Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Surnadal kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-11-14-1322
PublisertII 2013 hefte 5
Ikrafttredelse14.11.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort21.11.2013   kl. 15.30
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Surnadal

Heimel: Fastsett av Surnadal kommunestyre 14. november 2013 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrift meinast med:

a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller Fylkesmannen eller er lovleg etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småovnar

All open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbudt, med mindre anna følgjer av § 5 i denne forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning er likevel lovleg:

a)Open brenning på grillinnretningar og utepeisar.
b)Kaffebål i utmark med unntak for i eller i nærleik av skogsmark i tidsrommet 15. april–15. september.
c)Brenning av pinsebål/sankthansbål eller bålbrenning i særlege høve etter søknad til Surnadal brannvesen. Slikt bål skal kun bestå av trevirke som ikkje er måla eller impregnert/kvist og ikkje innehalde materiale som er å oppfatte som avfall.
d)Brenning av mindre mengder avfallstrevirke som ikkje er impregnert eller måla. Brenning skal ikkje vere til ulempe for naboar eller allmennheten.
e)Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall om våren utafor tettbygd strøk og der avstanden mellom boliger er meir enn 100 m. Avgrensinga på 100 m gjeld ikkje viss anna er avtalt etter søknad til Surnadal brannvesen.
f)Ranke- og flatebrenning i skogbruket etter søknad til Surnadal brannvesen. Det skal være ein ansvarleg leiar for brenninga. Unnataket gjeld berre skogsavfall på staden, og det skal takast omsyn til naboar og allmennheten.
g)Nedbrenning av miljøsanerte bygningar mv. som objekt for brannøvingar i regi av Surnadal brannvesen og/eller sivilforsvaret. Det skal takast omsyn til naboar og allmennheten.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbod i § 4 etter søknad. Helse-, miljø- og brannvernansvarleg skal uttale seg før ev. løyve blir gitt.

§ 7.Tilsyn

Surnadal kommune fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta blir følgde.

§ 8.Klage

Vedtak gjort i medhald av § 5 og § 6 kan påklagast skriftleg til hovedutvalg for teknikk, miljø og næring.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Ikrafttreden

Denne forskrift trer i kraft frå vedtaksdato, 14. november 2013.