Forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll/tilsyn av mindre avløpsanlegg, Eid kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-10-24-1696
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2004-06-01-931-§11-4
Kunngjort09.01.2014   kl. 15.30
KorttittelForskrift om gebyr for mindre avløpsanlegg, Eid

Heimel: Fastsatt av Eid kommunestyre 24. oktober 2013 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 52a og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 11-4.

§ 1.Formål

Forskrifta gjev grunnlag for og avgjerd om innbetaling og innkrevjing av gebyr for:

-behandling av søknad om utsleppsløyve
-søknad om endring/omgjøring av utsleppsløyve
-kontrolltiltak som gjennomførast for å sikre at krava i kapittel 11 til 13 i forureiningsforskrifta eller vedtak i medhald av disse kapittel blir fulgt.

Gebyret skal gje kommunen dekning for sine kostnader.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld gebyr for saksbehandling og kontrolltiltak for utslepp frå heilårsbustad, fritidsbustad og anna bygning med innlagt vann når utslippet knytast til mindre avløpsanlegg, dvs. anlegg for inntil 2000 personekvivalentar med utslepp til ferskvatn, 2000 pe til elvemunning eller 10 000 pe til sjø (alle anlegg som omfattast av forureiningsforskrifta kap. 12 til 13).

§ 3.Definisjonar 

Gebyrpliktig:

Eigar av mindre avløpsanlegg er pliktig for betaling av saksbehandlingsgebyr ved søknad om utsleppsløyve og søknad om endring/omgjøring av utsleppsløyve, etter forureiningsforskrifta.

Eigar av mindre avløpsanlegg er pliktig for betaling av gebyr for kontrolltiltak. 

Gebyrregulativ:

Betegnelsen for gjeldande prisoversikt for gebyra. Gebyrregulativet justerast årleg etter kommunestyret sitt vedtak. 

Mindre avløpsanlegg:

Anlegg beregnet for mottak av avløpsvann frå heilårsbustad, fritidsbustad og anna bygning med innlagt vann med inntil 2000 pe. 

Avløpsvatn:

Avløp frå vassklosett, kjøkken, bad/dusj, vaskerom og liknande. 

Personekvivalentar (pe):

Med pe menes den mengda organisk stoff som brytast ned biologisk med et biokjemisk oksygenforbruk på fem døgn (BOF5) på 60 gram oksygen per døgn.

§ 4.Saksbehandlingsgebyr

Det skal betalast eingongsgebyr for saksbehandling ved søknad om utsleppsløyve og ved søknad om endring/omgjøring av utsleppsløyve.

Gebyra gjeld både ved oppføring av ny bygning og for eksisterande bygning.

Søkjaren er pliktig til å leggje fram naudsynt dokumentasjon til søknaden og dekkje utgiftene til denne.

Gebyret skal i sin heilhet nyttast til kostnadar i samband med kommunen si saksbehandling av mindre avløpsanlegg.

Storleik på saksbehandlingsgebyret blir årleg fastsett av kommunestyret og framkjem av gebyrregulativet.

Ved avslag på søknad skal det betalast 75 % av fullt gebyr.

§ 5.Kontrolltiltaksgebyr

Kommunen kan krevje gebyr for kontrolltiltak for eigedommar med avløpsanlegg som omfattast av forureiningsforskrifta kap. 12 og 13.

Det skal betalast gebyr for saksbehandling ved:

-Oppfølging av eksisterande avløpsanlegg med påvist feil eller mangel som ikkje er utbetra etter føregåande varsel og innan angjeve fristen.
-Gebyr fakturerast når det fattast enkeltvedtak om kontrolltiltak, som heimlast i forureiningslova eller tilhøyrande forskrifta.
-Gebyr gjeld ekstraarbeid ved pålegg om retting av feil og fakturerast etter medgått tid til saksbehandling, minstesats fastsett i det årlege gebyrregulativet.

Gebyr belastast eigar av avløpsanlegg.

Gebyret er tvangsgrunnlag for utlegg.

Det kan søkjast om fritak for anlegg som midlertidig ikkje er i drift.

§ 6.Betaling av gebyra

Gebyrpliktig står ansvarlig for betaling av gebyret.

Kommunen sender faktura for sakshandsaming når vedtak om utsleppsløyve blir sendt. Faktura forfell til betaling etter 30 dagar.

Gebyret for kontrolltiltak fakturerast først når vedtaket om oppfølging er fatta og fortløpande etter kvar trinn i saksbehandlinga.

§ 7.Innkrevjing av gebyra

Gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg med heimel i forureiningslova § 52a, jf. tvangsfullbyrdelseslovens kapitel 7.

§ 8.Klage

Enkeltvedtak som blir fatta etter § 4, § 5 og § 6 i denne forskrifta kan påklagast til kommunen innan 3 veker frå underretning om vedtaket er motteke, jf. forvaltningslova § 27 og § 28.

Kommunen kan fråfalle påløpt gebyr heilt eller delvis dersom særlege årsaker tilseie det.

Vedtak om gebyret sin storleik, som kjem fram av gebyrregulativet, reknast som forskrift, jf. forvaltningslovens § 2 første ledd c) og kan difor ikkje påklagast.

§ 9.Ikrafttredelse og myndighet

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.