Forskrift for vatn- og avlaupsgebyr, Stordal kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-12-17-1754
PublisertII 2014 hefte 2
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forStordal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§3, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort06.03.2014   kl. 15.00
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Stordal

Heimel: Fastsett av Stordal kommunestyre 17. desember 2013 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd.

§ 1.Gebyrplikt 

1.1 Plikta til å betale gebyr gjeld:
-Alle grunneigedomar (bnr., fnr., snr.) som er tilknytt kommunal vass- eller avløpsleidning, anten direkte eller gjennom privat samleleidning.
-Grunneigedom som Stordal kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 27-1, § 27-2 og § 30-6 har kravd tilknytt kommunal leidning. 

1.2 Eigaren står ansvarleg for gebyra. For eigedom som er bortfesta, står festaren ansvarleg i staden for grunneigaren.
§ 2.Definisjon av leidning

Med avlaupsleidning meiner ein i desse føresegnene separate leidningar for avlaup frå sanitærutstyr og industriproduksjon (spillvassleidning) og leidning for tak-, drens- og overvatn (overvassleidning) eller fellesleidningar for desse avlaupstypar.

Med vassleidning meiner ein i desse føresegnene leidningar for vassforsyning til drikkevatn eller anna forbruk.

§ 3.Gebyrform

Gebyra omfattar:

-Tilknytingsgebyr for høvesvis vatn og avlaup.

Kvart tilknytingsgebyr kan bestå av ein fast del og ein del basert på areal. Det kan også takast omsyn til bebyggelsen sin art og bruken av denne, samt eigedomen sin størrelse og tilstand.

-Årsgebyr for høvesvis vatn og avlaup.

Årsgebyr = Abonnementsgebyr + Forbruksgebyr

-Der det skal nyttast areal brukar ein bruksareal BRA basert på utrekningar i samsvar med NS-3940. Same forbruk vert lagt til grunn for både vatn og avlaup.
§ 4.Gebyrsatsar

Gebyrsatsane vert fastsett av Stordal kommune og trer i kraft frå det tidspunkt kommunen fastset.

Gebyra kan vere knytt til eigne gebyrområde med sjølvkostutrekning for kvart av desse områda.

§ 5.Restriksjonar m.m.

Restriksjonar på eller kortare avbrot i mottak av avlaup, gjev ikkje grunnlag for reduksjon av gebyra.

Restriksjonar på eller kortare avbrot i levering av vatn, gjev ikkje grunnlag for reduksjon av gebyra.

§ 6.Arealutrekning

Når gebyr vert utrekna etter bygningane sin storleik, skal arealutrekninga fylgje NS-3940. Alt areal som det heretter vert vist til er bruksareal (BRA).

Ved utrekninga skal berre bygg som er fysisk tilknytt eller kravd tilknytt leidningsnettet takast med.

§ 7.Tilknytingsgebyr 

7.1. Tilknytingsgebyr høvesvis vatn og avlaup skal betalast:
-Ved nybygg.
-Ved utviding av eksisterande bygg.
-Når eigedom det er bygning på vert tilknytt kommunal leidning eller er kravd tilknytt. 

7.2. Tilknytingsgebyr for bustadar, hytter o.l.

Kvart tilknytingsgebyr kan bestå av ein fast del og ein del basert på areal.

Arealbasert del vert fastsett utifrå bebyggelsen sitt bruksareal.

Det same gjeld utleigehytter og campinghytter. 

7.3. Tilknytingsgebyr for driftsbygningar i landbruket.

Kvart tilknytingsgebyr kan bestå av ein fast del og ein del basert på areal.

Arealbasert del vert fastsett utifrå bebyggelsen sitt bruksareal.

For arealbasert del skal ein betale tilknytingsgebyr etter bruksareal for heile bygninga slik: 

Frå 0 til 200 m² :Full m² -gebyr.
Frå 201 til 300 m² :80 % av full m² -gebyr.
Frå 301 til 400 m² :60 % av full m² -gebyr.
Frå 401 til 500 m² :40 % av full m² -gebyr.
Over 500 m² :20 % av full m² -gebyr.
 

7.4. Tilknytingsgebyr for forsamlingslokale.

Kvart tilknytingsgebyr kan bestå av ein fast del og ein del basert på areal.

Arealbasert del vert fastsett utifrå bebyggelsen sitt bruksareal.

For arealbasert del skal ein betale tilknytingsgebyr etter bruksareal for heile bygninga slik:

Frå 0 til 200 m² :Full m² -gebyr.
Frå 201 til 300 m² :70 % av full m² -gebyr.
Frå 301 til 400 m² :50 % av full m² -gebyr.
Frå 401 til 500 m² :30 % av full m² -gebyr.
Over 500 m² :20 % av full m² -gebyr.
 
7.5. Tilknytingsgebyr for andre bygningar.

Kvart tilknytingsgebyr kan bestå av ein fast del og ein del basert på areal.

Arealbasert del vert fastsett utifrå bebyggelsen sitt bruksareal.

For arealbasert del skal ein betale tilknytingsgebyr etter bruksareal for heile bygninga slik: 

Frå 0 til 500 m² :Full m² -gebyr.
Frå 501 til 1000 m² :80 % av full m² -gebyr.
Frå 1001 til 1500 m² :60 % av full m² -gebyr.
Frå 1501 til 2000 m² :40 % av full m² -gebyr.
Over 2001 m² :20 % av full m² -gebyr.
 
7.6. Tilknytingsgebyr ved utviding.

Ved utviding/fleire byggetrinn vert det svara eit tilknytingsgebyr som tilsvarar skilnaden i tilknytingsgebyr på ei bygning med areal før og etter utbygginga. 

7.7. Forfall av betaling av tilknytingsgebyr.

Tilknytingsgebyret forfell til betaling seinast ein månad etter tilknyting eller ein månad etter vedtak om tilknyting.

§ 8.Årsgebyr 
8.1. Årsgebyr = Abonnementsgebyr + Forbruksgebyr

Årsgebyr skal betalast:

-Når eigedom det er bygning på vert tilknytt kommunal leidning eller er kravd tilknytt. 
8.2. Abonnementsgebyr

Kvart årsgebyr kan bestå av ein fast del og ein del basert på areal.

Arealbasert del vert utrekna på grunnlag av BRA og utrekna einingspris.

Abonnementsgebyr: Fast del + Arealbasert del [kr/m² ] x BRA [m² ] 

8.3. Forbruksgebyr

Forbruksgebyret vert utrekna på grunnlag av stipulert eller målt forbruk, begge er basert på utrekna einingsprisar. 

8.3.1. Stipulert forbruk

Forbruksgebyret er basert på stipulert forbruk og pris pr. m³

Stipulert forbruk [m³ ] vert utrekna slik:

Bruksareal BRA [m² ] x spesifikt forbruk [m³ /m² ].

For spesifikt forbruk sjå punkt 8.6.

Forbruksgebyr: Einingspris [kr/m³ ] x Stipulert forbruk [m³ ]. 

8.3.2. Målt forbruk

Forbruksgebyret vert basert på faktisk vassforbruk(vassmålar) og pris pr. m³ .

Forbruksgebyr: Einingspris [kr/m³ ] x Målt forbruk [m³ ]. 

8.4. Årsgebyret er lik summen av abonnementsgebyret og forbruksgebyret. Forbruksgebyret vert basert på målt eller stipulert vassforbruk med dei atterhald som elles fylgjer av desse føresegnene. 
8.5. Eigedom som har godkjent vassmålar, betaler årsgebyr lik summen av abonnementsgebyret pluss målt vassforbruk og gjeldande m³ -pris.

Dersom avlaupsmengda er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, skal avlaupsgebyret baserast på den avlaupsmengda som vert bestemt av kommunen. 

8.5.1. Næringsverksemder med eit stort vassforbruk i høve til bygningen sitt areal skal installere vassmålar.

For eksempel: Hotell, vaskeri, matforedlingsbedrifter.

Kommunen avgjer når dette er aktuelt. 

8.6. Eigedom som ikkje betalar gebyr etter målt vassforbruk skal betale årsgebyr etter stipulert vassforbruk basert på storleiken til bygningane.

Spesifikt vassforbruk/avlaupsmengd vert fastsett til:

Bustader o.l.:1,0 m³ pr. m² BRA pr. år.
Fritidsbustader:0,7 m³ pr. m² BRA pr. år.
Driftsbygningar i landbruket:0,8 m³ pr. m² BRA pr. år.
Forsamlingsbygningar:0,5 m³ pr. m² BRA pr. år.
Hotell, kafear, sjukeheimar m.m.:1,3 m³ pr. m² BRA pr. år.
Kontor/forretning:1,0 m³ pr. m² BRA pr. år.
Andre bygningar:1,0 m³ pr. m² BRA pr. år.
 
8.7. Årsgebyr for gebyrpliktig eigedom som det ikkje er hus på skal frå og med andre året gebyrplikta tek til å gjelde betale for eit forbruk på 150 m³ . 
8.8 For eigedomar der det vert innflytta eller gitt bruksløyve i året, skal årsgebyret reknast frå og med den dato eigedomen vert innflytta eller bruksløyve vert gjeve. For eigedom som vert er kravd tilknytt skal årsgebyret reknast frå og med den dato tilknytingsvedtaket er gjort. 
8.9. Dersom eigedom med bustadhus vert ståande tomt på grunn av dødsfall eller permanent plass på alders/sjukeheim vert det ikkje kravd gebyr før eigedomen på ny vert teken i bruk.
§ 9.Frådrag i årsgebyret 
9.1. For industribedrifter, jordbruksverksemd og verksemd som har avlaupsvatn som i samansetning avvik vesentleg frå vanleg hushaldsavlaup i gunstig retning kan det reknast eit frådrag i årsgebyret for avlaup. Storleiken på frådraget vert fastsett av Stordal kommune.
§ 10.Tillegg i årsgebyret 
10.1. Der samansetninga på avlaupsvatnet avvik frå vanleg hushaldningsavlaup i negativ lei og verkar fordyrande på drift og vedlikehald av kommunal avlaupsanlegg, kan det reknast eit tillegg til årsgebyret. Storleiken på tillegget vert fastsett av Stordal kommune. 
10.2. Gebyrpliktige som ikkje etterkjem ev. pålegg om å fjerne/kople ut privat slamavskiljar (septiktank) skal i tillegg betale gebyr for slamtøming etter føresegnene for tøming av slamavskiljarar, tette oppsamlingstankar for avlaupsvatn mv. for Stordal kommune. 
10.3. Gebyrpliktig som unnlet å etterkome pålegg om å utbetre manglar ved privat del av anlegg, som medfører auka belastning på leidningar eller reinseanlegg, skal betale eit tillegg til gebyret. Tillegget tek til å gjelde frå den dato kommunen har sett som frist for utbetring av pålegget. Tillegget utgjer 100 % av eigedomen sitt ordinære gebyr og skal reknast for kvart påbyrja kvartal. Gebyret vert rekna til pålegget er utført. 
10.4. For symjebasseng på eigedom som ikkje betalar etter målt forbruk, skal det betalast eit tilleggsgebyr tilsvarande eit årleg vassforbruk på:
-40 m³ for bassengvolum inntil 20 m³ .
-80 m³ for bassengvolum inntil 40 m³ .
-120 m³ for bassengvolum over 40 m³ .

Basseng under 4 m³ er fritekne for gebyr.

Føresegna gjeld både fastmonterte og demonterbare basseng.

§ 11.Reglar for bruk og installasjon av vassmålar 
11.1. Både eigar og Stordal kommune kan krevje at det vert installert vassmålar på eigedomen. Målaren og montering av denne skal betalast av den gebyrpliktige (eigaren). Teknisk etat bestemmer type, plassering og storleik på målaren, samt godkjenner den som installerer målaren. Gebyr på bakgrunn av målt forbruk vert rekna frå installering av målar, og får ikkje innverknad på tidlegare utrekna gebyr etter stipulert forbruk. 
11.2. For eigedom med installert vassmålar gjeld vidare:
-Eigaren skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og kontroll. Ved oppfordring frå kommunen om avlesing av vassmålar pliktar abonnenten å gjere dette innan fastsett frist. Teknisk etat skal ha rett til avlesing og kontroll til ei kvar tid. Vert ein målar borte eller skada skal eigaren omgåande melde dette til teknisk etat.
-Kostnader med eventuell flytting, utskifting og vedlikehald skal dekkast av eigaren.
-Kontroll av vassmålaren kan krevjast av huseigaren eller av teknisk etat. Teknisk etat skal godkjenne kven som skal kontrollere målaren. Viser kontrollen ei feilavlesing på minst 5 %, skal målaren justerast og eventuelt utskiftast for huseigaren si rekning. I motsatt fall og dersom det er teknisk etat som har kravd kontrollen, skal utgiftene med kontrollen dekkast av kommunen.
-Dersom ev. feilmålte mengder ikkje kan utreknast tilstrekkeleg nøyaktig, skal gebyret justerast for den perioden det er tvil om etter gjennomsnittet av næraste avlesingsperiode før feilen er oppstått, og etter at den er retta.
- Dersom ein abonnent ikkje fylgjer opp pålegg etter 11.2 vert gebyra fastsett av kommunen, eller målaren vert utskifta av kommunen for huseigaren si rekning.
§ 12.Innbetaling av årsgebyr 
12.1. Gebyret kan innkrevjast i minst 2 terminar kvart år. For eigedom som betalar etter målt forbruk vert avrekning foreteke ved anslag for den eine terminen og justert i samsvar med avlesing for den andre terminen. 
12.2. Kommunen sitt krav på forfalle årsgebyr er sikra med lovpant i eigedomen, jf. § 6 i lov om kommunale vass- og avløpsanlegg og pantelova § 6-1 (2) c. Om renteplikt ved for sein betaling eller attendebetaling av gebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 tilsvarande.
§ 13.Klage og omgjering

Gebyr som er fastsett i samsvar med kommunen sitt gebyrregulativ kan ikkje påklagast, jf. forvaltningslova sine bestemmelsar.

Avgjerd etter forskrifta som er einskildvedtak fyl forvaltningslova kap. IV–VI, og kan påklagast. Klagen vert sendt til instansen som har fatta vedtaket.

§ 14.Generelle reglar 
14.1. Bygningar som tidlegare fekk utrekna gebyret etter leigeareal vil fortsatt få det på bakgrunn av forholdet mellom leigeareal og bruksareal slik:

1 m² leigeareal tilsvarar 1,8 m² bruksareal.

Desse kan likevel krevje at arealutrekningsmetoden etter NS-3490 vert nytta. Abonnenten må i så fall sende inn målsett teikning av huset og nytt arealgrunnlag vert å rekne frå første halvår etter at slikt ynskje er framsett. 

14.2. Søknad om tilknyting skal sendast til kommunen, som avgjer søknaden. 
14.3 Eksisterande slamavskiljar skal drivast og haldast ved like som tidlegare, inntil det vert bestemt at den skal kortsluttast. Løyve til kortslutning kan gjevast av teknisk etat. 

14.4. Enkeltvedtak etter denne forskrift vert fatta av kommunen og i samsvar med delegeringsreglement.

§ 15.Iverksetting

Desse føresegnene vert gjort gjeldande frå 1. januar 2014.