Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-06-26-1008
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse26.06.2014
Sist endret
EndrerFOR-2005-10-06-1126
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort31.07.2014   kl. 16.10
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Luster

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Luster kommune 26. juni 2014 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar i kommunane Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal og Luster.

For tettbygt område, kartfesta i kvar kommune,1 gjeld nærare avgrensingar omtalt i § 5 d, e, f og g. Kart ligg som vedlegg til forskrifta.

1For Luster kommune gjeld det Skjolden, Luster, Gaupne, Hafslo, Hestnes/Galden og Solvorn.
§ 3.Definisjonar

Uttrykk i forskrifta har denne tydinga:

1.Open brenning: all brenning som skjer utandørs
2.Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller fylkesmannen eller er godkjent brukt etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna følgjer av forskrifta § 5.

§ 5.Unnatak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate når det ikkje er brannfare eller fare/ulempe for folk som bur eller ferdast i området:

a)open brenning på grillar for matlaging, utepeisar og kaffibål. Å gjere opp bål i utmark/jf. kaffibål i pkt. a må ha løyve frå brannvesenet i perioden 15. april til 15. september,
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unnatak av impregnert og malt og overflatebehandla trevirke,
c)brenning av avispapir og liknande til opptenning i vedomn heime eller på hytta,
d)bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygt strok. (Forbod gjeld i kartfesta område). Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn,
e)St. Hansbål og Olsokbål1 utanfor tettbygt strok, under føresetnad at det vert brukt reint og tørt trevirke. (Forbod gjeld i kartfesta område). Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn,
f)ranke- og flatebrenning i skogbruket utanfor tettbygd strok. (Forbod gjeld i kartfesta område). Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn,
g)halmbrenning og kvistbrenning i jordbruket utanfor tettbygd strok. (Forbod gjeld i kartfesta område). Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn,
h)brannøvingar i regi av Sogn brann og redning IKS, inkludert fullskala øvingar med nedbrenning av bygning. Bestemminga gjeld for inntil to øvingsbrenningar pr. kommune pr. kalenderår. Bygningar skal vera miljøsanert før brenning og ureina oske skal samlast opp og leverast til godkjent mottak,
i)brannøvingsfeltet ved brannstasjonen til Sogn brann og redning IKS i Gaupne.
1Gjeld for Luster kommune.
§ 6.Dispensasjon

Mynde etter denne forskrifta er delegert til rådmannen.

Rådmannen eller den han vidaredelegerer til kan etter søknad i særlege høve dispensera frå forbodet i § 4.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert halde.

§ 8.Klage

Vedtak som administrasjonen gjer etter denne forskrifta kan påklagast.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjering i Norsk Lovtidend. Frå same tid vert forskrift 6. oktober 2005 nr. 1126 om open brenning av avfall i småomner, Luster kommune, Sogn og Fjordane oppheva.

Vedlegg: Kart

pdf.gif