Forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen, Haram kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-06-20-828
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2013
Sist endretFOR-2014-12-18-1747 frå 01.01.2015
EndrerFOR-1998-12-18-1381, FOR-2006-06-22-946
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§27, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort04.07.2013   kl. 14.40
KorttittelForskrift om hushaldsavfall og slam, ÅRIM Haram

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Haram kommunestyre 20. juni 2013 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 27, § 30, § 31, § 33, § 34, § 79, § 83 og § 85. Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).

Del 1. Innleiande reglar

§ 1.(formål)

Forskrifta har som formål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg oppsamling, innsamling, transport, gjenvinning og sluttbehandling av avfall samt tømming av slamavskiljarar og tette tankar mv. i kommunane. Forskrifta har vidare som siktemål ei likebehandling av abonnentane i dei kommunane som er medlemer i Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS (ÅRIM). Forskrifta regulerer korleis ÅRIM på vegner av medlemskommunane skal oppfylla krava til handtering av hushaldsavfall og slam etter forurensningsloven.

§ 2.(virkeområde)

Forskrifta omfattar handtering av hushaldsavfall og slam frå mindre reinseinnretningar, t.d. slamavskiljarar og tette tankar, i dei kommunane som er medlemer i ÅRIM. Forskrifta regulerer det ansvaret og dei oppgåvene ÅRIM og abonnentane har knytt til sortering, oppsamling, innsamling og transport av hushaldsavfall og slam frå anlegg. Avfall frå næringsverksemd er ikkje omfatta, heller ikkje slam frå oljeutskiljarar, fettutskiljarar og oppsamlingstankar for industrielt avløpsvatn.

§ 3.(definisjonar) 

Abonnent:

Eigar av eigedom som blir omfatta av renovasjonsordninga for hushaldsavfall eller av eigedom med slamanlegg som blir omfatta av slamtømeordninga. Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir, skal festaren reknast som abonnent. Ved dødsbo blir bustyrar eller arving som har ansvaret for dei økonomiske krava den aktuelle eigedomen heftar for, rekna som abonnent, i uskifta bu blir abonnementet overført til den som sit i uskifte (attlevande ektefelle). Ved konkurs blir oppnemnd bustyrar abonnent.

I dei tilfella der ÅRIM gir godkjenning etter § 7 d) om bruk av felles oppsamlingseiningar eller etter § 7 g) om bruk av avfallsløysingar som utgjer tekniske installasjonar, eller der ÅRIM etter § 23 c krev bruk av felles oppsamlingseiningar, blir eigar av kvar enkelt brukseining rekna som abonnent. Brukseining er definert som husvære som er bygd eller bygd om til bruk for ein eller fleire personar med fleire bruksrom dvs. minst eit rom og kjøkken (eventuelt tekjøkken) og som har eigen inngang. Brukseining kan anten vere hytte/fritidseigedom, leilegheit eller hybel som stettar krava til ein sjølvstendig bustad etter Norsk Standard 3940 kapittel 3.16. 

Henteavstand:

Avstand frå vegkant til standplass for oppsamlingseining eller slamanlegg. Dette gjeld avstand frå vegkant køyreveg. Der det er gang-/sykkelveg/fortau som er lov å trafikkere med renovasjonskjøretøy, eller der gang-/sykkelveg/fortau går parallelt med køyreveg og ikkje er skild frå køyrevegen med fysiske hinder som gjerde, autovern, grøft o.l. er det vegkanten på gang-/sykkelveg/fortau som er utgangspunkt for vurdering av henteavstand. 

Kompostering:

Biologisk nedbryting og stabilisering av organisk avfall med lufttilgang. 

Køyrbar privat veg:

Veg der renovasjonsbilen kan komme fram, stoppe for å tømme oppsamlingseiningar eller slamanlegg og snu eller rygge på forsvarleg måte. Der det er nødvendig å køyre på privat veg for å hente inn avfall eller slam, er det abonnenten som skal sjå til at vegen og snuplassen er brøyta og om nødvendig strødd. ÅRIM har ikkje ansvar for eventuelle skadar på private vegar og snuplassar som blir nytta ved innsamling. For at nye private vegar som blir tatt i bruk til innsamling av avfall og slam i Ålesundregionen skal kunne reknast som «køyrbar privat veg» og nyttast til regelmessig innsamling av avfall, skal som eit minimum desse krava vere oppfylte:

-fast underlag med minst 10 cm grusdekke og tilnærma horisontalt tverrprofil,
-minste breidde (på fast underlag): 3,0 m pluss skulderbreidde 0,5 m på kvar side,
-minste svingradius: 7,5 m pluss skulderbreidde 0,5 m på kvar side,
-fri høgde: 4,0 m,
-stigning: maksimalt 1:10,
-kapasitet til å tåle akseltrykk på 10 tonn,

Køyrbar privat veg bør vere slik at bilane ikkje treng å rygge. Er dette ikkje mogleg, skal det vere ein snuplass som har minste breidde i rett strekning på 3,5 m pluss skulderbreidde 0,5 m på kvar side og minste svingradius 7,5 m pluss skulderbreidde 0,5 m på kvar side. Vegskuldrane på snuplassen skal vere utan hagemurar, stabbestein, buskar o.l. Kantstein som skal passerast, må ikkje vere høgare enn 40 mm. 

Oppsamlingseining

Sekk, plastbehaldar, konteinar eller ei anna godkjend eining abonnenten kan leggje avfall i fram til henting. 

Renovasjonsrett:

Stadfesta plikt eller rett som gir ein eigedom rett til å plassere sine oppsamlingseiningar på ein annen eigedom. 

Renovasjonsteknisk plan:

Dokument som viser korleis oppsamling og henting av avfall og tømming av slam er planlagd utført i eit reguleringsområde eller for ein eigedom. 

Renovatør:

Person som står for tømminga av kundane sine oppsamlingseiningar eller slamanlegg. 

Restavfall:

Avfall det ikkje er oppretta eigne sorteringsordningar for. Dette er avfall som blir igjen etter kjeldesortering av hushaldsavfall.

0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).
§ 4.(myndet til ÅRIM)

ÅRIM har mynde til å fatta vedtak i dei sakene som kommunane i denne forskrifta har lagt til ÅRIM.

Utan skriftleg løyve frå ÅRIM kan ingen samle inn hushaldsavfall eller tømme slam i Ålesundregionen.

Del 2. Generelle reglar om hushaldsavfall

§ 5.(tvungen renovasjon)

Det er lovpålagd kommunal renovasjon for hushaldsavfall i Ålesundsregionen. Alle registrerte grunneigedomar der det kan oppstå hushaldsavfall, både bustader og fritidseigedomar, skal vere med i den kommunale renovasjonsordninga og dermed betale renovasjonsgebyr. Dette inkluderer også mellombels eller transportable bygningar, konstruksjonar eller anlegg med oppstilling meir enn fire månader.

Område gitt i vedlegg 1 til forskrifta er unnateke frå renovasjonsforskrifta.

For eigedomar der næringsavfall ikkje blir skild frå hushaldsavfallet, eller der det av plassmessige årsaker ikkje kan plasserast eigne oppsamlingseiningar for begge typar avfall, er alt avfall å rekne som hushaldsavfall.

0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).
§ 6.(pliktene til ÅRIM)
a)ÅRIM skal utføre kommunane sine lovpålagde oppgåver innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål.
b)ÅRIM skal som ein del av dette gje abonnentane eit tilbod om kjeldesortering av hushaldsavfall. ÅRIM skal vidare informere abonnentane om dei ordningane som gjeld, mellom anna tømmedagane ved henting av avfall, og opningstidene for avfall som må leverast til sortering. Ved endringar i tømmerutiner og andre tilhøve i avfallsordninga som er av vesentlig betydning, skal abonnenten varslast på ein hensiktsmessig måte.
c)Det er ÅRIM sitt ansvar å syte for oppsamlingseiningar til abonnentane, unntaket er oppsamlingseiningar som utgjer faste installasjonar. Bytte og reparasjon av oppsamlingseiningane som følgje av endringar i abonnement, naturleg slitasje eller tilhøve som abonnenten ikkje kan klandrast for, er også ansvaret til ÅRIM. ÅRIM tek avgjerd om kva tid ei oppsamlingseining må reparerast eller fornyast.
d)Innsamlinga av avfall skal gjennomførast slik at abonnentane slepp unødige helse- og miljøulemper som støv, lukt eller støy. Eventuelt søl frå tømminga av oppsamlingseiningar skal fjernast i samband med tømminga. Etter tømming skal oppsamlingseining settast attende på standplass eller minst tre meter frå vegkant. Under transport skal avfallet vere sikra slik at det ikkje fell av.
e)Abonnentar som ønskjer lenger henteavstand enn den som følgjer av § 7 c), har høve til å inngå avtale med ÅRIM om dette. På same måte har eigarkommunane høve til å inngå avtale med ÅRIM om slike tenester.
f)ÅRIM tek over eigarskapet til, og ansvaret for disponeringa av avfallet så snart det er henta inn eller levert gjennom dei avfallsordningane som er oppretta.
§ 7.(pliktene til abonnenten)
a)Abonnentane skal sortere avfallet i tråd med reglane i forurensningsloven og retningslinjene til ÅRIM. Avfallet skal plasserast i oppsamlingseiningar. Avfall som ikkje er lagt i oppsamlingseiningar det er betalt gebyr for, kan ikkje påreknast henta. Oppsamlingseiningane skal berre nyttast til sortert avfall i tråd med retningslinjene til ÅRIM. Abonnenten er ansvarleg for skadar på oppsamlingseiningar som skuldast feil bruk. Abonnenten er vidare ansvarleg for reinhald av eigne oppsamlingseiningar.
b)Abonnentane skal syte for at oppsamlingseiningane som skal tømast ikkje er overfylte, lokket skal kunne lukkast heilt att. Avfallet skal ikkje pakkast fastare enn at eininga lett kan tømmast. Skarpe gjenstandar og støvande avfall må pakkast godt inn. Det er vidare abonnenten sitt ansvar at avfallet ikkje er fastfrose i dunken vinterstid. Abonnenten har også ansvar for opprydding av avfall som vert drege utover av dyr og fuglar ved for dårleg sikring. Avfall som blir henta eller levert kan bli manuelt sortert og kontrollert. Abonnenten er sjølv ansvarleg for at avfall han vil halde konfidensielt er makulert. Er det ved enkelte høve meir avfall enn det er plass til i oppsamlingseininga, kan abonnenten kjøpe sekk for ekstraavfall der gebyr for innsamling og behandling er inkludert. Sekken plasserast slik at renovatøren lett kan ta han med ved den ordinære tømminga.
c)Oppsamlingseiningane skal som hovudregel plasserast nærast mogleg offentleg eller køyrbar privat veg på hentedagen. Mindre oppsamlingseiningar med volum til og med 240 l skal tømmast dersom henteavstanden er inntil 5 m. Større oppsamlingseiningar skal vere direkte tilgjengeleg for renovasjonskøyretøy. ÅRIM kan godkjenne andre plasseringar dersom dette er renovasjonsfagleg nødvendig. Dersom oppsamlingseininga til vanleg blir plassert ein annan stad, skal abonnenten bringe fram eininga til offentleg eller køyrbar veg seinast klokka 0600 på tømmedagen. Det skal vere tilstrekkeleg areal til oppsamlingseiningane og tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjere hentinga vanskeleg. Om vinteren skal tilkomsten vere rydda for snø og om nødvendig sandstrødd.
d)Oppsamlingseiningane er registrerte på den enkelte abonnenten og skal ikkje flyttast eller overførast til annan abonnent. Det er høve til å inngå avtale mellom abonnentar om bruk av felles oppsamlingseiningar. Slik bruk krev godkjenning frå ÅRIM.
e)Eigar eller festar av eigedom der det oppstår hushaldsavfall, pliktar straks å melde frå til ÅRIM om det er registrert feilaktige opplysningar eller eigedomen ikkje har renovasjon.
f)Dersom oppsamlingseiningane abonnenten har fått utlevert ikkje har tilstrekkeleg kapasitet i høve avfallsmengdene, skal abonnenten varsle ÅRIM om dette, med sikte på å få eit abonnement tilpassa avfallsmengdene.
g)Ved installasjon av oppsamlingseiningar som utgjer faste installasjonar, som nedgravne løysingar eller avfallssug, skal det innhentast godkjenning frå ÅRIM i forkant av installasjonen.
h)Når det gjeld hushaldsavfall frå hytter, stølar og andre fritidseigedomar i område der ÅRIM har utplassert oppsamlingseining for hytteavfall, må den enkelte abonnenten sjølv syte for å bringe avfallet til desse. Avfallet må vere forsvarleg emballert. Er det ikkje plass til avfallet i oppsamlingseininga, må abonnenten ta med seg avfallet attende eller finne ein annan oppsamlingseining med ledig plass. I område der ÅRIM ikkje har utplassert oppsamlingseiningar for hytteavfall, kan abonnentane få utlevert sekkar der gebyr for innsamling og behandling er inkludert. Desse sekkane må plasserast slik at renovatøren kan ta dei med ved ordinær avfallstømming.
§ 8.(heimekompostering)

Heimekompostering vil seie at abonnenten sjølv handterer matavfallet sitt ved varmkompostering året rundt. Ferdig kompost nyttast på eigen eigedom.

Det er høve for abonnentar til å inngå avtale med ÅRIM om heimekompostering. Avtalen gir ÅRIM rett til å redusere hentetilbodet abonnenten har, samstundes som abonnenten får redusert renovasjonsgebyr.

Vilkåra for å få inngå slik avtale er:

1)Det skal nyttast ein kompostbehalder som oppfyller kvalitetskrav sett av ÅRIM.
2)Abonnenten må ta del i komposteringskurs eller på annan måte gjere greie for tilstrekkeleg kunnskap til å kunne gjennomføre heimekompostering på ein miljø- og helsemessig forsvarleg måte.
3)Abonnenten skal ikkje levere matavfall til den kommunale renovasjonen eller kvitte seg med dette på annan måte.
4)Abonnenten må ha tilstrekkeleg areal til å kunne spreie ferdig kompost.
5)ÅRIM fører tilsyn med at abonnenten etterlever krava i avtalen.

Abonnenten kan seie opp avtalen med ein månad varsel.

Eldre inngåtte avtalar mellom abonnenten og ein av kommunane i Ålesundregionen gjeld inntil dei blir sagt opp.

Del 3. Generelle reglar om slam

§ 9.(tømming av slamanlegg)
a)ÅRIM skal syte for tømming av slam frå alle slamanlegga omfatta av forskrifta. I samband med tømminga blir anlegget også kontrollert. ÅRIM tek over eigarskapet til og ansvaret for disponeringa av slammet når slamanlegget er tømd.
b)Kvar enkelt abonnent skal normalt varslast minst ei veke før tømminga skal skje. Abonnenten skal, når varsel er mottatt, sikre fri tilkomst til slamanlegget. Snø, is, jord osb. over kumlokk må fjernast. Kumlokk må merkast slik at dei er moglege å finne.
c)Den som utfører tømminga har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å få utført tømminga. Arbeidet skal likevel utførast på ein slik måte at unødig skade på veg eller eigedom ikkje oppstår. Slamanlegget, grinder og porter skal etter tømming vere forsvarlig låst og lukka.
d)Eigar av tett tank som er installert pliktar å legge til rette for at ÅRIM kan få høve til fjernavlesing av fyllingsgrad på tanken.
§ 10.(tømmefrekvens)
a)Slamanlegg skal tømmast når det er nødvendig.
b)Alle slamanlegg skal tømmast minimum annakvart år dersom det er tilknytt heilårsbustad og minimum kvart fjerde år dersom det er tilknytt fritidsbustad eller heilårsbustad nytta som fritidsbustad. Tette tankar skal tømmast minimum kvart år.
c)Abonnentane har høve til å tinge hyppigare tømming mot betaling.
d)Kommunen kan i enkelte høve fastsette annan tømmefrekvens, til dømes for minirenseanlegg.
§ 11.(plassering av nye slamanlegg)
a)Nye slamanlegg skal vere plasserte så nær offentleg eller privat køyrbar veg som mogleg.
b)Tette tankar må kunne tømmast heile året eller vere dimensjonerte for å kunne halde til tømming kan gjennomførast.
c)Lokk som kan bli utsette for overkøyring skal vere køyresikre.
d)Avstanden frå oppstillingsplass for bil til slamanlegg (kumlokk) skal ikkje vere over 50 meter.
e)Oppstillingsplassen skal vere utforma slik at bilen står tilnærma horisontalt under tømming.
f)Høgdeforskjellen mellom botnen av slamanlegget og oppstillingsplassen skal ikkje vere meir enn 8 meter.
g)Kommunen kan godkjenne avvik frå krava i a)–f). Eventuelle meirkostnader i samband med tømming må i tilfelle dekkjast av abonnenten.
h)Ved installasjon av nye tette tankar, kan kommunen stille krav om ei løysing som gir ÅRIM høve til fjernavlesing av fyllingsgrad på tanken.
§ 12.(matavfallskvernar)
a)I Ålesundregionen er det ikkje høve til å installere eller nytte matavfallskvern for å føre matavfall til avløpsnettet og slamanlegga omfatta av denne forskrifta.
b)Kommunen kan gje pålegg om fjerning av matavfallskverner.

Del 4. Renovasjonsteknisk planlegging

§ 13.(plikt til å ha renovasjonsteknisk plan)
a)Alle som foreslår ein reguleringsplan eller utbyggingsavtale i regionen, pliktar å utarbeide ein renovasjonsteknisk plan for det området planforslaget omfattar.
b)Ansvarleg søkar i byggjesak pliktar å leggje fram ein renovasjonsteknisk plan for den eigedomen eller dei eigedomane som er omfatta av tiltaket.
c)Kommunen kan ta avgjerd om at renovasjonsteknisk plan ikkje treng utarbeidast.
d)Dersom ein bustadeigedom ikkje har tilgjenge direkte med ordinær renovasjonsbil skal det vere avtale om stadfesta renovasjonsrett på annan eigedom før eller i samband med frådelings- eller byggjesak.
§ 14.(omfanget av og innhaldet i renovasjonsteknisk plan)

Ein renovasjonsteknisk plan skal vise korleis oppsamling og innsamling av avfall skal løysast fysisk for det området eller den eigedomen planen omfattar, samt korleis andre eigedomar eventuelt blir påverka av den foreslåtte løysinga. Renovasjonsteknisk plan skal omfatte avfallet frå driftsfasen til eigedomen.

Desse tilhøva bør vere omtalte i planen:

a)Tekniske løysingar for oppsamling av avfall, dvs. behaldar, konteinar, nedgravne løysingar, avfallssug etc.
b)Hovuddimensjonar for oppsamlingseiningar, samt dimensjoneringsgrunnlaget.
c)Plasseringa av oppsamlingseiningane.
d)Eventuelle høve til utviding ved seinare overgang til større eller fleire oppsamlingseiningar.
e)Tilgjenge og tømmestad for renovasjonsbil.
f)Type avløpsanlegg og eventuelle utfordringar knytt til tømming av slamanlegg.
g)Stadfesta pliktar og rettar (servituttar) som er relevante for renovasjon.
h)Korleis nabo- og gjenboeigedom blir påverka av løysinga som er foreslått.
§ 15.(krav til tekniske løysingar for innsamling av hushaldsavfall)

Kommunen kan, der det er nødvendig for å sikre at arealbruken og busetnaden blir lagt til rette for å vere til gagn for den enkelte og samfunnet, gjennom særskilte reglar i arealdelen i kommuneplanen, i reguleringsplan eller i utbyggingsavtale, stille krav til dei tekniske løysingane for oppsamling av hushaldsavfall.

Del 5. Gebyr

§ 16.(gebyrplikt for avfall)

Alle registrerte grunneigedomar der det oppstår hushaldsavfall skal betale renovasjonsgebyr. For å fremje avfallsreduksjon og ei effektiv renovasjonsordning, kjeldesortering og gjenvinning kan kommunen innføre differensierte gebyrsatsar. Kommunen kan krevje betaling for ulike tilleggstenester som t.d. levering av ekstrasekkar, lenger henteavstand eller levering av avfall på miljøstasjon. Tilsvarande kan det krevjast tilleggsgebyr for innsamling på vanskeleg tilgjengelege stadar utanfor offentleg veg.

Storleiken på avfallsgebyret blir kvart år vedteke av kommunestyret.

§ 17.(gebyrplikt for slam)

Abonnentane skal betale gebyr for slamtømminga. Det skal svarast eit gebyr for kvart slamanlegg. Storleiken på slamgebyra blir kvart år vedteke av kommunestyret.

Kommunen kan krevje tilleggsgebyr for innsamling på vanskeleg tilgjengelege stadar.

§ 18.(endring av abonnement)

Alle endringar av abonnement skal meldast skriftleg.

For bustader og fritidseigedomar under oppføring blir det rekna gebyr frå og med mellombels bruksløyve eller ferdigattest er utsendt. For nye avløpsanlegg i eksisterande bygg, blir det rekna slamgebyr frå anlegget blir teke i bruk.

Ved registrering av nytt abonnement, eller ved andre endringar av eksisterande abonnement, blir nytt gebyr rekna frå den dagen endringa faktisk blir gjennomført.

0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).
§ 19.(innkrevjing av gebyr)

Avfalls- og slamgebyr med tillegg for løpande renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter panteloven § 6-1.

Abonnenten skal betale inn gebyret sjølv om det er tvist. Eventuelt for mykje betalt gebyr blir refundert med renter.

Skuldig gebyr kan inndrivast ved utpanting i samsvar med panteloven § 6-1.

Når det gjeld renteplikt ved for sein betaling, tilbakebetaling og inndriving av avfalls- og slamgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).
§ 20.(fritak frå gebyrplikt)
a)Fritak frå gebyrplikta for renovasjon
I.ÅRIM kan etter søknad gje fritak frå gebyrplikta for renovasjon der det ut frå ei økonomisk, miljø- og helsefagleg synspunkt ikkje er hensiktsmessig å organisere eit innsamlingstilbod.
II.ÅRIM kan etter søknad gje fritak frå gebyrplikta for renovasjon der eigedom står til nedfalls og ikkje kan nyttast for opphald over lenger tid.
III.ÅRIM kan etter søknad gje fritak frå gebyrplikta for renovasjon der bebuar har fått plass i kommunal institusjon.
IV.ÅRIM kan etter søknad gje fritak frå gebyrplikta for renovasjon for heilårsbustader der denne skal stå tom i minst 6 månader. Blir bustaden teken i bruk innan 6 månader frå første fritaksdato, så etterfakturerast perioden tilbake til denne datoen. Dersom bustaden skal nyttast som fritidsbustad blir det ikkje gitt fritak.

Det er ein føresetnad for å få fritak frå gebyrplikta for renovasjon at eventuelle oppsamlingseiningar er levert attende til ÅRIM. Fritak gjeld tidlegast frå søknadsdato, fritak blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.

b)Fritak frå gebyrplikta for slam
I.Kommunen kan etter søknad gje fritak frå gebyrplikta for slamtøming i høve der slamanlegg er langt frå offentleg eller privat køyrbar veg.
II.Kommunen kan etter søknad gje fritak frå gebyrplikta for slamtøming i høve der eigedom står tom og dokumentert fråkopla vassforsyning.
c)Ved heimelsovergang blir fritak automatisk oppheva.
0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).

Del 6. Avsluttande reglar

§ 21.(tilsyn)

ÅRIM fører tilsyn med abonnentane si handtering av hushaldsavfall. For å utføre dette tilsynet, kan ÅRIM nytte virkemidla i § 48–§ 51 i forurensningsloven.

§ 22.(klageadgang)

Enkeltvedtak etter denne forskrifta kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Dersom klaga ikkje vert teke til følgje, går saka til klageinstansen til avgjerd.

§ 23.(gjennomføring av vedtak)
a)ÅRIM skal varsle abonnentane dersom det blir avdekt brot på reglane i om avfall og slam.
b)Har ÅRIM gitt andre pålegg den ansvarlege ikkje etterlever, kan pålegga om nødvendig gjennomførast av ÅRIM.
c)ÅRIM kan krevje at fleire abonnentar nyttar felles oppsamlingseiningar der dette er hensiktsmessig for å oppfylle formålet i § 1.
d)Dersom det blir avdekka brot på vilkåra i avtale om heimekompostering, jf. § 8, kan ÅRIM seie opp avtalen med ein månad varsel.
e)Ved gjentatte brot på reglane om overfylling eller plassering av avfall utanfor oppsamlingseining har ÅRIM høve til å pålegge abonnentar eit abonnement som er betre tilpassa dei avfallsmengdene abonnenten reelt sett har.
f)Ved gjentatte feilsorteringar av avfall kan ÅRIM på abonnenten si rekning gjennomføre nødvendig sortering for å sikre forsvarleg kvalitet på avfallet som skal til gjenvinning.
g)ÅRIM kan ved gjentatte feilsorteringar inndra oppsamlingseiningar for kjeldesortert avfall.
h)Dersom slamanlegg ikkje er sikra fri tilkomst og dermed klargjort for tømming, kan ÅRIM stille krav om seinare tømming av slamanlegget på abonnenten si rekning.
i)Dersom slamanlegget etter gjentatt varsel ikkje er klargjort for tømming, kan ÅRIM, på abonnenten si rekning, klargjere slamanlegget.
0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).
§ 24.(tvangsmulkt)

For å sikre gjennomføringa av reglane i forskrifta kan kommunen fatte vedtak om tvangsmulkt etter reglane i § 73 i forurensningsloven.

§ 25.(erstatning)

Abonnenten er ansvarleg for dei forureiningsskadene avfallet og slammet til abonnenten fører til etter reglane i kapittel 8 i forurensningsloven.

§ 26.(straffansvar)

Brot på reglane i forskrifta kan straffast med bøter, jf. § 79 i forurensningsloven.

§ 27.(ikrafttreden)
a)Denne forskrifta gjeld frå 1. juli 2013.
b)Frå 1. juli 2013 blir desse forskrifta oppheva:

Føresegner 7. oktober 19931 for tømming av slamavskiljarar, tette oppsamlingstankar for avløpsvatn mv. i Haram kommune, Møre og Romsdal,

Forskrift 18. desember 1998 nr. 1381 for matinnsamling for storhushaldningane, Haram kommune, Møre og Romsdal og

Forskrift 22. juni 2006 nr. 946 for hushaldsavfall, Haram kommune, Møre og Romsdal.

Vedtak gitt med heimel i desse forskriftene er framleis gyldige for dei abonnentane vedtaka rettar seg mot.

0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).
1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.

Vedlegg 1: Område som er unnateke frå renovasjonsplikta 

/ltavd2/filer/grafikk/lf-20130620-0828-01-01.png 

/ltavd2/filer/grafikk/lf-20130620-0828-02-01.png 

/ltavd2/filer/grafikk/lf-20130620-0828-03-01.png 

/ltavd2/filer/grafikk/lf-20130620-0828-04-01.png 

/ltavd2/filer/grafikk/lf-20130620-0828-05-01.png

0Endra med forskrift 18 des 2014 nr. 1747 (i kraft 1 jan 2015).

Merknader 

Merknader til § 7:

Til a): Avfallet må vere kjeldesortert og samla i godkjende oppsamlingseiningar. Abonnenten risikerer at avfallet ikkje blir henta dersom det er plassert avfall det er ulovleg å kaste i restavfallet (t.d. farleg avfall), kan skade bilar og utstyr (t.d. fordi det er brannfarleg) eller kan øydeleggje det kjeldesorterte avfallet som skal til gjenvinning (t.d. slakteavfall i papirinnsamlinga). 

Til c): ÅRIM kan, etter dialog med abonnenten, samtykke i andre plasseringar på hentedagen der dette er nødvendig, t.d. for område med sterk vind, trafikkfare eller liknande. 

Merknader til § 12:

Separate avløpsanlegg har ein begrensa reinseeffekt samanlikna med mange større avløpsrenseanlegg, og dei er heller ikkje utforma for å handtere næringsemna i kverna matavfall. Installering av matavfallskverner i hushaldningar med separate avløpsanlegg kan difor gi auka risiko for overgjødsling og anna forureining. Installasjon av matavfallskverner er difor ikkje er ei god løysing for handtering av matavfall for slike abonnentar. 

Merknader til § 13:

Ein renovasjonsteknisk plan skal synleggjere korleis omsyna i § 12-12 i Byggteknisk forskrift - TEK 10 - vil bli sikra. 

Merknader til § 14:

God renovasjonsteknisk planlegging i planfasen legg rammevilkår for byggesaker. Viktige sjekkpunkt i ein plan vil vere: 

Universell utforming

-Er det gjort overordna vurderingar med omsyn til universell utforming ved val av renovasjonsløysing og -utstyr?
-Er det gjort vurderingar med omsyn til universell utforming, til dømes avstandar, skilting/merking, stiging/nivåforskjellar, nå- og rekkehøgder, breidder? 

Val av renovasjonsløysing

-Løysingar for enkelthusstander (to dunkar og ein sekk).
-Løysingar for fellesabonnement (burettslag, sameige mv.).
-Nedgravne løysingar.
-Samlokalisering av løysingar for hushaldsavfall og næringsavfall.
-Andre løysingar for planområdet, t.d. heimekompostering. 

Plassering av renovasjonsløysingar

-Avfallsrom i bygg.
-Utandørs oppstillingsplass eller bod.
-Nedgravne løysingar.
-Behov for areal til ubemanna miljøstasjonar (returpunkt). 

Brannsikre løysingar

-Utstyr i forhold til brannfare.
-Plassering av utstyr. 

Tilkomst

-Vegnormalar.
-Tilhøvet til krav i renovasjonsforskrifta.
-Dører, portar, trapper, kantstein, låsing mv.
-Servicenivå.
-Rygging.
-Snuplass. 

Estetikk

-Avskjerming.
-Form og design.
-Støy- og vindtilhøve. 

Tilhøve til plan

-Eige reguleringsføremål for avfallsløysingar.