Forskrift om kommunalt tilskot til vedlikehald av private vegar, Aure kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-12-17-1707
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse17.12.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forAure kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1992-09-25-107-§6
Kunngjort09.01.2014   kl. 15.30
KorttittelForskrift om kommunalt vegtilskot, Aure

Heimel: Fastsett av Aure kommunestyre 17. desember 2013 med heimel i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 6.

§ 1.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld kommunalt tilskot til vedlikehald av private veger i Aure kommune.

Med privat veg etter denne forskrifta betyr det veg som er lengre enn 100 m, og som går fram til heilårsboligar. Veg til fritidsboligar eller andre boligar som ikkje blir bruka til fast busetting, eller veg som ikkje er åpen både vinter og sommar, reknast ikkje som privat veg etter denne forskrifta.

Lengda på vegen skal reknast ut med avstanden frå offentleg veg (kommunal- eller fylkeskommunal veg), kryss med annen privat veg eller bomveg, og fram til snuplass (tun).

§ 2.Søknad om tilskot

Eigar av privat veg kan etter søknad få tildelt eit kommunalt tilskot til vedlikehald av vegen.

Søkar må i søknaden klarlegga at den aktuelle vegen er i samsvar med dei vilkåra som er lagt til grunn for privat veg etter denne forskrifta og likeeins gjera det klart kva tilskotet til vegen skal brukast til.

Om det er fleire heilårsboligar knytta til same private veg (veglag), må søknaden omfatta alle bueiningane. Søknaden skrivast under av minst ein av dei som er faste brukarar av vegen.

Om ein privat veg allereie er registrert, og har blitt tildelt tilskot det førre året, treng ikkje eigar eller ansvarleg person, under forutsetning av at tildelingsgrunnlaget ikkje er endra, å senda ny søknad om årleg tilskot.

Kommunen kan avgjera at søknader må leverast på eit fastsett skjema.

§ 3.Tildeling av tilskot

Eigar av privat veg kan bli tildelt tilskot etter denne forskrifta. Tilsvarande gjeld privat veg som er knytta til eit veglag.

Ein føresetnad for å yte kommunalt tilskot er at kommunestyret sett av midlar til dette i det årlege driftsbudsjettet. Budsjettet gjeld for eit år.

Den nærare utbetalinga av tilskotet, til dømes i form av tildelingssum, tidspunkt for utbetalinga, som til dømes i form av forskot eller etterbetaling, tak for utbetaling osv., blir bestemt av dei til kvar tid gjeldande rammer og retningslinjer for tilskotsordninga.

Det er rådmannen som forvaltar tilskotsordninga.

§ 4.Tildelingsgrunnlag

Tildelingsgrunnlaget for privat veg etter denne forskrifta tilsvarar lengda på den private vegen som er lengre enn 100 meter. Dei første 100 metrane av ein privat veg reknast ikkje med i tildelingsgrunnlaget.

§ 5.Mottakar sin varslings- og opplysningsplikt

Mottakar av tilskot pliktar å melda frå om endringar som kan ha verknader på beregninga av tilskotet, til dømes ved endra veglengde eller busetting.

På spørsmål frå kommunen må mottakar av tilskot dokumentera korleis tilskotet skal eller er bruka(st).

§ 6.Kontroll, endring og tilbaketrekking av tilskot

Kommunen fører kontroll med at vilkåra i – og med støtte i denne forskrifta – er oppfylt. Kommunen kan blant anna kontrollera privat veg mot kommunens kartbase og gjennomføra stikkprøvekontrollar for å sikra at tilskotet blir bruka som føresetnaden var i søknaden.

Om kommunen ved kontroll finn at vegen ikkje lengre er ein privat veg etter denne forskrifta eller at mottakar av vegen ikkje kan gjera greie for bruk av tilskotet, kan tilskotet endrast eller trekkast attende.

§ 7.Ikraftsettelse

Denne forskrifta trer i kraft straks.