Forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll av mindre avløpsanlegg, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-12-16-1748
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2004-06-01-931-§11-4
Kunngjort20.02.2014   kl. 14.45
KorttittelForskrift om gebyr for avløpsanlegg, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyre 16. desember 2013 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 52a og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 11-4.

§ 1.Føremål

Forskrifta gjev grunnlag for og avgjerd om innbetaling og innkrevjing av gebyr for:

-behandling av søknad om utsleppsløyve
-søknad om endring/omgjering av utsleppsløyve
-kontrolltiltak/tilsyn som vert gjennomført for å sikre at krava i ureiningslova kapittel 11 til 16 vert haldne eller at vedtak som er gjeve i medhald av nemnde kapittel vert fylgde.
§ 2.Forskrifta sitt verkeområde

Forskrifta gjeld gebyr for saksbehandling og kontroll av utslepp frå heilårsbustad-, fritidsbustad og annan bygning med innlagt vatn når utsleppet er eller vert knytt til mindre avløpsanlegg.

§ 3.Definisjonar

I medhald av ureiningsforskrifta § 11-3 gjeld følgjande definisjonar: 

Avløpsvatn:

Både sanitært og industrielt avløps- og overvatn. 

Avløpsanlegg:

Eit kvart anlegg for handtering av avløpsvatn som består av ein eller fleire hovudkomponentar som avløpsnett, reinseanlegg eller utsleppskomponent.

§ 4.Saksbehandlingsgebyr

Ansvarleg søkjar skal betale eingongsgebyr ved:

-søknad om utsleppsløyve
-søknad om endring/omgjering av utsleppsløyve.
§ 5.Avslag

Ved vedtak som medfører avslag på søknad, vert det belasta 50 % av fullt gebyr.

§ 6.Kontroll- og tilsynsgebyr

Kommunen skal krevje gebyr for kontrolltiltak for eigedomar med avløpsanlegg som vert omfatta av ureiningslova med forskrift.

§ 7.Tidspunkt for gebyrfastsetjing

Gebyret vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt fullstendig søknad eller endringssøknad etter ureiningslova er komen inn til kommunen.

Gebyr for oppfølging av ulovlege tiltak i strid med ureiningsforskrifta vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt oppfølging av det ulovlege tiltaket tek til.

§ 8.Betalingstidspunkt

Kommunen sender faktura for saksbehandling etter at vedtak om utsleppsløyve er treft.

§ 9.Innkrevjing av gebyr

Gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. ureiningslova § 52 bokstav a og tvangslova kapittel 7.

§ 10.Urimeleg gebyr

Dersom gebyret vert openbert urimeleg kan Rådmannen fastsetje eit lågare gebyr eller fråfalle gebyret.

Slikt vedtak kan gjerast etter søknad eller etter eige initiativ frå Rådmannen. Personlege og økonomiske forhold skal som utgangspunkt ikkje vektleggjast i vurderinga.

§ 11.Klage

Vedtaket om fastsetting av storleiken på gebyra i gebyrregulativet er ikkje eit enkeltvedtak som det kan klagast på.

Enkeltvedtak kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28.

§ 12.Indeksregulering

Gebyrregulativet kan ved kvart årsskifte indeksregulerast etter statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks, totalindeks. Utover dette vert satsane endra i samsvar med prinsippet om gebyr etter ureiningsforskrifta § 11-4.

§ 13.I kraft

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.