som VØR finn føremålsteneleg.

b)Frekvens på tøming av slamavskiljar

Tvungen slamtøming gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank for slam. For eigedomar med fast busetjing/heilårsbustad og med toalett tilknytt slamavskiljar, skal slamavskiljar tømast ein gong kvart andre år. For eigedomar utan fast busetjing/heilårsbustad og med toalett tilknytt slamavskiljar og for fritidsbustader/hytter, skal slamavskiljar tømast ein gong kvart fjerde år. Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle og minst ein gong kvart år. I særlige høve kan VØR fastsetje annan tømefrekvens enn nemnt ovanfor.

c)VØR eller den som tømer for VØR sine plikter

Tøming skal utførast slik at den ikkje er til ulempe for nokon med omsyn til støv, lukt eller støy. Anlegget skal forlatast i lukka stand og grinder, portar og dører skal stengjast, eventuelt låsast. Renovatør skal rapportere til kommunen alle observerte avvik ved anlegget.

§ 15.Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømast er lett tilgjengelege og dimensjonerte for tøming med bil eller traktor med tankvogn. Overdekking av kumlokk og liknande med snø, is, jord, stein eller anna skal vere fjerna av abonnenten før tøminga skal gjerast. Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tøminga. VØR vil ikkje ta på seg krav frå skade på vegar, hagar eller liknande. Dersom vegstandarden er for dårleg, må tankeigar syte for forsterkning. Jf. også krav til veg/hentestad i § 7c.

Dersom abonnenten ikkje har klargjort tanken for tøming eller ein må tøme tankar utanom oppsett innhentingsplan, kjem tilkøyring i tillegg til tømeprisen.

§ 16.Avgifter ved fellesanlegg

Kommunale og private fellesavskiljarar for fleire bustadhus, bustadfelt, verksemder, industriområdar og andre type byggjeområde eller tettstader skal tømast i samsvar med det som er oppgitt i utsleppsløyve eller når VØR vurderer at tøming må gjerast.

§ 17.Avgift, innkreving, renter m.m.

Abonnenten skal betale ei årleg avgift som vert innkravd av VØR. Gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyra. Gebyret med renter og kostnader er sikra etter pantelova § 6-1 om renteplikt og inndriving gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 og eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27.

§ 18.Klage og straff

Dette vert handsama etter § 11 og § 12 i denne forskrift.

§ 19.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft frå 1. juli 2013 og erstattar tidlegare forskrift 22. juni 2004 nr. 1073 om renovasjon, Ørsta og Volda kommunar, Møre og Romsdal. Styret i VØR får fullmakt til å tilpasse overgangen til 14 dagars henting av restavfallet.