Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Gjemnes kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2014-09-09-1257
PublisertII 2014 hefte 4
Ikrafttredelse09.09.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forGjemnes kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort09.10.2014   kl. 15.00
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Gjemnes

Heimel: Fastsett av Gjemnes kommunestyre 9. september 2014 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Formål

Føremålet med forskrifta er å hindre forureining og helseproblem, som følgje av open brenning og brenning av avfall.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld for open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor bustadområder i kommunen.

§ 3.Definisjonar av uttrykk i forskrifta
a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har godkjenning frå miljødirektoratet eller fylkesmannen eller er godkjent etter statlege forskrifter etter forureiningsloven.
c)Bustadområder: Byggeområde for bustader, jf. plan- og bygningsloven § 20-4 første ledd nr. 1.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av forskriftens § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning er likevel godkjent:

a)Open brenning frå grill, utepeis og kaffibål.
b)Brenning av avfallstrevirke i vedomn for varmeutnytting, med unnatak av impregnert og malt trevirke.
c)Bruk av avispapir og liknande til opptenning av vedomnar. Det er ikkje løyve til å kvitte seg med avfall på denne måten.
d)Brannøvingar i regi Gjemnes brannvesen, inkl. fullskala øvingar med nedbrenning av bygningar.
e)Brenning av sankthansbål, etter søknad til brannvesenet. Tillating til brenning blir gitt under følgjande føresetnader:
1)Bålarrangementet skal gjennomførast av ein ansvarleg person som brannvesenet godkjenner. Denne har ansvaret for at det ikkje oppstår brannfare grunna gnistar og nærliggande brennbart materiale, og har ansvaret for punkta nedanfor:
2)Sløkkeutstyr slik som hageslange eller bøtter med vatn skal være i beredskap.
3)All varme skal vera sløkt før den ansvarlege dreg frå bålplassen.
4)Til bålbrenninga må berre nyttast trematerialar, og ikkje gjenstandar eller stoff som ved brenning gjev vesentleg lukt eller sot.
5)Det blir ikkje gjeve løyve til avfallsbrenning.
6)Samtykke frå grunneigar skal innhentast.
7)Bålarrangementet må ikkje påføre nærliggande områder vesentlege ulemper.
f)Bråtebrenning og brenning av små mengder hageavfall utenfor tettbygd strøk om våren og der avstanden mellom boligene er større enn 100 meter.
§ 6.Dispensasjon

Brannsjefen kan etter søknad, i særlige høve gi dispensasjon frå forbodet i § 4.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at denne forskrift vert overhalden.

§ 8.Klage

Vedtak fatta av brannsjefen i kommunen i medhald av denne forskrifta kan klagast til formannskapet, eller fylkesmannen dersom vedtaket er fatta av kommunestyret.

§ 9.Straff

Brot på forskrifta kan medføre straffeansvar, sjå forureiningslovens § 78.

§ 10.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.