Forskrift om vass- og avløpsgebyr i ÅLAV-kommunane, Årdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-12-19-1766
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort08.05.2014   kl. 15.45
KorttittelForskrift om VA-gebyr, ÅLAV, Årdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Årdal kommunestyre 19. desember 2013 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

§ 1.Verkeområdet

Denne forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon av abonnent i § 2, og den fastset utrekningsmåte og innbetaling av gebyr for dei kommunale vass- og avløpstenestene.

§ 2.Definisjonar 
2.1 Abonnent
-Eigar/festar av eiga sjølvstendig bueining, fritidseining eller næringseining («Anna enn bustad») som er tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
-Festar av eigedom der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plasserte på tomta, og brukar festeretten slik det går fram av lov om tomtefeste.
-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av plan- og bygningslova har kravd tilknytt vass og/eller avløpsleidning. 
2.2 Eining

Med eining i denne forskrifta er meint bueining, fritidseining eller næringseining.

Bueining er husvære med separat inngang, eit eller fleire opphaldsrom og i tillegg eige bad/WC og kjøkkendel. Definisjonen på bueining følgjer registreringsinstruksen i matrikkelen.

Fritidseining blir rekna for ein kvar fritidsbustad med minst eitt rom og eigen inngang og der det er tilgang til vatn og toalett utan å måtte gå gjennom ei anna bueining/fritidseining/næringseining. Det blir elles synt til registreringsinstruksen i matrikkelen.

Næringseining (Anna enn bustad) er sjølvstendige lokale nytta til næringsverksemd eller offentleg verksemd. 

2.3 Kombinasjonsbygg:

Bygg med både bueiningar (bustader) og næringseiningar (næringsverksemd) eventuelt også fritidseiningar. 

2.4 Kommunal vass- og avløpsleidning

Leidningar som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen. 

2.5 Stikkleidning

Vass- eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedommar som er abonnenten sin eigedom, og som blir halde ved like av denne. Dersom ikkje anna er avtalt, er stikkleidningen rekna til og med anboring for vatn og grein for avløp. 

2.6 Gebyrregulativet

Dette er den gjeldande prisoversikten for vass og avløpsgebyr i kommunen. Satsane blir kvart år oppdaterte gjennom vedtak i kommunestyret.

§ 3.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avløp:

-Tilknytingsgebyr
-Årsgebyr
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 4.Tilknytingsgebyr

Tilknytingsgebyret skal betalast:

-Når nye bygg blir byggemelde til kommunen
-Når eigedom med hus på blir tilknytt offentleg vatn- og/eller avløpsnett.

Tilknytingsgebyret skal betalast pr. eining slik dette er definert i § 2. Ein auke i tal einingar medfører tilsvarande auke i tal tilknytingsgebyr.

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 5.Årsgebyr 

Fast og variabel del av årsgebyret

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester skal betalast pr. eining slik dette er definert i § 2.

Gebyret er samansett av to delar:

-fastledd (abonnementsgebyr)
-variabelt ledd (forbruksgebyr).

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Fordelinga mellom abonnementsgebyr og forbruksgebyr i % av sjølvkostgrunnlaget på VA-sektoren til kommunen, er sett til 30 % på abonnementsgebyr og 70 % på forbruksleddet. 

Abonnementsgebyr

Abonnentsgebyret blir differensiert etter brukarkategori.

Abonnementsgebyr for bueiningar og fritidseiningar gjeld for bustad- og fritidshus, og skal betalast pr. eining, jf. definisjonen av eining i § 2. For einebustader med inntil fem hyblar, blir hyblane samla vurdert som ei eining.

Abonnementsgebyr for næringseiningar skal betalast for næringseigedomar, offentlege verksemder og næringsdel på kombinasjonsbygg. Gebyret blir fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning slik dette går fram av tabellen under.

Dimensjon på leidning i mmGebyrstorleik
N x abonnementsgebyr for bueining/fritidseining
≤ 32N = 1
40N = 2
63N = 4
75N = 6
> 75N = 10

For kombinasjonsbygg må det takast omsyn til kor stor del av forbruket som går til bustader. 

Forbruksgebyr

Bueiningar og fritidseiningar betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ , eller stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk er sett til 1,4 m³ /m² for areal opptil 75 m² deretter 0,7 m³ /m² for areal utover dette. Dette gjeld både bueiningar og fritidseiningar.

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn:

Bruksareal (m² )Grunnlag for utrekning (m² )Stipulert forbruk (m³ )
Bustadeiningar og fritidseiningar
< 8070100
80–250140150
> 250250225

Næringseiningar (Næringseigedommar og offentlege verksemder) betaler forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 6.

Både abonnent og kommune kan krevje at forbruksgebyret blir rekna ut frå målt forbruk.

§ 6.Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Dersom avløpsmengda ein abonnent har er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan årsgebyret (forbruksgebyret) for avløp bli rekna ut på grunnlag av stipulert avløpsmengde, ev. kan avløpsmengda målast særskilt.

Dersom avløpsvatnet skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavløp, kan det reknast tillegg eller frådrag i årsgebyret (forbruksgebyret).

Dersom ei eining (bu-, fritids- eller næringseining) i lenger tid blir fråkopla det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå forbruksgebyret i denne perioden. Gebyret for fråkopling (+ tilkopling), er sett til 50 % av samla årsgebyr.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløpsvatn gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 7.Om bruk av vassmålar

Den enkelte abonnent må sjølv koste innkjøp og installasjon av vassmålaren. Kommunen fastset type og storleik på målar.

Installasjon og bruk av vassmålar skal vere i samsvar med Reglar for bruk av vassmålar i Årdal kommune.

§ 8.Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for bygg/anlegg som har innlagt vatn og/eller utslepp av avløpsvatn til kommunalt nett, men der bygget/anlegget berre skal nyttast i ein avgrensa periode.

Gebyret blir fastsett etter dei reglane som gjeld årsgebyr for næringsverksemd.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om lenger tid.

Gebyr for mellombels tilknyting går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 9.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Eingongsgebyr for tilknyting må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Årsgebyr blir kravd inn saman med andre kommunale gebyr. Ved bruk av vassmålar blir forbruksgebyret å betale à konto basert på forbruket året før. Målaravlesing skjer ein gong i året, og avrekning vil skje i 1. termin året etter.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à kontobeløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

§ 10.Innkrevjing av gebyr

Krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedommen etter pantelova sin § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 11.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrifta blir gjort av rådmannen.

§ 12.Sakshandsaming/Klage

Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak, følgjer bestemmelsane i kap. IV–VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til rådmannen, og fristen til å klage er 3 veker.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 13.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2014. 

Kommentarar til dei einskilde paragrafane i forskrift om vass- og avløpsgebyr 

Til § 1 Verkeområde 

Til § 2 Definisjonar 

Til definisjon av abonnent.

Kommunen kan krevje inn gebyr for ein eigedom, når det ligg føre vedtak om tilknyting i samsvar med § 65, § 66 eller § 92 i plan- og bygningslova, jf. § 1 i lov om kommunale vass- og avløpsavgifter. 

Til definisjon av bueining.

Med bustad blir det her rekna bueining som består av eitt eller fleire rom, og som er bygd eller ombygd som heilårs privatbustad for ein eller fleire personar. Vidare har bustaden eigen tilkomst til rommet/romma utan at ein må gå gjennom ein annan bustad. Ein leiligheit er ein bustad med minst eitt rom og kjøkken. Ein hybel er eit rom med eigen inngang berekna som bustad for ein eller fleire personar, som har tilgang til vatn og toalett utan at det er nødvendig å gå gjennom ein annan bustad. Omgrepet bustad er felles både for leiligheitar og hyblar.

Døme på kva som skal reknast som sjølvstendige bustader:

-Hyblar i hybelbygg. Kvar hybel blir rekna som sjølvstendig bustad, sjølv om dei som bur der deler viktige funksjonar som kjøkken og/eller bad. Kjøkken, bad og gang som blir delte mellom fleire av dei som bur der, blir rekna som felles areal.
-Studentbustader som er bygde som bufellesskap. Kvar studenthybel blir rekna som ein sjølvstendig bustad, sjølv om dei som bur der deler viktige funksjoner som kjøkken og/eller bad. Kjøkken, bad og gang som blir delt av fleire, blir rekna som fellesareal og ikkje ein del av andre sin bustad.
-Ein privat bustad som blir leigd ut til studentar eller andre for å dele bustadutgiftene, blir rekna som ein bustad.
-Bueiningar i bufellesskap for eldre eller funksjonshemma. Oftast er det tenester knytta til slike bustader, men dei er å forstå som sjølvstendige bustader fordi dei som bur der har eigen økonomi.
-Private bustader tilpassa pleiebehov. Her gjeld det same reglane som for einingar i bufellesskap for eldre eller funksjonshemma.
-Heilårsbustader som blir brukte til fritidsbustader.

Døme på einingar som ikkje skal reknast som sjølvstendige bustader:

-Utleigerom i privat bustad. Det som ofte blir kalla å bu på hybel eller utleigerom, blir ikkje rekna som sjølvstendig bustad, då ein må gå gjennom bustaden til andre for å kome til eige rom.
-Utleigerom på pensjonat eller liknande.
-Rom på institusjon. Ein institusjon blir rekna som felleshushaldning når dei som bur der blir tilbode kost og heildøgnspleie og omsorg, og har delvis felles økonomi t.d. ein sjukeheim.
-Rom i arbeidsbrakke som er sett opp som mellombels bustad.
-Rom i militærforlegning, sjukehus eller fengsel.
-Rom i mottak for flytningar eller asylsøkjarar. 

Til § 3 Gebyrtypar

Kommunen har innført tre gebyrtypar på vass- og avløpssektoren. Ifølgje lov om kommunale vass- og kloakkavgifter skal det både vere eingongsgebyr og eit årleg gebyr. Årsgebyret har ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr) slik forskrift om begrensing av forurensinger krev. Det er og innført eit gebyr for mellombels tilknyting.

Det vil vere tilhøve som gjev grunnlag for tillegg eller fråtrekk i årsgebyret jf. § 5.

Nærare omtale er gitt under dei enkelte paragrafane. 

Til § 4 Tilknytingsgebyr

Gebyret for tilknyting skal ikkje referere seg til nokon bestemt del av kostnadane som kommunen har på sektoren, men intensjonane med gebyret er at det skal dekkje ein forholdsmessig del av kommunen sine samla kostnader med vassforsyning og avløp.

Denne forskrifta fastsett at abonnentar med bustad/fritidshus og andre typar abonnentar skal betale eitt tilknytingsgebyr pr. bu, fritids eller næringseining uavhengig av storleiken. Ein auke av talet på einingar medfører tilsvarande auke i tal tilknytingsgebyr som skal betalast. Storleiken på tilknytingsgebyret er fastsett i gebyrreglementet. 

Døme 1:

Kombinasjonshus med 3 utleigeeiningar (bueiningar) og 1 næringseining. Bygget er ikkje seksjonert og har same eigar for alle einingane.

Det avgjerande her er kor mange einingar det er. I dette tilfellet vil det vere 4. Det må difor betalast 4 tilknytingsgebyr i dette tilfellet. 

Døme 2:

Ein einebustad med 1 bueining tilknytt kommunalt VA leidningsnett blir ombygd til å innehalde 4 utleige bueiningar. I dette tilfellet aukar tal bueiningar frå 1 til 4. Det skal altså betalast for 3 nye bueiningar. 

Døme 3:

Eit hotell/overnattingsbygg tilknytt kommunalt VA-nett blir bygd om til å innehalde 10 leiligheitar. I dette tilfellet aukar talet på bueiningar frå 1 til 10. Det skal difor betalast 9 nye tilknytingsgebyr. 

Døme 4:

Ein landbrukseigedom blir tilknytt kommunalt VA-nett. På denne eigedommen ligg det 2 bueiningar (hovudhus og kårhus) samt ei næringseining (driftsbygning). Det skal betalast 3 tilknytingsgebyr for denne eigedommen. 

Til § 5 Årsgebyr

Fordeling mellom abonnementsledd og forbruksleddet er fastsett i % av dei samla kostnadene til kommunen/sjølvkostgrunnlaget til høvesvis 30 % på abonnementsleddet og 70 % på forbruksleddet.

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori. Brukarkategorien bueining og fritidseining (bustad og fritidshus) betalar like stort gebyr pr. eining, jf. definisjonen av eining i § 2. For brukarkategorien næringseiningar (inkludert gardsbruk) blir gebyret fastsett etter storleiken på inntaksleidningen dvs. etter den kapasiteten leidningsanlegget har. Med fleire leidningar skal alle leidningane reknast med.

Forbruksgebyret kan målast eller stipulerast for bueiningar og fritidseiningar (bustad og fritidshus), og skal målast for næringseiningar (næringsbygg, offentlege bygg og kombinasjonsbygg). For burettslag gjeld reglane for bustadhus.

Dersom det ikkje er praktisk mogleg å få montert ein vassmålar på ein frostsikker stad, blir forbruket fastsett av kommunen etter ei konkret vurdering av kva som er venta forbruk for eigedommen.

Både abonnent og kommune kan krevje betaling etter målt forbruk.

Avløpsgebyret skal reknast ut frå at avløpsmengda blir sett lik målt eller stipulert vassforbruk. Eventuelt unntak frå denne regelen går fram av § 6 i forskrifta. 

Døme 1

Kombinasjonsbygg med 110 mm inntaksleidning, 8 butikkar i 1. etasje og 8 bueiningar i 2. etasje. Av bueiningane i 2. etasje er 3 seksjonerte ut med eige seksjonsnr medan 5 er utleige bustader. I næringsarealet er sprinkleranlegg montert slik at 110 mm inntaksleidning er nødvendig for få fram nok vatn til sprinkleranlegget.

Abonnementsledd skal utgjere følgjande:

-Nødvendig inntaksleidning 110 mm → N = 10
-8 bueiningar kvar med N = 1

Til saman 18 abonnementsledd skal betalast. Dei seksjonerte husværa skal betale kvar sitt medan resten tilfell eigar av bygget.

Vassmålar skal vere montert på inntaksleidning til bygningen. For dei 8 bueiningane er det valfritt kor vidt vassmålar skal installerast. Dersom ikkje vassmålar er installert, blir vassforbruket stipulert ut frå storleiken på husværet. Stipulert/målt vassforbruk for dei 8 bueiningane kjem til fråtrekk på det målte forbruket på inntaksleidningen inn til bygget. 

Døme 2

Kombinasjonsbygg med 63 mm inntaksleidning, 4 butikkar i 1. etasje og 4 bueiningar i 2. etasje. Av bueiningane i 2. etasje er 3 seksjonerte ut medan 1 er for utleige. Vassforbruket i næringsarealet er lite slik inntaksdimensjon på 32 mm hadde vore tilstrekkeleg dersom berre næringsdelen skulle forsynast.

Abonnementsledd skal utgjere følgjande:

-Nødvendig inntaksleidning 32 mm → N = 1
-4 bueiningar kvar med N = 1

Til saman 5 abonnementsledd skal betalast. Dei seksjonerte husværa skal betale kvar sitt medan resten tilfell eigar av bygget. 

Døme 3

Gardsbruk med 2 våningshus på eigedommen. I gardsdrifta inngår driftsbygning, lagerbygning og 5 utleige hytter. Inn på eigedommen går det ein 63 mm inntaksleidning.

Abonnementsgebyr blir følgjande:

-Inntaksleidning 63 mm → N = 4

Det skal betalast 4 abonnementsledd samla for heile eigedommen.

Vassmålar skal vere montert på inntaksleidning ved tilkopling til kommunal hovudvassleidning og/eller privat fellesleidning. 

Døme 4

Einebustad med eige sokkelhusvære på 45 m² til utleige. I dette tilfellet skal det betalast 2 abonnementsledd. Det variable leddet skal enten reknast etter målt eller stipulert forbruk for kvar av einingane.

Dersom sokkelhusværet står tomt eller at det er brukt av husstandsmedlemar kan bustaden etter søknad om bruksendring i samsvar med plan- og bygningslova (PBL) omklassifiserast til berre å innehalde ei bueining. Dette vil medføre at det berre skal betalast eitt abonnementsgebyr og eitt forbruksgebyr. 

Døme 5

Einebustad med 4 hyblar i sokkel. Kvar av hyblane har eit areal på 15 m² inklusiv felles kjøkken og toalett. Hyblane har eigen inngang. Hyblane blir til saman definert som ei bueining. Det skal såleis betalast 2 fastledd. Forbruket kan enten målast eller stipulerast for kvar av bueiningane.

I dette tilfellet skal det betalast 2 abonnementsgebyr og 2 forbruksgebyr for heile einebustaden. 

Døme 6

Eit trelastlager har 160 mm inntaksleidning sjølv om det årlege vassforbruket er svært lite (2 toalett mv.). Årsaka er at bygget har sprinkleranlegg. For å kunne levere den vassmengda som er nødvendig til dette anlegget er det naudsynt med ein stor inntaksleidning.

I dette tilfellet skal det betalast 15 abonnementsledd på vassforsyningsdelen. For avløpet skal det berre betalast 1 abonnementsgebyr. Sidan det er ei næringsverksemd skal det forbruksleddet vere basert på målt forbruk. 

Til § 6 Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Avvik mellom vassforbruk og avløpsmengde vil m.a. kunne gjelde næringsverksemder der vatn inngår i produkta, t.d. bakeri, eller der vatn blir brukt til kjøling utan at det etterpå går inn på kommunalt avløpsnett. Det vil og m.a. kunne gjelde bustad- og fritidseigedommar som har toalettsystem som ikkje brukar vatn og for landbrukseigedommar.

Avvik med omsyn til innhald i avløpsvatnet vil kunne gjelde verksemder der konsentrasjonen av organisk materiale, næringssalt, feitt og liknande i avløpsvatnet er langt høgare enn i vanleg hushaldsavløp.

For verksemder der avløpsvatnet utgjer ein vesentleg del av den samla avløpsmengda som blir tilført det kommunale anlegget, skal det normalt inngåast særskild avtale om storleiken på gebyret.

Føresetnaden for tillegg eller reduksjon i gebyret er at kommunen får auka eller reduserte kostnader med drift av sine avløpsanlegg. Storleiken på tillegg/frådrag blir fastsett etter avtale mellom abonnent og kommune ev. av kommunen dersom slik avtale ikkje kjem i stand.

Alle fråtrekk eller tillegg i årsgebyret som er nemnt ovanfor gjeld berre forbruksgebyret.

Dersom ein eigedom ikkje er i bruk over lenger tid, vil det etter søknad kunne gjevast fullt fritak for forbruksgebyret. Ev. fritak gjeld frå første årsskifte etter at søknaden er godkjent, og abonnenten har gitt kommunen melding om at leidningane kan koplast frå.

Kommunen kan ta betalt for å stenge av/kople til vass og avløpsleidningar til ein eigedom som ikkje er i bruk. Med avstenging/fråkopling er og meint plombering av stoppekran. Det skal reknast eit gebyr for frå og tilkopling. Det kan ikkje krevjast nytt tilknytingsgebyr i samsvar med § 4 når tilkopling skjer.

Restriksjonar for bruk av vatn, for eksempel forbod mot eller redusert hagevatning, periodevis utkopling når det er lite vatn eller liknande, gjev ikkje grunnlag for fritak eller redusert gebyr. Det same gjeld ved kortare avbrot i samband med lekkasjar, utbetring av leidningsnett, byggeprosjekt og liknande. Med kortare avbrot i leveranse av vatn eller mottak av avløpsvatn er her meint inntil ca. 1 døgn. 

Til § 7 Om bruk av vassmålar 

Til § 8 Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting vil for eksempel gjelde for anleggsbrakke og liknande som blir sett opp i samband med byggje eller anleggsverksemd. Det er eigar/festar av eigedommen som er ansvarleg for å betale gebyret, sjølv om brakkeriggen er sett opp og eigd av andre.

Kostnader med den fysiske tilknytinga og fråkoplinga må eigar/festar av eigedommen betale, men det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr i samband med mellombels tilknyting. 

Til § 9 Innbetaling av gebyr 

Til § 10 Innkrevjing av gebyr

Ved manglande innbetaling av årsgebyr, kan kommunen ta pant i eigedommen. Kravet på årsgebyr har, på linje med skatt, førerett framfor andre krav (heftelsar) på eigedommen. 

Til § 11 Vedtaksmyndigheit 

Til § 12 Sakshandsaming/klage 

Til § 13 Iverksetjing

Denne forskrifta er gjort gjeldande frå det tidspunktet kommunestyret har fastsett. 

Vedlegg 1. Reglar for bruk av vassmålar 

Innkjøp og installasjon av vassmålar

Målaren blir kjøpt inn og betalt av abonnenten, og han er abonnenten sin eigedom. Kommunen bestemmer type, plassering og storleik på målaren, tilpassa forbruket.

Abonnenten må og koste installasjonen og ev. flytting av målaren. Installasjon av målar skal utførast av ein røyrleggjar som er godkjent av kommunen. Vassmålaren må plasserast slik at han er lett tilgjengeleg både for avlesing og kontroll/utskifting. Etter montasje skal vassmålaren plomberast av kommunen eller av godkjent røyrleggjar. 

Avlesing

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong i året. Abonnenten skal lese av målaren og melde inn data til kommunen innan fastsett tid. 

Kontroll

Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla tid.

Kommunen kan til ei kvar tid, ev. etter skriftleg søknad frå abonnenten, kontrollere målaren. Dersom kontrollen viser feilavlesing på meir enn 5 %, skal årsgebyret justerast for det føregåande året. Eventuell utskifting av målaren skal abonnenten sjølv koste. 

Fleire tilknytingar

Kvar eigedom skal normalt berre ha ei tilknyting. I dei tilfella ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein målar for kvar. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkommande. 

Andre tilhøve

Når vassmålar er montert, kan han ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.

Dersom vassmålar ikkje kan plasserast frostsikkert, skal gebyret baserast på stipulert forbruk etter vedtekne berekningsreglar.

Dersom ein målar blir skada, skal abonnenten straks melde til dette til kommunen. Plomberte målarar kan berre opnast av kommunen sitt personell eller under oppsyn av kommunen sitt personell. Er ei plombe broten, blir vassforbruket for vedkommande termin fastsett til pårekna multiplisert med 2. 

Sikring mot inntrenging av ureine vesker på leidningsnettet

Leidningsnettet skal sikrast mot inntrenging av ureine vesker. stogg eller gassar. Det skal og sikrast mot tilbakesuging og tilførsel frå andre vasskjelder og installasjonar i samsvar med bestemmelsane i § 11 i REN teknisk forskrift til plan- og bygningslova.