Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Vik kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-09-25-1326
PublisertII 2014 hefte 4
Ikrafttredelse30.10.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forVik kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2002-06-26-847
Kunngjort30.10.2014   kl. 15.45
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Vik

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vik kommunestyre 25. september 2014 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar i Vik.

For tettbygt område, kartfesta i kvar kommune, gjeld nærare avgrensingar omtalt i § 5 d, e, f, g. Kart ligg som vedlegg til forskrifta.

§ 3.Definisjonar

Uttrykk i forskrifta har denne tydinga:

1.Open brenning: all brenning som skjer utandørs
2.Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller fylkesmannen eller er godkjent brukt etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna følgjer av forskrifta § 5.

§ 5.Unnatak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate når det ikkje er brannfare eller fare/ulempe for folk som bur eller ferdast i området:

a)Open brenning på grillar for matlaging, utepeisar og kaffibål.

Å gjere opp bål i utmark/jf. kaffibål i pkt. a) må ha løyve frå brannvesenet i perioden 15 april til 15 september.

b)Brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unnatak av impregnert og malt trevirke og overflatebehandla trevirke.
c)Brenning av avispapir og liknande til opptenning i vedomn heime eller på hytta.
d)Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygt strok. (forbod gjeld i kartfesta område.)

Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn

d)Sankthansbål og olsokbål utanfor tettbygt strok, under føresetnad at det vert brukt reint og tørt trevirke. (Forbod gjeld i kartfesta område.) Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn.
f)Ranke- og flatebrenning i skogbruket på hogstfeltet og utanfor tettbygd strok.

(Forbod gjeld i kartfesta område.) Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 brannførebyggande tiltak og tilsyn.

g)Halmbrenning og kvistbrenning i jordbruket på jordbruksland og utanfor tettbygd strok.

(Forbod gjeld i kartfestaområde.) Brannvesenet skal varslast, jf. forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannførebyggande tiltak og tilsyn.

h)Brannøving i regi av Sogn brann og redning IKS, inklusiv fullskala nedbrenning av bygningar. Bestemminga gjeld for inntil to øvingsbrenningar pr. kalendarår pr. kommune.

Bygningar skal vera miljøsanert før brenning og ureina oske skal samlast opp og leverast til godkjent mottak.

i)Brannøvingsfeltet ved brannstasjon til Sogn brann og redning IKS i Gaupne.
§ 6.Dispensasjon

Mynde etter denne forskrifta er delegert til rådmannen.

Rådmannen eller den han vidaredelegerer til kan etter søknad i særlege høve dispensera frå forbodet i § 4.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert halde.

§ 8.Klage

Vedtak som administrasjonen gjer etter denne forskrifta kan påklagast.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjering i Norsk Lovtidend.

Kartvedlegg pdf.gif