Forskrift om open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar, Etne og Vindafjord kommunar, Hordaland og Rogaland

DatoFOR-2013-09-10-1752
PublisertII 2014 hefte 2
Ikrafttredelse10.09.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forEtne og Vindafjord kommunar, Hordaland og Rogaland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706, LOV-2002-06-14-20
Kunngjort04.03.2014   kl. 15.00
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Etne og Vindafjord

Heimel: Fastsett av Etne kommunestyre 18. juni 2013 og Vindafjord kommunestyre 10. september 2013 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706 og lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) kap. 2 og kap. 7.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å forhindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar innanfor kommunens grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meinar ein:

a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: Forbrenningsomnar utendørs som ikkje har utsleppsløyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet eller fylkesmannen, eller er tillate etter statlige forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar

Open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av forskrifta § 5.

All open bålbrenning som fell innunder § 8-2, 2. og 3. ledd i forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn skal varslast på førehand til lokalt brannvesen. Dette gjeld heile året.

Brannvesenet tek mot varselet og gjev råd om brannførebyggande tiltak som må iverksettast. Løyve kan og gjevast skriftleg med heimel i forebyggandeforskrifta § 8-2 dersom vilkåra for dette er tilstades. Brannvesenet kan nekte brenning med heimel i denne forskrifta § 4, og brann- og eksplosjonsvernlova med forskrifter om arbeidet ikkje fell inn under § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel være tillate, så lenge dette ikkje er i strid med anna lovgjeving og kan difor gjennomførast utan å varsle brannvesenet:

a)Open brenning på grillinnretningar, utepeisar.
b)Brenning av trevirke i vedomn, med unntak av impregnert eller behandla treverk (beisa, malt, limtre/kryssfiner etc).
c)Brenning av avispapir og liknande til opptenning i vedomn.
d)Brenning av lite grillbål i område utanfor skogmark i trygge omgjevnader i samband med friluftsliv. Grillbål skal slokkast heilt ved avmarsj.

Følgjande brenning skal også være tillate, så lenge dette ikkje er i strid med anna lovgjeving, men ikkje utan at brannvesenet er varsla fyrst:

e)Sankthansbål og olsokbål, under føresetnad av at det vert nytta reint trevirke og at brenning av slike bål er knytt opp mot arrangement. Brenning av slike bål som er blitt utsett grunna værforhold kan etter avtale tillatast brent i ettertid.
f)Brenning av tørt hageavfall avgrensast frå måndag til laurdag. Det skal ikkje brennes på søndagar og offentlige fridagar. Brenninga skal være avslutta før det vert mørkt. Kommunen kan forby brenning nær skular, barnehagar, idrettsanlegg, helseinstitusjonar og tettbygde område. Dersom den som brenn burde forstå eller blir gjort merksam på at nokon blir sjenert av brenninga, skal brenninga straks avsluttast.
g)Brenning av bråte, samt brenning av gras og lyng til beiteforbetring. Brenninga skal være avslutta før det vert mørkt. Kommunen kan forby brenning nær skular, barnehagar, idrettsanlegg, helseinstitusjonar og tettbygde område. Dersom den som brenn burde forstå eller blir gjort merksam på at nokon blir sjenert av brenninga, skal brenninga straks avsluttast.
h)Brenning i samband med brannslokkingsopplæring/brannøvingar. Nedbrenning av bygning i forbindelse med øvingar i regi av brannvesenet og sivilforsvaret. Bygning skal være miljøsanert og det må kunne dokumenterast. Øvinga må vera naudsynt.
§ 6.Dispensasjon

Kommunal brann- eller forureiningsmyndigheit kan i særlige høve dispensere frå forbodet i § 4 etter skriftlig søknad. Søknaden skal føreligge i god tid, seinast 14 dagar før brenninga skal skje.

§ 7.Tilsyn

Kommunal brann- og/eller forureiningsmyndigheit fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert haldne.

§ 8.Klage

Vedtak fatta i medhald av denne forskrifta kan påklagast til Komite Forvaltning (i Etne) og til DUK (i Vindafjord).

§ 9.Straff/Sanksjon

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar iht. forureiningslova eller brann- og eksplosjonsvernlova sine reglar.

§ 10.Funksjonstart

Denne forskrifta trer i kraft etter at den er vedteken av begge kommunestyra.