Forskrift om interkommunal skulekrins for Skare skulekrins i Odda kommune og Fjæra skulekrins i Etne kommune, Odda og Etne kommunar, Hordaland

DatoFOR-2013-10-09-1623
PublisertII 2013 hefte 5
Ikrafttredelse09.10.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forOdda og Etne kommunar, Hordaland
HjemmelLOV-1998-07-17-61-§8-1, LOV-1998-07-17-61-§13-1
Kunngjort02.01.2014   kl. 15.30
KorttittelForskrift om Skare skulekrins, Odda og Etne

Heimel: Fastsett av Etne kommunestyre 1. oktober 2013 og Odda kommunestyre 9. oktober 2013 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 8-1 og § 13-1.

§ 1.Føremål og verkeområde

Odda kommune og Etne kommune etablerer felles interkommunal skulekrins for Skare skulekrins og Fjæra skulekrins; for ettertida nemnt som Skare-Fjæra skulekrins.

§ 2.Plikter og rettar

Elevar på 1.-7. årssteg frå Skare skulekrins og Fjæra skulekrins høyrer frå 9. oktober 2013 til den nye skulekrinsen og får tilbod om skulegang ved Skare skule i Odda kommune.

Skare skule vert med dette nærskule for desse elevane, jf. opplæringslova § 8-1 første ledd første og andre punktum. Elevar frå Skare skulekrins og Fjæra skulekrins får frå same dato oppfylt retten sin til grunnskuleopplæring etter opplæringslova § 2-1 ved Skare skule.

Søknad om skuleplass ved annan skule i kommunen skal handsamast av den einskilde kommune i tråd med kommunale retningslinjer for dette.

Elevar frå Fjæra som pr. 30. september 2013 går på Enge skule, vil ha Enge som nærskule resten av skuletida.

§ 3.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 9. oktober 2013.

Frå same dato vert tidlegare kommunestyrevedtak om skulekrinsar for både Skare og Fjæra oppheva.

§ 4.Samarbeidsavtale

Det må gjerast ein samarbeidsavtale mellom Odda og Etne kommunar. Den skal innehalda fråsegn om:

-Økonomiske forhold inkludert avgjerder om kor lenge avtalen skal vara og konsekvensar ved opphøyr.
-Avtalen må regulera praktiske løysingar knytt til
-skuleskyss
-SFO
-kulturskule
-leksehjelp
-sakshandsaming
-spesialundervisning
-økonomisk kompensasjon til Odda kommune for å gje elevane frå Etne kommune eit fagleg godt og forsvarleg tilbod i samsvar med opplæringslova med tilhøyrande forskrifter og avgjerder.

Plikta den einskilde kommune etter opplæringslova har å tilby grunnskuleopplæring til sine innbyggjarar, vil også etter at denne forskrifta er vedteken kvila på kommunen eleven er folkeregisterregistrert.